< 2 Timothy 3 >
1 But know this, that in the last days terrible times will come.
Men dette skal du vita, at i dei siste dagar skal det koma vande tider.
2 For people will be lovers of self, lovers of money, boastful, arrogant, blasphemers, disobedient to parents, unthankful, unholy,
For folk skal vera sjølvkjære, pengekjære, storordige, stormodige, spottsame, ulyduge mot foreldre, utakksame, vanheilage,
3 unloving, unforgiving, slanderers, without self-control, brutal, hateful of good,
ukjærlege, upålitande, baktalande, umåtelege, umilde, utan kjærleik til det gode,
4 treacherous, reckless, conceited, lovers of pleasure rather than lovers of God;
svikefulle, framfuse, ovmodige, slike som elskar lysterne sine meir enn Gud,
5 holding a form of godliness, but having denied the power thereof. Turn away from these, also.
som hev skin av gudlegdom, men forneittar hans kraft. Vend deg frå desse!
6 For among them are those who crawl into households and take captive weak-willed women weighed down with sins, led away by various passions and pleasures,
For til deim høyrer dei som snikjer seg inn i husi og fangar kvinnfolk som er tyngde med synder og vert drivne av mangeslag lyster
7 always learning, and never able to come to the knowledge of the truth.
og alltid lærer og aldri kann koma til å kjenna sanningi.
8 Even as Jannes and Jambres opposed Moses, so do these also oppose the truth; people corrupted in mind, disapproved concerning the faith.
Som Jannes og Jambres stod imot Moses, so stend dei og imot sanningi, menneskje som er øydelagde i hugen, duglause i trui.
9 But they will proceed no further. For their folly will be evident to all, as theirs also was.
Men dei skal ikkje koma lenger; for deira fåvit skal verta audsynt for alle, liksom det og vart med hine.
10 But you did follow my teaching, conduct, purpose, faith, patience, love, steadfastness,
Men du hev fylgt etter mi læra, mi ferd, mitt forset, mi tru, mitt langmod, min kjærleik, mitt tolmod,
11 persecutions, and sufferings: those things that happened to me at Antioch, Iconium, and Lystra. I endured those persecutions. Out of them all the Lord delivered me.
mine forfylgjingar, mine lidingar, slike som møtte meg i Antiokia, i Ikonium, i Lystra; slike forfylgjingar hev eg halde ut, og Herren hev fria meg ut or deim alle.
12 Yes, and all who desire to live godly in Christ Jesus will suffer persecution.
Og alle som vil liva gudleg i Kristus Jesus, skal verta forfylgde.
13 But evil people and impostors will grow worse and worse, deceiving and being deceived.
Men vonde menneskje og slike som kverver syni på folk, gjeng fram til det som er verre, med di dei fører vilt og fer vilt.
14 But you remain in the things which you have learned and have been assured of, knowing from whom you have learned them.
Men du, vert du standande i det som du hev lært, og som du er yvertydd um, då du veit kven du hev lært det av,
15 From infancy, you have known the holy Scriptures which are able to make you wise for salvation through faith, which is in Christ Jesus.
og då du alt frå barndomen kjenner dei heilage skrifter som kann gjera deg vis til frelsa ved trui på Kristus Jesus.
16 All Scripture is God-breathed and profitable for teaching, for reproof, for correction, and for training in righteousness,
Heile skrifti er innanda av Gud og er dugleg til lærdom, til yvertyding, til rettleiding, til uppseding i rettferd,
17 that the person of God may be complete, thoroughly equipped for every good work.
so gudsmannen kann verta fullkomen, dugleg til all god gjerning.