< 2 Chronicles 7 >
1 Now when Solomon had made an end of praying, the fire came down from heaven, and consumed the burnt offering and the sacrifices; and the glory of YHWH filled the house.
Då Salomo hadde slutta bøni si, for det eld ned frå himmelen og åt upp brennofferet og slagtofferi, og Herrens herlegdom fyllte huset.
2 The priests could not enter into the house of YHWH, because the glory of YHWH filled YHWH's house.
Prestane kunde ikkje ganga inn i Herrens hus, for di Herrens herlegdom fyllte Herrens hus.
3 All the children of Israel looked on, when the fire came down, and the glory of YHWH was on the house; and they bowed themselves with their faces to the ground on the pavement, and worshiped, and gave thanks to YHWH, saying, "For he is good; for his loving kindness endures for ever."
Og då alle Israels-borni såg korleis elden for ned og Herrens herlegdom kom yver huset, då kasta dei seg på kne i den steinlagde garden med andlitet mot jordi og tilbad og lova Herren, for han er god, og hans miskunn varer æveleg.
4 Then the king and all the people offered sacrifice before YHWH.
Og kongen og heile folket og ofra slagtoffer for Herrens åsyn.
5 King Solomon offered a sacrifice of twenty-two thousand head of cattle, and a hundred and twenty thousand sheep. So the king and all the people dedicated God's house.
Og kong Salomo ofra tvo og tjuge tusund stykke storfe og hundrad og tjuge tusund stykke småfe til slagtoffer, og soleis vigde kongen og heile folket Guds hus.
6 The priests stood, according to their positions; the Levites also with instruments of music of YHWH, which David the king had made to give thanks to YHWH, when David praised by their ministry, saying "For his loving kindness endures for ever." The priests sounded trumpets before them; and all Israel stood.
Og prestarne stod på sine postar, og levitarne stod med Herrens spelgogner, som kong David hadde late gjera til å lova Herren for di hans miskunn varer æveleg, og dei førde fram Davids lovprisning, medan prestarne bles i lurarne midt imot deim, og heile Israel stod.
7 Moreover Solomon made the middle of the court holy that was before the house of YHWH; for there he offered the burnt offerings, and the fat of the peace offerings, because the bronze altar which Solomon had made was not able to receive the burnt offering, and the meal offering, and the fat.
Og Salomo vigde den midtre luten av tunet framfyre Herrens hus, for di han laut ofra brennoffer og feittstykki av takkofferi der; for koparaltaret som Salomo hadde gjort, kunde ikkje røma brennofferi, grjonofferi og feittstykki.
8 So Solomon held the feast at that time seven days, and all Israel with him, a very great assembly, from Lebo Hamath to the Wadi of Egypt.
På den tid høgtida Salomo helgi i sju dagar saman med heile Israel; det var ein ovstor møtelyd, like frå den staden der vegen gjeng til Hamat og til Egyptarlands-bekken.
9 On the eighth day they held a solemn assembly: for they kept the dedication of the altar seven days, and the feast seven days.
Og på den åttande dagen heldt dei ei stor samlingshøgtid; for dei høgtida altarvigsla i sju dagar og helgi i sju dagar.
10 On the three and twentieth day of the seventh month he sent the people away to their tents, joyful and glad of heart for the goodness that YHWH had shown to David, and to Solomon, and to Israel his people.
Og på den tri og tjugande dagen i den sjuande månaden let han folket fara heim, glade og velnøgde yver alt det gode som Herren hadde gjort mot David, tenaren sin, og imot Salomo og imot Israel, folket sitt.
11 Thus Solomon finished the house of YHWH, and the king's house: and he successfully completed all that came into Solomon's heart to make in the house of YHWH, and in his own house.
No var Salomo ferdig med å byggja Herrens hus og kongshuset; og alt det han hadde sett seg fyre at han vilde gjera med Herrens hus og sitt hus, det førde han til endes godt og vel.
12 YHWH appeared to Solomon by night, and said to him, "I have heard your prayer, and have chosen this place to myself for a house of sacrifice.
Då synte Herren seg for Salomo um natti og sagde til honom: «Eg hev høyrt bøni di og valt meg denne staden til offerstad for meg.
13 If I shut up the sky so that there is no rain, or if I command the locust to devour the land, or if I send a plague among my people;
Um eg let att himmelen, so regnet ikkje kjem, eller um eg byd engsprettorne å øyda landet, eller um eg sender farsott imot folket mitt,
14 then if my people who are called by my name will humble themselves, and pray, and seek my face, and turn from their wicked ways, then I will hear from heaven, and will forgive their sin, and will heal their land.
og folket mitt, som er uppkalla etter namnet mitt, då bøygjer seg og bed og søkjer mi åsyn og vender um frå si vonde ferd, då vil eg høyra frå himmelen og tilgjeva syndi deira og lækja landet deira.
15 Now my eyes shall be open, and my ears attentive, to the prayer that is made in this place.
No skal augo mine vera opne og øyro mine agta på bøni på denne staden.
16 For now have I chosen and made this house holy, that my name may be there forever; and my eyes and my heart shall be there perpetually.
No hev eg valt ut og helga dette huset til at namnet mitt skal bu der til æveleg tid, og augo mine og hjarta mitt skal vera der alltid.
17 As for you, if you will walk before me as David your father walked, and do according to all that I have commanded you, and will keep my statutes and my ordinances;
Um du no ferdast for mi åsyn soleis som David, far din, ferdast, so du gjer alt det som eg hev bode deg, og held lovorne og rettarne mine,
18 then I will establish the throne of your kingdom, according as I covenanted with David your father, saying, 'There shall not fail you a man to be ruler in Israel.'
so vil eg halde uppe kongsstolen din, soleis som eg hev lova David, far din det, då eg sagde: «Aldri skal det vanta deg ein mann til å råda yver Israel.»
19 But if you turn away, and forsake my statutes and my commandments which I have set before you, and shall go and serve other gods, and worship them;
Men dersom de snur meg ryggen og svik loverne og bodi mine, som eg hev lagt fram for dykk, og gjeng av stad og dyrkar framande gudar og bed til deim,
20 then I will pluck them up by the roots out of my land which I have given them; and this house, which I have made holy for my name, I will cast out of my sight, and I will make it a proverb and a byword among all peoples.
då vil eg jaga dykk burt ifrå landet mitt, som eg hev gjeve dykk, og dette huset, som eg hev helga til mitt namn, det vil eg føykja burt ifrå mi åsyn og gjera det til eit ordtøke og ei spott millom alle folk.
21 And this house, which is exalted, will become a heap of ruins. Everyone who passes by it will be astonished, and will say, 'Why has YHWH done this to this land, and to this house?'
Og yver dette huset, som var so høgreist, skal alle verta forfærde som gjeng framum det, når dei segjer: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
22 And they shall answer, 'Because they abandoned YHWH, the God of their fathers, who brought them forth out of the land of Egypt, and took other gods, worshiped them, and served them. Therefore he has brought all these disasters on them.'"
då skal dei svara: «For di dei vende seg ifrå Herren, sin fedregud, som førde deim ut or Egyptarland, og heldt seg til andre gudar, og bad til deim og tente deim. Difor hev Herren late alt dette vonde koma yver deim.»»