< 2 Chronicles 15 >

1 The Spirit of God came on Azariah the son of Oded:
Då kom Guds Ande yver Azarja Odedsson,
2 and he went out to meet Asa, and said to him, "Hear me, Asa, and all Judah and Benjamin. YHWH is with you, while you are with him; and if you seek him, he will be found by you; but if you forsake him, he will forsake you.
og han steig fram for Asa og sagde til honom: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de er med honom, og når de søkjer honom, då let han dykk finna seg; men um de vender dykk frå honom, då vender han seg frå dykk.
3 Now for a long time Israel was without the true God, and without a teaching priest, and without law.
I lange tider var Israel utan sann Gud, utan prest som lærde deim, og utan lov.
4 But when in their distress they turned to YHWH, the God of Israel, and sought him, he was found by them.
Men i trengsla si umvende dei seg til Herren, Israels Gud, og søkte honom, og han let deim finna seg.
5 In those times there was no peace to him who went out, nor to him who came in; but great troubles were on all the inhabitants of the lands.
I dei tider kunde ingen draga uskadd ut eller heim, for det var stor røra millom alle som budde i landi.
6 They were broken in pieces, nation against nation, and city against city; for God troubled them with all adversity.
Då vart dei sundstøytte, folk mot folk og by mot by; for Gud skræmde deim med alle slag trengslor.
7 But you be strong, and do not let your hands be slack; for your work shall be rewarded."
Men ver de frihuga og lat ikkje henderne siga; for dykkar verk skal få si løn!»
8 When Asa heard these words, and the prophecy of Azariah the son of Oded the prophet, he took courage and put away the abominations out of all the land of Judah and Benjamin and out of the cities which he had taken from the hill country of Ephraim; and he renewed the altar of YHWH, that was before the vestibule of YHWH.
Då Asa høyrde desse ordi og den spådomen som Azarja, son åt Oded, sagde fram, då tok han mod til seg og fekk burt dei ufysne styggetingi frå heile Judalandet og Benjaminslandet og frå dei byarne han hadde teke på Efraimsheidi; og han sette i stand Herrens altar framfyre Herrens forhall.
9 He gathered all Judah and Benjamin, and those who lived with them out of Ephraim and Manasseh, and out of Simeon: for they fell to him out of Israel in abundance, when they saw that YHWH his God was with him.
So stemnde han saman heile Juda og Benjamin og deim ifrå Efraim, Manasse og Simeon som budde hjå deim; for ei mengd ifrå Israel hadde gjenge yver til honom då dei såg at Herren, hans Gud, var med honom.
10 So they gathered themselves together at Jerusalem in the third month, in the fifteenth year of the reign of Asa.
Dei samla seg då i Jerusalem i den tridje månaden i det femtande styringsåret åt Asa.
11 They sacrificed to YHWH in that day, of the spoil which they had brought, seven hundred head of cattle and seven thousand sheep.
Og den dagen slagta dei offer for Herren av det herfanget dei hadde ført med seg, sju hundrad stykke storfe og sju tusund stykke småfe.
12 They entered into the covenant to seek YHWH, the God of their fathers, with all their heart and with all their soul;
Og dei gjorde ei pakt um at dei vilde søkja Herren, sin fedregud, av alt sitt hjarta og heile si sjæl,
13 and that whoever would not seek YHWH, the God of Israel, should be put to death, whether small or great, whether man or woman.
og at kvar den som ikkje søkte Herren, Israels Gud, han skulde lata livet, anten han var liten eller stor, mann eller kvinna.
14 They swore to YHWH with a loud voice, and with shouting, and with trumpets, and with cornets.
Soleis gav dei Herren eiden sin med høg røyst og med fagnadrop og med ljom av lurar og horn,
15 All Judah rejoiced at the oath; for they had sworn with all their heart, and sought him with their whole desire; and he was found of them: and YHWH gave them rest all around.
og heile Juda gledde seg yver den eiden, for dei hadde svore med heile sitt hjarta og søkte honom med all sin vilje; Og Herren let deim finna seg og gav landet fred til alle sidor.
16 Also Maacah, the mother of Asa the king, he removed from being queen, because she had made an abominable image for an Asherah; and Asa cut down her image, and made dust of it, and burnt it in the Kidron Valley.
Og jamvel Ma’aka, mor si, sette kong Asa av frå hennar dronningrang, av di ho hadde gjort eit styggjelegt bilæte for Astarte; han hogg ned det stygge bilætet, slo det i smulder og brende det i Kidronsdalen.
17 But the high places were not taken away out of Israel: nevertheless the heart of Asa was perfect all his days.
Men offerhaugarne fekk dei ikkje burt ifrå Israel; men like vel var hjarta til Asa heilstøypt so lenge han livde.
18 He brought into God's house the things that his father had dedicated, and that he himself had dedicated, silver, and gold, and vessels.
Heilaggåvorne åt far sin og heilaggåvorne sine eigne flutte han inn i Guds hus, sylv og gull og ymse ting.
19 There was no more war to the five and thirtieth year of the reign of Asa.
Det vart ingen ufred fyrr i det fem og trettiande styringsåret åt Asa.

< 2 Chronicles 15 >