< 1 Corinthians 11 >

1 Be imitators of me, even as I also am of Christ.
Vert mine etterfylgjarar, liksom eg fylgjer etter Kristus!
2 Now I praise you, that you remember me in all things, and hold firm the traditions, even as I delivered them to you.
Eg rosar dykk, brør, at de minnest meg i alle ting, og at de held fast på mine fyreskrifter, so som eg gav dykk deim.
3 But I would have you know that the head of every man is Christ, and the head of the woman is the man, and the head of Christ is God.
Men eg vil de skal vita, at hovudet for kvar mann er Kristus, og hovudet for kvinna er mannen, og hovudet for Kristus er Gud.
4 Every man praying or prophesying, having his head covered, dishonors his head.
Kvar mann som bed eller talar profetord og då hev noko på hovudet, han vanærar hovudet sitt.
5 But every woman praying or prophesying with her head unveiled dishonors her head. For it is one and the same thing as if she were shaved.
Men kvar kvinna som bed eller talar profetord utan hovudbunad, ho vanærar hovudet sitt; for det er eitt og det same som ho var raka.
6 For if a woman is not covered, let her also be shorn. But if it is shameful for a woman to be shorn or shaved, let her be covered.
For dersom ei kvinna ikkje brukar hovudbunad, so lat henne og klyppa av seg håret; men er det usømelegt for ei kvinna å klyppa eller raka av seg håret, so lat henne bruka hovudbunad!
7 For a man indeed ought not to have his head covered, because he is the image and glory of God, but the woman is the glory of the man.
For ein mann skal ikkje hava noko på hovudet, då han er Guds bilæte og æra; men kvinna er mannsens æra.
8 For man is not from woman, but woman from man;
For mannen er ikkje av kvinna, men kvinna av mannen.
9 for neither was man created for the woman, but woman for the man.
For mannen vart ikkje heller skapt for kvinna skuld, men kvinna for mannen skuld.
10 For this cause the woman ought to have authority on her head, because of the angels.
Difor skal kvinna hava lydskyldnads-merke på hovudet for englarne skuld.
11 Nevertheless, neither is the woman independent of the man, nor the man independent of the woman, in the Lord.
Men i Herren er korkje kvinna noko framfor mannen eller mannen noko framfor kvinna.
12 For as woman came from man, so a man also comes through a woman; but all things are from God.
For liksom kvinna er av mannen, so er og mannen ved kvinna; og alt er av Gud.
13 Judge for yourselves. Is it appropriate that a woman pray to God unveiled?
Døm hjå dykk sjølve! Er det sømelegt at ei kvinna bed til Gud utan hovudbunad?
14 Doesn't even nature itself teach you that if a man has long hair, it is a dishonor to him?
Lærer ikkje sjølve naturi dykk, at um ein mann let håret veksa langt, er det honom til vanæra,
15 But if a woman has long hair, it is a glory to her, for her hair is given to her for a covering.
men um ei kvinna let håret veksa langt, er det henne til æra? for det lange håret er gjeve henne til sveip.
16 But if anyone seems to be contentious, we have no such custom, neither do God's churches.
Men dersom nokon vil vera trættekjær, so hev ikkje me den sedvane, og ikkje Guds kyrkjelydar heller.
17 But in giving you this command, I do not praise you, that you come together not for the better but for the worse.
Men når eg fyreskriv dette, rosar eg ikkje at de kjem saman, ikkje til det betre, men til det verre.
18 For first of all, when you come together in the church, I hear that divisions exist among you, and I partly believe it.
For fyrst so høyrer eg, at når de kjem saman i kyrkjelyden, so er der usamnad hjå dykk, og eg trur det for ein deil.
19 For there also must be factions among you, that those who are approved may be revealed among you.
For det lyt vera serflokkar hjå dykk, so dei velrøynde kann verta openberre millom dykk.
20 When therefore you assemble yourselves together, it is not the Lord's supper that you eat.
Når de so kjem saman, vert det ikkje Herrens nattverd det et.
21 For in your eating each one takes his own supper first. One is hungry, and another is drunk.
For når de et, so tek kvar fyrst sin eigen mat, og den eine hungrar, men den andre fyller seg.
22 What, do you not have houses to eat and to drink in? Or do you despise God's church, and put them to shame who do not have? What should I tell you? Should I praise you? In this I do not praise you.
Hev de ikkje hus til å eta og drikka i? Eller vanvyrder de Guds kyrkja og vanærar deim som ingen ting hev? Kva skal eg segja dykk? Skal eg rosa dykk? I dette rosar eg dykk ikkje.
23 For I received from the Lord that which also I delivered to you, that the Lord Jesus on the night in which he was betrayed took bread.
For eg hev fenge frå Herren det som eg og hev yvergjeve dykk, at Herren Jesus, den natti han vart sviken, tok han eit brød,
24 When he had given thanks, he broke it, and said, "This is my body, which is for you. Do this in memory of me."
og takka og braut det og sagde: «Dette er min likam som er for dykk. Gjer dette til minne um meg!»
25 In the same way he also took the cup, after the meal, saying, "This cup is the new covenant in my blood. Do this, as often as you drink, in memory of me."
Like eins tok han og kalken etter kveldverden og sagde: «Denne kalk er den nye pakt i mitt blod. So ofte som de drikk av han, so gjer dette til minne um meg!»
26 For as often as you eat this bread and drink this cup, you proclaim the Lord's death until he comes.
For so ofte som de et dette brødet og drikk denne kalken, so forkynner de Herrens daude, til dess han kjem.
27 Therefore whoever eats this bread or drinks the Lord's cup in a manner unworthy will be guilty of the body and the blood of the Lord.
Difor, den som et brødet og drikk Herrens kalk uverdigt, han vert skuldig i Herrens likam og blod.
28 But let a person examine himself, and so let him eat of the bread, and drink of the cup.
Men kvart menneskje prøve seg sjølv, og so ete han av brødet og drikke av kalken!
29 For he who eats and drinks eats and drinks judgment to himself, if he does not discern the body.
For den som et og drikk, han et og drikk seg sjølv til dom, når han ikkje gjer skil på Herrens likam.
30 For this cause many among you are weak and sickly, and not a few sleep.
Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og mange sovnar av.
31 For if we discerned ourselves, we would not be judged.
Men dersom me dømde oss sjølve, vart me ikkje dømde.
32 But when we are judged, we are punished by the Lord, that we may not be condemned with the world.
Men når me vert dømde, vert me refste av Herren, so me ikkje skal verta fordømde saman med verdi.
33 Therefore, my brothers, when you come together to eat, wait one for another.
Difor, mine brør, når de kjem saman til å eta, so skift med kvarandre!
34 But if anyone is hungry, let him eat at home, lest your coming together be for judgment. The rest I will set in order whenever I come.
Men dersom nokon hungrar, so ete han heime, so de ikkje skal koma saman til dom. Det andre skal eg fyreskriva når eg kjem.

< 1 Corinthians 11 >