< Zephaniah 2 >
1 Gather yourselves together, yes, gather together, you nation that has no shame,
Samla dykk og sansa dykk, du folk som ikkje blygjest!
2 before the appointed time when the day passes as the chaff, before the fierce anger of the LORD comes on you, before the day of the LORD's anger comes on you.
fyrr rådgjerdi føder - som agner fer dagen fram - fyrr Herrens brennande vreide kjem yver dykk, fyrr Herrens vreide-dag kjem yver dykk.
3 Seek the LORD, all you humble of the land, who have kept his ordinances. Seek righteousness. Seek humility. It may be that you will be hidden in the day of the LORD's anger.
Søk Herren alle de audmjuke i landet, som held lovi hans! Søk rettferd, søk audmykt! Kann henda vert de då livde på Herrens vreide-dag!
4 For Gaza will be forsaken, and Ashkelon a desolation. They will drive out Ashdod at noonday, and Ekron will be rooted up.
For Gaza skal verta folketomt, Askalon til ei øydemark, Asdod-folket skal jagast ut midt på ljose dagen og Ekron rykkjast upp med rot.
5 Woe to the inhabitants of the sea coast, the nation of the Cherethites. The word of the LORD is against you, Canaan, the land of the Philistines. I will destroy you, that there will be no inhabitant.
Usæle dei som bur i bygdi utmed havet, kretarfolket. Herrens ord er yver deg, Kana’an, Filistarland. Ja, eg vil leggja deg i øyde, so ingen skal bu i deg.
6 The sea coast will be pastures, with cottages for shepherds and folds for flocks.
Og bygdi utmed havet skal liggja til hamnegang med gjætarbrunnar og sauegardar.
7 The coast will be for the remnant of the house of Judah. They will find pasture. In the houses of Ashkelon, they will lie down in the evening, for the LORD, their God, will visit them, and restore them.
Og leivningen av Judas hus skal få bygdi til sin lut, der skal dei hava beite. I Askalon-husi skal dei liggja um kvelden, når Herren, deira Gud, ser til deim, og vender deira lagnad.
8 I have heard the reproach of Moab, and the insults of the people of Ammon, with which they have reproached my people, and magnified themselves against their border.
Eg hev høyrt svivyrdingi frå Moab og spottordi frå Ammons-borni, som dei hev svivyrdt mitt folk med og briska seg mot landet deira.
9 Therefore as I live, says the LORD of hosts, the God of Israel, surely Moab will be as Sodom, and the people of Ammon as Gomorrah, a possession of nettles, and salt pits, and a perpetual desolation. The remnant of my people will plunder them, and the survivors of my nation will inherit them.
Difor, so visst som eg lever, segjer Herren, allhers drott, Israels Gud, skal det ganga Moab som Sodoma og Ammons-sønerne som Gomorra: Dei skal verta til netlemark, saltgruva og øydemark til æveleg tid. Resten av folket mitt skal plundra deim, leivningen av lyden min skal få deim til eiga.
10 This they will have for their pride, because they have reproached and magnified themselves against the people of the LORD of hosts.
Dette skal henda deim for deira storlæte, for di dei svivyrde og briska seg mot folket åt Herren, allhers drott.
11 The LORD will be awesome to them, for he will famish all the gods of the land. Men will worship him, everyone from his place, even all the shores of the nations.
Fæl skal Herren vera mot deim, for han skal øyda ut alle gudarne på jordi. Alle heidninglandi skal kasta seg ned for honom, kvar frå sin stad.
12 You Cushites also, you will be killed by my sword.
De og, ætiopar - gjenomstungne av sverdet mitt er dei.
13 He will stretch out his hand against the north, destroy Assyria, and will make Nineveh a desolation, as dry as the wilderness.
Han retter ut handi mot nord og tyner Assur og gjer Nineve til ei øydemark, til turre heidi.
14 Herds will lie down in the midst of her, all the animals of the nations. Both the pelican and the porcupine will lodge in its capitals. Their calls will echo through the windows. Desolation will be in the thresholds, for he has laid bare the cedar beams.
Hjorder skal lægra seg der inne, alle slag villdyr i flokk. Pelikan og bustyvel skal natta på sulehovudi der, fuglelåt høyrast i vindaugo, øyda bu på dørstokken, for cederpanelet hev han rive.
15 This is the joyous city that lived carelessly, that said in her heart, "I am, and there is none besides me." How she has become a desolation, a place for animals to lie down in. Everyone who passes by her will hiss, and shake their fists.
Dette er den jublande byen, som sat so trygt og sagde i sitt hjarta: «Eg og ingen annan!» Kor aud han er vorten, eit læger for villdyr! Kvar den som framum fer, blistrar og vinkar med handi.