< Psalms 71 >

1 In you, LORD, I take refuge. Never let me be disappointed.
Til deg, Herre, flyr eg, lat meg aldri verta til skammar!
2 Deliver me in your righteousness, and rescue me. Turn your ear to me, and save me.
Fria meg ut og berga meg ved di rettferd, bøyg ditt øyra til meg og frels meg!
3 Be to me a rock of refuge to which I may always go. Give the command to save me, for you are my rock and my fortress.
Ver meg eit berg til å bu på, der eg alltid kann koma! Du hev påbode frelsa for meg, for du er mitt fjell og mi festning.
4 Rescue me, my God, from the hand of the wicked, from the hand of the unrighteous and cruel man.
Min Gud, berga meg frå handi til den ugudlege, frå hans neve som er urettferdig og gjer valdsverk!
5 For you are my hope, LORD; my confidence from my youth.
For du er den eg vonar på, Herre, Herre, den eg set mi lit til alt frå ungdomen.
6 I have relied on you from the womb. From my mother's womb you are my strength. I will always praise you.
På deg hev eg studt meg alt frå morsfanget; du er den som drog meg ut or morslivet, um deg vil eg alltid syngja min lovsong.
7 I am a marvel to many, but you are my strong refuge.
Som eit under hev eg vore for mange; men du er mi sterke borg.
8 My mouth shall be filled with your praise, with your honor all the day.
Min munn er full av ditt lov, av di æra heile dagen.
9 Do not reject me in my old age. Do not forsake me when my strength fails.
Kasta meg ikkje burt i min alderdom, forlat meg ikkje når mi kraft vert til inkjes!
10 For my enemies talk about me. Those who watch for my soul conspire together,
For mine fiendar hev sagt um meg, og dei som lurar på mi sjæl, legg råder i hop,
11 saying, "God has forsaken him. Pursue and take him, for no one will rescue him."
og segjer: «Gud hev forlate honom; forfylg honom og tak honom, for det er ingen som bergar!»
12 God, do not be far from me. My God, hurry to help me.
Gud, ver ikkje langt frå meg! Min Gud, kom meg snart til hjelp!
13 Let my accusers be put to shame and consumed. Let them be covered with disgrace and scorn who want to harm me.
Lat deim som stend etter mitt liv, verta til skammar og ganga til grunnar! Lat deim som søkjer mi ulukka, verta klædde i spott og skam!
14 But I will always hope, and will add to all of your praise.
Men eg vil alltid venta, og stødt vil eg lova deg meir og meir.
15 My mouth will tell about your righteousness, and of your salvation all day, though I do not know its full measure.
Min munn skal fortelja um di rettferd, um di frelse all dagen, for eg veit ikkje tal på deim.
16 I will come with the mighty acts of the Lord GOD. I will make mention of your righteousness, even of yours alone.
Eg vil koma fram med Herrens, Herrens velduge verk, eg vil forkynna di rettferd, berre di.
17 God, you have taught me from my youth. Until now, I have declared your wondrous works.
Gud, du hev lært meg upp alt frå ungdomen, og til dessa kunngjer eg dine undergjerningar.
18 Yes, even when I am old and gray-haired, God, do not forsake me, until I have declared your strength to the next generation, your might to everyone who is to come.
Forlat meg då ikkje heller når eg vert gamall og grå, du Gud, til dess eg fær forkynna um din arm til ei onnor ætt, um di magt til kvar den som skal koma.
19 Your righteousness also, God, reaches to the heavens; you have done great things. God, who is like you?
Og di rettferd, Gud, når upp til det høge, du Gud, som hev gjort store ting, kven er som du?
20 You, who have shown us many and bitter troubles, you will let me live. You will bring us up again from the depths of the earth.
Du som hev late oss sjå mange trengslor og ulukkor, du vil gjera oss livande att og draga oss upp att or dypterne i jordi.
21 Increase my honor, and comfort me again.
Du vil lata meg veksa og vil venda um og trøysta meg.
22 I will also praise you with the harp for your faithfulness, my God. I sing praises to you with the lyre, Holy One of Israel.
So vil eg prisa deg med harpespel, din truskap, min Gud! Eg vil syngja deg lov med cither, du Israels Heilage.
23 My lips shall shout for joy. My soul, which you have redeemed, sings praises to you.
Mine lippor skal fegnast når eg syng deg lov, og mi sjæl, som du hev løyst ut.
24 My tongue will also talk about your righteousness all day long, for they are disappointed, and they are confounded, who want to harm me.
Ogso tunga mi skal heile dagen kveda ut di rettferd, for dei hev vorte til skam og spott, dei som søkjer mi ulukka.

< Psalms 71 >