< Numbers 3 >

1 Now these are the generations of Aaron and Moses in the day that the LORD spoke with Moses in Mount Sinai.
No skal me nemna ætti åt Aron og Moses som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinaifjellet:
2 These are the names of the sons of Aaron: Nadab the firstborn, and Abihu, Eleazar, and Ithamar.
Sønerne hans Aron heitte Nadab - han var den eldste - og Abihu og Eleazar og Itamar.
3 These are the names of the sons of Aaron, the priests who were anointed, whom he consecrated to minister in the priest's office.
Det var namni på Arons-sønerne, dei som vart salva til prestar og innsette i preste-embættet.
4 Nadab and Abihu died before the LORD, when they offered strange fire before the LORD, in the wilderness of Sinai, and they had no children. Eleazar and Ithamar ministered in the priest's office in the presence of Aaron their father.
Men Nadab og Abihu døydde for Herrens åsyn, då dei bar uvigd eld fram for Herren på Sinaiheidi, og dei hadde ingi søner. Sidan stod Eleazar og Itamar fyre prestetenesta, under Arons, far sin’s, augo.
5 The LORD spoke to Moses, saying,
Og Herren tala til Moses, og sagde:
6 "Bring the tribe of Levi near, and set them before Aaron the priest, that they may minister to him.
«Lat Levi-ætti koma og ganga fram for Aron, øvstepresten; dei skal vera honom til hjelp.
7 They shall keep his requirements, and the requirements of the whole congregation before the Tent of Meeting, to do the service of the tabernacle.
Dei skal syta for det som han og heile lyden treng når dei stend framanfor møtetjeldet, og greida alt arbeidet i gudshuset.
8 They shall keep all the furnishings of the Tent of Meeting, and the obligations of the children of Israel, to do the service of the tabernacle.
Og dei skal taka vare på alt det som høyrer til møtetjeldet, og gjera alt som skal gjerast for Israels-folket; for det er dei som skal greida alt arbeidet i gudhuset.
9 You shall give the Levites to Aaron and to his sons. They are wholly given to him on the behalf of the children of Israel.
Du skal gjeva levitarne til Aron og sønerne hans: dei skal vera ei gåva til honom frå Israels-folket.
10 And you shall appoint Aaron and his sons, and they shall attend to their priesthood; but the unauthorized person who comes near shall be put to death."
Og Aron og sønerne hans skal du setja til å styra preste-embættet; kjem nokon annan innåt, so skal han lata livet.»
11 The LORD spoke to Moses, saying,
Og Herren tala meir til Moses, og sagde:
12 "Look, I have taken the Levites from among the children of Israel instead of all the firstborn who open the womb among the children of Israel; and the Levites shall be mine:
«Sjå no hev eg sjølv teke ut levitarne or Israels-lyden i staden for alle dei frumborne, dei som kjem fyrst frå morsliv, hjå Israels-folket: levitarne skal vera mine.
13 for all the firstborn are mine. On the day that I struck down all the firstborn in the land of Egypt I made holy to me all the firstborn in Israel, both man and animal. They shall be mine. I am the LORD."
For mine er alle dei frumborne. Den dagen eg slo i hel alt som var frumbore i Egyptarlandet, vigde eg åt meg alt som er frumbore hjå Israel, både folk og fe; meg høyrar det til, meg, Herren.»
14 The LORD spoke to Moses in the wilderness of Sinai, saying,
Og Herren tala atter til Moses på Sinaiheidi, og sagde:
15 "Count the descendants of Levi by their fathers' houses, by their families. You shall count every male from a month old and upward."
«Du skal mynstra Levi-sønerne etter ætter og ættgreiner, og alle karfolk som er yver ein månad gamle, skal du skriva inn i manntalet.»
16 Moses numbered them according to the word of the LORD, as he was commanded.
So mynstra Moses deim etter Herrens ord, so han var fyresagd.
17 These were the sons of Levi by their names: Gershon, and Kohath, and Merari.
Sønerne hans Levi heitte Gerson og Kahat og Merari.
18 These are the names of the sons of Gershon by their families: Libni and Shimei.
Og sønerne hans Gerson med ættgreinene deira heitte Libni og Sime’i.
19 The sons of Kohath by their families: Amram, and Izhar, Hebron, and Uzziel.
Og sønerne hans Kahat med ættgreinene deira, det var Amram og Jishar og Hebron og Uzziel.
20 The sons of Merari by their families: Mahli and Mushi. These are the families of the Levites according to their fathers' houses.
Og sønerne hans Merari med ættgreinene deira, det var Mahli og Musi. Dette var Levi-ætterne med greinerne deira.
21 Of Gershon was the family of the Libnites, and the family of the Shimeites: these are the families of the Gershonites.
Frå Gerson er Libni-ætti og Some’i-ætti; det er dei me kallar Gersons-ætterne.
22 Those who were numbered of them, according to the number of all the males, from a month old and upward, even those who were numbered of them were seven thousand five hundred.
Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det sju tusund og fem hundrad mann.
23 The families of the Gershonites shall camp behind the tabernacle westward.
Gersons-ætterne hadde lægret attanfor gudshuset, i vest.
24 The prince of the fathers' house of the Gershonites shall be Eliasaph the son of Lael.
Og hovdingen yver Gersons-greini var Eljasaf, son åt Lael.
25 The duty of the sons of Gershon in the Tent of Meeting shall be the tabernacle, and the tent, its covering, and the screen for the door of the Tent of Meeting,
Det som Gersons-ætterne skulde hava umsut med i møtetjeldet, det var sjølve tjeldet: åklædetæpi og raggetæpi og tekkjet yver deim, og tæpet til møtetjelddøri,
26 and the curtaining of the court, and the screen for the door of the court, which is by the tabernacle, and around the altar, and its cords for all of its service.
og lereftsgarden kring tunet, og tæpet i porten til tunet kring gudshuset og altaret, og togi som høyrde til, og alt som skulde gjerast med det.
27 Of Kohath was the family of the Amramites, and the family of the Izharites, and the family of the Hebronites, and the family of the Uzzielites: these are the families of the Kohathites.
Frå Kahat er Amrams-ætti komi, og Jishars-ætti, og Hebrons-ætti, og Uzziels-ætti; det er dei me kallar Kahats-ætterne.
28 According to the number of all the males, from a month old and upward, there were eight thousand six hundred, keeping the requirements of the sanctuary.
Då dei var innskrivne i manntalet - alle karfolk yver ein månad gamle - so var dei åtte tusund og tri hundrad mann, som skulde taka vare på dei heilage tingi.
29 The families of the sons of Kohath shall camp on the south side of the tabernacle.
Kahats-ætterne hadde lægret sitt på sudsida av gudshuset.
30 The prince of the fathers' house of the families of the Kohathites shall be Elizaphan the son of Uzziel.
Hovdingen yver Kahats-ætti og greinerne hennar var Elisafan, son åt Uzziel.
31 Their duty shall be the ark, the table, the lamp stand, the altars, the vessels of the sanctuary with which they minister, and the screen, and all its service.
Og det dei skulde hava umsut med, var lovtavlekista og bordet og ljosestaken og altari og forhenget, og dei heilage gognerne som dei hadde til gudstenesta, og alt som skulde gjerast med det.
32 Eleazar the son of Aaron the priest shall be chief of the leaders of the Levites, with the oversight of those who keep the requirements of the sanctuary.
Den høgste hovdingen i Levi-ætti var Eleazar, son åt Aron, øvstepresten. Han hadde tilsynet med deim som gjorde alt som skulde gjerast i heilagdomen.
33 Of Merari was the family of the Mahlites, and the family of the Mushites. These are the families of Merari.
Frå Merari er Mahli-ætti og Musi-ætti komne; det er dei me kallar Merari-ætterne.
34 Those who were numbered of them, according to the number of all the males, from a month old and upward, were six thousand two hundred.
Då dei var mynstra, og alle karfolk yver ein månad gamle var innskrivne i manntalet, so var det seks tusund og tvo hundrad mann.
35 The prince of the fathers' house of the families of Merari was Zuriel the son of Abihail. They shall camp on the north side of the tabernacle.
Hovdingen yver Merari-ætti og greinerne hennar var Suriel, son åt Abiha’il. Dei hadde lægret sitt på nordsida av gudshuset.
36 The appointed duty of the sons of Merari shall be the tabernacle's boards, its bars, its pillars, its sockets, all its instruments, all its service,
Det som Merari-sønerne var sette til, det var å hava umsut med plankarne i huset, og tverstokkarne og stolparne og stabbarne, og all reidskapen, og alt som skulde gjerast med det,
37 the pillars of the court around it, their sockets, their pins, and their cords.
og stolparne til tungarden, med stabbarne og pålarne og togi som høyrde til.
38 Those who camp before the tabernacle eastward, in front of the Tent of Meeting toward the sunrise, shall be Moses, and Aaron and his sons, keeping the requirements of the sanctuary for the duty of the children of Israel. The stranger who comes near shall be put to death.
Framanfor gudshuset, mot aust, midt framfor møtetjeldet, på solsida, der hadde Moses og Aron og sønerne hans lægret sitt. Dei var det som bar umsut for alt som skulde gjerast i heilagdomen, alt som skulde gjerast for Israels-sønerne; kom nokon annan innåt, so laut han lata livet.
39 All who were numbered of the Levites, whom Moses and Aaron numbered at the commandment of the LORD, by their families, all the males from a month old and upward, were twenty-two thousand.
Dei som vart talde i Levi-ætti, dei som Moses og Aron talde, ætt for ætt, etter Herrens ord - alle karfolk yver ein månad gamle - var i alt tvo og tjuge tusund mann.
40 The LORD said to Moses, "Number all the firstborn males of the children of Israel from a month old and upward, and take the number of their names.
Og Herren sagde til Moses: «Tel alle frumborne karfolk av Israels-lyden som er yver ein månaden gamle, og skriva deim inn i manntalet,
41 You shall take the Levites for me (I am the LORD) instead of all the firstborn among the children of Israel; and the livestock of the Levites instead of all the firstborn among the livestock of the children of Israel."
og lat so meg, Herren, få levitarne i staden for deim, og feet åt levitarne i staden for alt det frumborne feet hjå Israels-folket.»
42 Moses numbered, as the LORD commanded him, all the firstborn among the children of Israel.
So talde Moses alle dei frumborne Israels-sønerne, som Herren hadde sagt med honom.
43 All the firstborn males according to the number of names, from a month old and upward, of those who were numbered of them, were twenty-two thousand two hundred seventy-three.
Og då han hadde skrive upp namni på alle frumborne karfolk som var yver ein månad gamle, og rekna deim i hop, so var talet tvo og tjuge tusund og tvo hundrad og tri og sytti.
44 The LORD spoke to Moses, saying,
Då sagde Herren til Moses:
45 "Take the Levites instead of all the firstborn among the children of Israel, and the livestock of the Levites instead of their livestock; and the Levites shall be mine. I am the LORD.
«Tak levitarne i staden for alle dei frumborne Israels-sønerne, og feet åt levitarne i staden for feet deira; og levitarne skal høyra meg til, meg, Herren.
46 For the redemption of the two hundred seventy-three of the firstborn of the children of Israel, who exceed the number of the Levites,
Og i utløysnad for dei tvo hundrad og tri og sytti som det er fleire frumborne israelitar enn levitar,
47 you shall take five shekels apiece for each one; after the shekel of the sanctuary you shall take them (the shekel is twenty gerahs):
skal du taka fem dalar for kvar; dei skal du taka i heilag mynt, etter tjuge gera i dalaren,
48 and you shall give the money, with which the remainder of them is redeemed, to Aaron and to his sons."
og pengarne skal du gjeva til Aron og sønerne hans i utløysnad for dei frumborne som er yver talet.»
49 Moses took the redemption money from those who exceeded the number of those who were redeemed by the Levites;
So fekk Moses løysepengarne for dei som var att av dei frumborne Israels-sønerne, då dei hine var utløyste med levitarne;
50 from the firstborn of the children of Israel he took the money, one thousand three hundred sixty-five shekels, after the shekel of the sanctuary:
av desse same frumborne Israels-borni fekk han pengarne - det var eit tusund og tri hundrad og fem og seksti dalar i heilag mynt -
51 and Moses gave the redemption money to Aaron and to his sons, according to the word of the LORD, as the LORD commanded Moses.
og han gav deim til Aron og sønerne hans etter Herrens ord; for so hadde Herren sagt med honom.

< Numbers 3 >