< Micah 2 >
1 Woe to those who devise iniquity and work evil on their beds. When the morning is light, they practice it, because it is in the power of their hand.
Usæle dei som tenkjer ut urett og fyrebur vondt, med dei ligg på lega si. Straks det lyser av dag, set dei det i verk! for di det stend i deira magt.
2 They covet fields, and seize them; and houses, and take them away: and they oppress a man and his house, even a man and his heritage.
Og dei lystar etter annan manns åkrar og ranar deim, etter hus og tek deim. Dei gjer vald både mot mannen og huset hans, både mot bonden og eigedomen hans.
3 Therefore thus says the LORD: "Look, I am planning against these people a disaster, from which you will not remove your necks, neither will you walk haughtily; for it is an evil time.
Difor taler Herren soleis: Sjå, eg vil tenkja ut det som vondt er imot denne ætti, og de skal ikkje få til å smetta halsarne dykkar utor eller ganga so bratte i nakken heretter. For det vert ei vond tid.
4 In that day they will take up a parable against you, and lament with a doleful lamentation, saying, 'We are utterly ruined. My people's possession is divided up. Indeed he takes it from me and assigns our fields to traitors.'"
Den dagen skal sume kveda ei nidvisa um dykk og sume syngja ein syrgjesong, og dei skal segja: «No er det slutt, » segjer dei, «reint til avgrunns me gjekk. No skifter han arven ut som folket mitt fekk. Sjå, kor han tek han ifrå meg! Gardarne våre no eiga skal folk som burt ifrå Herren fall.»
5 Therefore you will have no one who divides the land by lot in the assembly of the LORD.
So skal du ingen hava som strekkjer mæletråd kring jord i Herrens lyd.
6 "Do not prophesy." They prophesy. "Do not prophesy about these things. Disgrace won't overtake us."
«Haldt upp med denne preikingi!» So preikar dei. «Um slikt skal dei ikkje preika! Det er då ikkje måte på hædingsord!»
7 Shall it be said, O house of Jacob: "Is the Spirit of the LORD angry? Are these his doings? Do not my words do good to him who walks blamelessly?"
Er dette sømeleg tale, du Jakobs hus? Er Herren kanskje brålyndt? Hev gjerningarne hans synt noko slikt? Er ikkje mykje heller ordi mine gode imot den som fer reideleg åt?
8 But lately my people have risen up as an enemy. You strip the robe and clothing from those who pass by without a care, returning from battle.
Men alt lenge hev no folket mitt reist seg imot meg som uvenerne mine: De dreg kåpa av klædi på folk som fredsame gjeng vegen sin framum, og ikkje vil vita av strid.
9 You drive the women of my people out from their pleasant houses; from their young children you take away my blessing forever.
Kvinnorne i folket mitt driv de ut ifrå heimarne deira, som var gleda deira; frå borni deira tek de for alle tider prydnaden min.
10 Arise, and depart. For this is not your resting place, because of uncleanness that destroys, even with a grievous destruction.
Upp med dykk og gakk dykkar veg! For dette er ikkje nokon kvilestad, for den sulking skuld som valdar tyning, ja, skræmeleg tyning.
11 If a man walking in a spirit of falsehood lies: "I will prophesy to you of wine and of strong drink;" he would be the prophet of this people.
Kom ein med vind og svik og laug og sagde: «Eg vil preika for deg um vin og sterk drykk, » sjå det vilde vera ein preikar for dette folket!
12 I will surely assemble, Jacob, all of you; I will surely gather the remnant of Israel; I will put them together as the sheep of Bozrah, as a flock in the midst of their pasture; they will swarm with people.
Samla, ja, samla vil eg deg, Jakob, so mange du er; sanka, ja, sanka eg leivningen av Israel. Eg vil føra deim saman som sauer til ei kvi, som ein buskap til sitt beite, so det vert dyn av menneskje.
13 The breaker goes up before them. They break through the gate, and go out. And their king passes on before them, with the LORD at their head.
Vegbrøytaren fer fyre deim; dei bryt seg igjenom og stimar fram gjenom grindi og slepp ut; kongen deira fer fyre deim, og Herren er i brodden for deim.