< Job 30 >
1 "But now those who are younger than I have me in derision, whose fathers I would have disdained to put with my sheep dogs.
Men no er eg til spott for deim som yngre er av år enn eg; eg deira feder ikkje fann verdige plass hjå gjætarhunden.
2 Of what use is the strength of their hands to me, men in whom ripe age has perished?
Magtlause er og deira hender, og deira saft og kraft er burte;
3 They are gaunt from lack and famine. They gnaw the dry ground, in the gloom of waste and desolation.
Dei magre er av naud og svolt, dei gneg i turre øydemarki som alt i går var reine audni,
4 They pluck salt herbs by the bushes. The roots of the broom are their food.
og plukkar melde millom kjørri og hev til føda einerot.
5 They are driven out from the midst of men. They cry after them as after a thief;
Frå folket vert dei jaga burt, fær tjuvemann slengt etter seg.
6 So that they dwell in frightful valleys, and in holes of the earth and of the rocks.
Dei gøymer seg i fæle gil, i holor uti jord og fjell;
7 Among the bushes they bray; and under the nettles they are gathered together.
og millom buskor skrålar dei og samlast under netlerunnar;
8 They are children of fools, yes, children of base men. They were flogged out of the land.
ei ætt av dårar og namnlause som ein helst piskar ut or landet.
9 "Now I have become their song. Yes, I am a byword to them.
No er eg slengjestev for deim, eit ordtak hev for deim eg vorte.
10 They abhor me, they keep their distance from me, and do not hesitate to spit in my face.
Dei styggjest ved meg, held seg burte og sparer ei å sputta på meg.
11 For he has untied his cord, and afflicted me; and they have thrown off restraint before me.
Utan all blygd dei krenkjer meg, hiv av kvart band framfor mi åsyn.
12 On my right hand rise the rabble. They thrust aside my feet, They cast up against me their ways of destruction.
Eit utjo reiser seg til høgre, dei spenner mine føter burt, og legg ulukke-vegar mot meg.
13 They mar my path, They set forward my calamity, without anyone's help.
Og stigen min den bryt dei upp og hjelper til med mi ulukka, dei som er hjelpelause sjølv.
14 As through a wide breach they come, in the midst of the ruin they roll themselves in.
Som gjenom vide murbrot kjem dei, velter seg fram med bråk og brak.
15 Terrors have turned on me. They chase my honor as the wind. My welfare has passed away as a cloud.
Imot meg vender rædslor seg, mi æra elter dei som stormen, mi velferd kvarv som lette sky.
16 "Now my soul is poured out within me. Days of affliction have taken hold on me.
No jamrar seg mi sjæl i meg; usæle dagar held meg fast.
17 In the night season my bones are pierced in me, and the pains that gnaw me take no rest.
Natti gneg mine knokar av meg, min verk, mi pina aldri søv.
18 By great force is my garment disfigured. It binds me about as the collar of my coat.
Ved allmagt vert min klædnad vanstelt, heng tett som skjortekragen kring meg.
19 He has cast me into the mire. I have become like dust and ashes.
Han kasta meg i skarnet ned; og eg ser ut som mold og oska.
20 I cry to you, and you do not answer me. I stand up, and you gaze at me.
Eg skrik til deg, du svarar ikkje, eg stend der, og du stirer på meg.
21 You have turned to be cruel to me. With the might of your hand you persecute me.
Hard hev du vorte imot meg, du stri’r mot meg med veldug hand.
22 You lift me up to the wind, and drive me with it. You dissolve me in the storm.
Du let meg fara burt i stormen, du let meg tynast i hans brus.
23 For I know that you will bring me to death, To the house appointed for all living.
Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt.
24 "However doesn't one stretch out a hand in his fall? Or in his calamity therefore cry for help?
Kven kavar ikkje når han søkk? Kven ropar ikkje ut i fåren?
25 Did I not weep for him who was in trouble? Wasn't my soul grieved for the needy?
Gret eg’kje sjølv med den fortrykte, og syrgde yver fatigmann?
26 When I looked for good, then evil came; When I waited for light, there came darkness.
Eg vona godt, men det kom vondt, eg venta ljos, men myrker kom.
27 My heart is troubled, and doesn't rest. Days of affliction have come on me.
Det kokar allstødt i mitt indre, ulukkedagen møter meg.
28 I go mourning without the sun. I stand up in the assembly, and cry for help.
Svart gjeng eg kring, men ikkje solbrend, eg ris i flokken, skrik um hjelp.
29 I am a brother to jackals, and a companion to ostriches.
Bror åt sjakalar hev eg vorte, til strussar eg ein frende er.
30 My skin grows black and peels from me. My bones are burned with heat.
Mi hud er svart og flaknar av; det brenn i mine bein av hite.
31 Therefore my harp has turned to mourning, and my pipe into the voice of those who weep.
Min cither hev eg bytt i sorg, og fløyta mi med gråtar-mål.