< Hebrews 8 >

1 Now in the things which we are saying, the main point is this. We have such a high priest, who sat down on the right hand of the throne of the Majesty in the heavens,
Men ei hovudsak i det som her vert sagt, er: Me hev ein sovoren øvsteprest som hev sett seg ved høgre sida åt kongsstolen til Majestæten i himlarne,
2 a servant of the sanctuary, and of the true tabernacle, which the Lord set up, and not man.
med presteleg tenesta i heilagdomen, det sanne tjeldet, som Herren hev reist og ikkje eit menneskje.
3 For every high priest is appointed to offer both gifts and sacrifices. Therefore it is necessary that this high priest also have something to offer.
For kvar ein øvsteprest vert innsett til å bera fram både gåvor og slagtoffer; difor er det naudsynlegt at denne og hev noko som han kann bera fram.
4 Now if he were on earth, he would not be a priest at all, seeing there are priests who offer the gifts according to the Law;
For var han no på jordi, so var han ikkje ein gong prest; for det finst prestar som ber fram gåvorne etter lovi,
5 who serve a copy and shadow of the heavenly things, even as Moses was warned when he was about to make the tabernacle, for he said, "See that you make everything according to the pattern that was shown to you on the mountain."
dei som tener ei likning og ein skugge av det himmelske, etter den fyreskrift Moses fekk då han skulde laga tjeldet; for han segjer: «Sjå til at du fær gjort alt etter det fyrebilætet som vart synt deg på fjellet!»
6 But now he has obtained a more excellent ministry, by so much as he is also the mediator of a better covenant, which on better promises has been given as Law.
Men no hev han fenge so mykje betre prestetenesta, som det og er ei hævare pakt han er millommann for, med di ho er grunnlagd på hævare lovnader.
7 For if that first had been faultless, then no place would have been sought for a second.
For hadde den fyrste vore ulastande, so var det ikkje søkt rom åt ei onnor.
8 For finding fault with them, he said, "Look, the days are coming," says the Lord, "when I will make a new covenant with the house of Israel and with the house of Judah;
For det er lastord han talar til deim når han segjer: «Sjå, det kjem dagar, segjer Herren, då eg vil gjera ei ny pakt med Israels hus og Judas hus,
9 not according to the covenant that I made with their fathers, in the day that I took them by the hand to lead them out of the land of Egypt; for they did not continue in my covenant, and I disregarded them," says the Lord.
ikkje etter den pakti som eg gjorde med federne deira den dagen då eg tok deim i handi og leide deim ut or Egyptarland; for dei vart ikkje standande i mi pakt, og so brydde eg meg ikkje um deim, segjer Herren.
10 "For this is the covenant that I will make with the house of Israel. After those days," says the Lord; "I will put my laws into their mind, I will also write them on their heart. I will be their God, and they will be my people.
For dette er den pakti som eg vil gjera med Israels hus etter dei dagarne, segjer Herren: Eg vil gjeva loverne mine i hugen deira og skriva deim inn i hjarto deira, og eg vil vera deira Gud, og dei skal vera mitt folk,
11 They will not teach each one his fellow citizen, and each one his brother, saying, 'Know the Lord,' for all will know me, from the least of them to the greatest of them.
og dei skal ikkje læra kvar sin landsmann og kvar sin bror og segja: «Kjenn Herren!» for dei skal alle saman kjenna meg, frå den minste til den største av deim.
12 For I will be merciful to their unrighteousness. I will remember their sins no more."
For eg vil vera nådig mot misgjerderne deira, og synderne deira vil eg ikkje lenger koma i hug.»
13 In that he says, "new," he has made the first old. But that which is becoming old and grows aged is near to vanishing away.
Med di han segjer: «ei ny», hev han dømt den fyrste som gamall; men det som vert gamalt og foraldra, er nær ved å kverva burt.

< Hebrews 8 >