< Exodus 40 >

1 The LORD spoke to Moses, saying,
Då tala Herren til Moses, og sagde:
2 "On the first day of the first month you shall raise up the tabernacle of the Tent of Meeting.
«Den fyrste dagen i den fyrste månaden skal du reisa møtetjeldhuset.
3 You shall put the ark of the testimony in it, and you shall veil the ark with the curtain.
Der skal du setja lovtavlekista, og hengja forhenget attfor kista.
4 You shall bring in the table, and set in order the things that are on it. You shall bring in the lampstand, and light its lamps.
So skal du setja inn bordet, og på det skal du skipa det som på det skal vera. Og du skal bera inn ljosestaken, og setja upp lamporne på honom.
5 You shall set the golden altar for incense before the ark of the testimony, and put the screen of the door to the tabernacle.
Det gullklædde røykjelsesaltaret skal du setja framanfor lovtavlekista, og so skal du hengja upp dørtæpet i husdøri.
6 You shall set the altar of burnt offering before the door of the tabernacle of the Tent of Meeting.
Brennofferaltaret skal du setja framanfor døri til møtetjeldhuset,
7 You shall set the basin between the Tent of Meeting and the altar, and shall put water in it.
og balja skal du setja millom møtetjeldet og altaret, og hava vatn upp i henne,
8 You shall set up the court around it, and hang up the screen of the gate of the court.
og so skal du setja upp garden kring tunet, og hengja upp tæpet i tunporten.
9 You shall take the anointing oil, and anoint the tabernacle, and all that is in it, and shall make it holy, and all its furniture: and it will be holy.
Sidan skal du taka salvingsoljen, og salva huset og alt som i det er, og vigsla både huset og all bunaden i det, so det vert heilagt.
10 You shall anoint the altar of burnt offering, with all its vessels, and sanctify the altar: and the altar will be most holy.
Og du skal salva brennofferaltaret og alt det som til høyrer, og vigsla altaret, og då skal altaret vera høgheilagt.
11 You shall anoint the basin and its base, and sanctify it.
Og du skal salva balja og foten ho stend på og vigsla henne.
12 You shall bring Aaron and his sons to the door of the Tent of Meeting, and shall wash them with water.
So skal du kalla Aron og sønerne hans burtåt møtetjelddøri, og två deim med vatn,
13 You shall put on Aaron the holy garments; and you shall anoint him, and sanctify him, that he may minister to me in the priest's office.
og du skal klæda Aron i den heilage klædebunaden, og salva honom og vigsla honom, og so skal han vera prest for meg.
14 You shall bring his sons, and put coats on them.
Og sønerne hans skal du og kalla fram og klæda deim med underkjolar,
15 You shall anoint them, as you anointed their father, that they may minister to me in the priest's office. Their anointing shall be to them for an everlasting priesthood throughout their generations."
og salva deim, liksom du salva far deira, so dei kann vera prestar for meg, og salvingi skal gjeva deim retten til preste-embættet, mann etter mann, i all æva.»
16 Moses did so. According to all that the LORD commanded him, so he did.
Og Moses gjorde so: han gjorde i alle måtar som Herren sagde honom fyre.
17 It happened in the first month in the second year, on the first day of the month, that the tabernacle was set up.
Den fyrste månaden av det andre året, den fyrste dagen i månaden, var det at huset vart reist.
18 And Moses erected the tabernacle, and put its sockets in place, and set up its hooks and its boards, and put in its bars, and he erected its pillars.
Då reiste Moses huset: han sette ned stabbarne og reiste upp plankarne, lagde inn tverstokkarne og sette upp stolparne,
19 He spread the covering over the tent, and put the roof of the tabernacle above on it, as the LORD commanded Moses.
so spana han ut tjeldet yver huset, og lagde tjeldtaket ovanpå, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
20 He took and put the testimony into the ark, and set the poles on the ark, and put the mercy seat above on the ark.
So tok han og lagde lovtavlorne ned i kista, og sette stengerne i, og sette loket yver kista.
21 He brought the ark into the tabernacle, and set up the curtain as the screen, and concealed the ark of the testimony, as the LORD commanded Moses.
Og kista sette han inn i gudshuset, og feste upp forhengtæpet, so det hekk attfor lovtavlekista, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
22 He put the table in the Tent of Meeting, on the side of the tabernacle northward, outside of the veil.
So sette han bordet i møtetjeldet, innåt nørdre husveggen, utanfor forhenget,
23 He set the bread in order on it before the LORD, as the LORD commanded Moses.
og skipa brødi i rader på det for Herrens andlit, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
24 He put the lampstand in the Tent of Meeting, opposite the table, on the side of the tabernacle southward.
Ljosestaken sette han og i møtetjeldet, midt for bordet, innmed søre husveggen,
25 He lit the lamps before the LORD, as the LORD commanded Moses.
og sette upp lamporne for Herrens åsyn, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
26 He put the golden altar in the Tent of Meeting before the veil;
Gullaltaret og sette han i møtetjeldet, framanfor forhenget,
27 and he burnt incense of sweet spices on it, as the LORD commanded Moses.
og brende angande røykjelse på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
28 He put up the screen of the door to the tabernacle.
So hengde han upp dørtæpet,
29 He set the altar of burnt offering at the door of the tabernacle of the Tent of Meeting, and offered on it the burnt offering and the meal offering, as the LORD commanded Moses.
og sette brennofferaltaret frammed døri til møtetjeldhuset, og ofra brennoffer og grjonoffer på det, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
30 He set the basin between the Tent of Meeting and the altar, and put water in it, with which to wash.
Balja sette han millom møtetjeldet og altaret, og hadde vatn i henne som dei skulde två seg med,
31 Moses, Aaron, and his sons washed their hands and their feet there.
og Moses og Aron og sønerne hans tok av vatnet og tvo hender og føter;
32 When they went into the Tent of Meeting, and when they came near to the altar, they washed, as the LORD commanded Moses.
kvar gong dei gjekk inn i møtetjeldet eller fram åt altaret, so tvo dei seg, alt soleis som Herren hadde sagt Moses fyre.
33 He raised up the court around the tabernacle and the altar, and set up the screen of the gate of the court. So Moses finished the work.
So sette han upp garden kringum huset og altaret, og hengde upp tæpet i tunporten, og so var Moses ferdig med verket.
34 Then the cloud covered the Tent of Meeting, and the glory of the LORD filled the tabernacle.
Då sveipte skyi seg kringum møtetjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
35 Moses wasn't able to enter into the Tent of Meeting, because the cloud stayed on it, and the LORD's glory filled the tabernacle.
Og Moses kunde ikkje koma inn i møtetjeldet, av di at skyi låg yver tjeldet, og herlegdomen åt Herren fyllte huset.
36 When the cloud was taken up from over the tabernacle, the children of Israel went onward, throughout all their journeys;
Og kvar gong skyi lyfte seg ifrå gudshuset, tok Israels-folket ut; so gjorde dei på alle ferderne sine.
37 but if the cloud wasn't taken up, then they did not travel until the day that it was taken up.
Men når skyi ikkje lyfte seg, so tok dei ikkje ut, men drygde til den dagen ho lyfte seg att.
38 For the cloud of the LORD was on the tabernacle by day, and there was fire in the cloud by night, in the sight of all the house of Israel, throughout all their journeys.
For Herrens sky låg yver huset um dagen, og um natti skein ho som eld for augo åt heile Israels-ætti på alle ferderne deira.

< Exodus 40 >