< Exodus 19 >
1 In the third month after the children of Israel had gone forth out of the land of Egypt, on that same day they came into the wilderness of Sinai.
Trimånadsdagen etter Israels-folket hadde fare frå Egyptarland, kom dei til Sinaiheidi:
2 When they had departed from Rephidim, and had come to the wilderness of Sinai, they camped in the wilderness; and there Israel camped before the mountain.
Dei tok ut frå Refidim, og kom til Sinaiheidi, og der lægra Israel seg i villmarki midt for fjellet.
3 Moses went up to God, and God called to him out of the mountain, saying, "This is what you shall tell the house of Jacob, and tell the children of Israel:
So steig Moses upp til Gud, og Herren ropa til honom frå fjellet og sagde: «Dette skal du segja til Jakobs-ætti og gjera kunnigt for Israels-folket:
4 'You have seen what I did to the Egyptians, and how I bore you on eagles' wings, and brought you to myself.
«De hev set kva eg gjorde med egyptarane, og korleis eg lyfte dykk på ørnevengjer og bar dykk hit til meg.
5 Now therefore, if you will indeed obey my voice, and keep my covenant, then you shall be my own possession from among all peoples; for all the earth is mine;
Vil de no lyda vel etter ordi mine og halda sambandet med meg, so skal de vera mitt odelsfolk framum alle andre; for heile jordi er mi.
6 and you shall be to me a kingdom of priests, and a holy nation.' These are the words which you shall speak to the children of Israel."
Og de skal vera meg eit kongerike av prestar og eit heilagt folk.» Desse ordi skal du tala til Israel.»
7 Moses came and called for the elders of the people, and set before them all these words which God commanded him.
Då Moses kom att, kalla han i hop dei øvste av folket, og bar fram det bodet som Herren hadde sendt honom med.
8 All the people answered together, and said, "All that God has spoken we will do." Moses reported the words of the people to God.
Då svara folket alle som ein: «Alt det Herren hev sagt, skal me gjera.» Og Moses bar svaret deira attende til Herren.
9 The LORD said to Moses, "Look, I come to you in a thick cloud, that the people may hear when I speak with you, and may also believe you forever." Moses told the words of the people to the LORD.
Då sagde Herren til Moses: «Høyr her! Eg skal koma til deg i ei tett sky, so folket kann høyra at eg talar med deg; då skal dei tru på deg i al æva.» Då Moses hadde sagt Herren kva folket svara,
10 The LORD said to Moses, "Go to the people, and sanctify them today and tomorrow, and let them wash their garments,
so sagde Herren til honom: «Gakk til folket, og seg dei skal helga seg idag og i morgen og två klædi sine.
11 and be ready against the third day; for on the third day the LORD will come down in the sight of all the people on Mount Sinai.
Tridje dagen skal dei halda seg reiduge; for då vil Herren stiga ned på Sinaifjellet for augo åt alt folket.
12 You shall set bounds to the people all around, saying, 'Be careful that you do not go up onto the mountain, or touch its border. Whoever touches the mountain shall be surely put to death.
Og du skal setja ei stengsla for folket rundt ikring, og segja: «Vara dykk og gakk ikkje upp på fjellet, og kom ikkje innåt det! Kvar den som kjem innåt fjellet, skal døy.
13 No hand shall touch him, but he shall surely be stoned or shot through; whether it is animal or man, he shall not live.' When the trumpet sounds long, they shall come up to the mountain."
Ingen må taka si hand i honom! Han skal steinast eller skjotast; anten det er folk eller fe, so skal dei lata livet.» Men når dei høyrer hornet ljomar, då må dei stiga upp på fjellet.»
14 Moses went down from the mountain to the people, and sanctified the people; and they washed their clothes.
So gjekk Moses ned av fjellet til folket, og sagde dei skulde helga seg. Då tvo dei klædi sine.
15 He said to the people, "Be ready by the third day. Do not have sexual relations with a woman."
Og han sagde til deim: «Tridje dagen lyt de halda dykk reiduge! Kom ikkje nær kvende!»
16 It happened on the third day, when it was morning, that there were thunders and lightnings, and a thick cloud on the mountain, and the sound of an exceedingly loud trumpet; and all the people who were in the camp trembled.
So var det tridje dagen, med same det ljosna, då bar det laust med toreslått og ljon; på fjellet låg ei tjukk sky, og dei høyrde ein ovsterk lurljod. Då skalv alt folket som i lægret var.
17 Moses led the people out of the camp to meet God; and they stood at the lower part of the mountain.
Men Moses førde folket ut or lægret, til møtes med Gud, og dei vart standane innunder fjellet.
18 And Mount Sinai was wrapped in smoke because God descended on it in fire; and its smoke ascended like the smoke of a furnace, and the whole mountain quaked greatly.
Og heile Sinai stod i ein røyk, av di at Herren for ned på nuten i eld; røyken steig upp som av ein masomn, og heile fjellet dirra og skalv.
19 When the sound of the trumpet grew louder and louder, Moses spoke, and God answered him by a voice.
Og ljurljoden auka og vart sterkare og sterkare: Moses tala, og Gud svara honom lydt.
20 The LORD came down on Mount Sinai, to the top of the mountain. The LORD called Moses to the top of the mountain, and Moses went up.
Då Herren hadde stige ned på Sinai, på øvste tinden, so kalla han Moses upp på nuten til seg. Då gjekk Moses upp,
21 God said to Moses, "Go down, warn the people, lest they break through to God to look, and many of them perish.
og Herren sagde til honom: «Gakk ned og vara folket, so dei ikkje bryt seg fram til Herren og vil sjå honom; for då kjem mange av deim til å stupa.
22 Let the priests also, who come near to God, sanctify themselves, or the LORD will break out against them."
Og prestarne, som kjem næmare innåt Herren, lyt og helga seg, so Herren ikkje skal fara inn imillom deim.»
23 Moses said to God, "The people can't come up to Mount Sinai, for you warned us, saying, 'Set bounds around the mountain, and sanctify it.'"
Då sagde Moses til Herren: «Folket kann ikkje koma upp på Sinai. For du hev sjølv vara oss og sagt: «Set eit gjerde kring fjellet, og lys det heilagt!»»
24 The LORD said to him, "Go down and you shall bring Aaron up with you, but do not let the priests and the people break through to come up to God, or he will break out against them."
Og Herren sagde til honom: «Gakk no berre ned, og kom so upp att, både du og Aron! Men prestarne og ålmugen må ikkje brjota seg fram og stiga upp til Herren; for då kjem han til å fara inn imillom deim.»
25 So Moses went down to the people, and told them.
So gjekk Moses ned til folket og sagde det med deim.