< Ecclesiastes 3 >

1 For everything there is a season, and a time for every purpose under heaven:
Alt hev si stund, og kvart tiltak under himmelen hev si tid:
2 a time to be born, and a time to die; a time to plant, and a time to pluck up that which is planted;
Fødast hev si tid, og døy hev si tid; planta hev si tid, og riva upp det som er planta hev si tid;
3 a time to kill, and a time to heal; a time to break down, and a time to build up;
drepa hev si tid, og lækja hev si tid; riva ned hev si tid, og byggja upp hev si tid;
4 a time to weep, and a time to laugh; a time to mourn, and a time to dance;
gråta hev si tid, og læ hev si tid; syrgja hev si tid, og dansa hev si tid;
5 a time to cast away stones, and a time to gather stones together; a time to embrace, and a time to refrain from embracing;
kasta stein hev si tid, og sanka stein hev si tid; fangtak hev si tid, og halda seg frå fangtak hev si tid;
6 a time to seek, and a time to lose; a time to keep, and a time to cast away;
leita hev si tid, og missa hev si tid; gøyma hev si tid, og kasta burt hev si tid;
7 a time to tear, and a time to sew; a time to keep silence, and a time to speak;
riva sund hev si tid, og sauma i hop hev si tid; tegja hev si tid, og tala hev si tid;
8 a time to love, and a time to hate; a time for war, and a time for peace.
elska hev si tid, og hata hev si tid; ufred hev si tid, og fred hev si tid.
9 What profit has he who works in that in which he labors?
Kva vinning fær då den som gjer noko av den møda han hev med det?
10 I have seen the burden which God has given to the sons of men to be afflicted with.
Eg såg på det strævet som Gud hev gjeve mannsborni å stræva med.
11 He has made everything beautiful in its time. He has also set eternity in their hearts, yet so that man can't find out the work that God has done from the beginning even to the end.
Alt hev han laga fagert til si tid, ja, æva hev han lagt i hjarta deira, men so at menneskja ikkje kann finna ut frå upphav til endes det verk som Gud hev gjort.
12 I know that there is nothing better for them than to rejoice, and to do good as long as they live.
Då skyna eg at dei ikkje hev noko betre enn å gleda seg og goda seg so lenge livet varer.
13 Also that every man should eat and drink, and enjoy good in all his labor, is the gift of God.
Men det å eta og drikka og njota livet midt i all møda, det og ei Guds gåva for kvar mann.
14 I know that whatever God does, it shall be forever. Nothing can be added to it, nor anything taken from it; and God has done it, that men should fear before him.
Eg skyna at alt det Gud gjer, det varer æveleg, ikkje kann ein leggja noko til, og ikkje kann ein taka noko ifrå; og det hev Gud gjort so, av di me skal ottast honom.
15 That which is has been long ago, and that which is to be has been long ago: and God seeks again that which is passed away.
Det som hender, hev vore til fyrr, og det som kjem til å henda, hev og vore til fyrr; Gud leitar upp att det framfarne.
16 Moreover I saw under the sun, in the place of justice, that wickedness was there; and in the place of righteousness, that wickedness was there.
Framleides såg eg under soli: I domstolen, der sat uretten, og på rettferd-staden, der var uretten.
17 I said in my heart, "God will judge the righteous and the wicked; for there is a time there for every purpose and for every work."
Då sagde eg med meg sjølv: «Den rettferdige og den urettferdige skal Gud døma; for hjå han er det sett ei tid for kvart tiltak og for kvart verk.»
18 I said in my heart, "As for the sons of men, God tests them, so that they may see that they themselves are like animals.
Eg sagde med meg sjølv: «Det er for mannsborni skuld, for Gud vil prova deim, so dei kann sjå at dei i seg sjølve ikkje er anna enn dyr.
19 For that which happens to the sons of men happens to animals. Even one thing happens to them. As the one dies, so the other dies. Yes, they have all one breath; and man has no advantage over the animals: for all is vanity.
For lagnaden åt mannsborni er som lagnaden åt dyri, ja, same lagnaden fær dei; som den eine døyr, so døyr den andre, og ei ånd hev dei alle; menneskja hev ingen fyremun framfor dyri, for alt er fåfengt.
20 All go to one place. All are from the dust, and all turn to dust again.
Alle gjeng til ein stad, alle er komne av moldi, og alle skal attende til moldi.
21 Who knows the spirit of man, whether it goes upward, and the spirit of the animal, whether it goes downward to the earth?"
Kven veit um åndi åt menneski stig uppetter, og um åndi åt dyri fer ned til jordi?»
22 Therefore I saw that there is nothing better, than that a man should rejoice in his works; for that is his portion: for who can bring him to see what will be after him?
So skyna eg at ingen ting er betre enn at mannen er glad i arbeidet sitt, for det er hans lut. For kven kann føra honom so langt, at han ser inn i det som skal koma etter honom?

< Ecclesiastes 3 >