< Deuteronomy 19 >

1 When the LORD your God shall cut off the nations, whose land the LORD your God gives you, and you succeed them, and dwell in their cities, and in their houses;
Når Herren, din Gud, hev rudt ut alle folk i det landet han gjev deg, og du hev eigna det til deg, og bur i byarne og husi deira,
2 you shall set apart three cities for you in the midst of your land, which the LORD your God gives you to possess it.
so skal du skifta heile det riket Herren, din Gud, hev gjeve deg, i tri luter, og so skal du skilja ut tri byar i landet,
3 You shall prepare you the way, and divide the borders of your land, which the LORD your God causes you to inherit, into three parts, that every manslayer may flee there.
og halda vegen dit godt i stand, so dei fredlause kann få røma dit.
4 This is the case of the manslayer, that shall flee there and live: whoever kills his neighbor unawares, and did not hate him in time past;
Det er den som uviljande hev drepe nokon, og ikkje bar hat til honom frå fyrr, som skal få røma dit, og då vera trygg for livet sitt -
5 as when a man goes into the forest with his neighbor to chop wood, and his hand fetches a stroke with the axe to cut down the tree, and the head slips from the handle, and lights on his neighbor, so that he dies; he shall flee to one of these cities and live:
som når ein gjeng med grannen sin ut i skogen og skal hogga timber, og han svingar øksi og vil fella eit tre, men øksi fer av skaftet og råkar grannen so han døyr, då kann han røma til ein av desse byarne og vera trygg for livet.
6 lest the avenger of blood pursue the manslayer, while his heart is hot, and overtake him, because the way is long, and strike him mortally; whereas he was not worthy of death, inasmuch as he did not hate him in time past.
For blodhemnaren kunde i sin heite harm setja etter dråpsmannen, og var vegen lang, kunde han nå honom att og slå honom i hel, endå han ikkje var skuldig til å døy, sidan han ikkje hadde bore hat til den han drap.
7 Therefore I command you, saying, You shall set apart three cities for yourselves.
Difor er det eg segjer med deg at du skal skilja ut tri byar.
8 If the LORD your God enlarges your border, as he has sworn to your fathers, and gives you all the land which he promised to give to your fathers;
Og når Herren, din Gud, aukar riket ditt, som han lova federne dine, og gjev deg heile det landet han tala um å gjeva deim -
9 if you keep all this commandment to do it, which I command you this day, to love the LORD your God, and to walk ever in his ways; then you shall add three cities more for yourselves, besides these three:
so framt du då agtar vel på alle desse bodi og liver etter deim, soleis som eg segjer med deg i dag, so du elskar Herren, din Gud, og alle dagar gjeng på hans vegar - då skal du leggja endå tri byar attåt desse tri;
10 that innocent blood not be shed in the midst of your land, which the LORD your God gives you for an inheritance, and so blood be on you.
for det må ikkje renna uskuldigt blod i det landet Herren, din Gud, gjev deg til odel og eiga, so du fær blodskuld yver deg.
11 But if any man hates his neighbor, and lies in wait for him, and rises up against him, and strikes him mortally so that he dies, and he flees into one of these cities;
Men når ein hev lagt hat til grannen sin, og lurer seg innpå honom, og slær honom til ulivs, og so rømer til ein av desse byarne,
12 then the elders of his city shall send and bring him there, and deliver him into the hand of the avenger of blood, that he may die.
då skal styresmennerne i heimbygdi hans senda folk, og henta honom heim att, og gjeva honom i henderne på blodhemnaren, og han skal lata livet.
13 Your eye shall not pity him, but you shall put away the innocent blood from Israel, that it may go well with you.
Du skal ikkje spara honom, men reinsa Israel for blodskuldi, so sant du vil det skal ganga deg vel.
14 You shall not remove your neighbor's landmark, which they of old time have set, in your inheritance which you shall inherit, in the land that the LORD your God gives you to possess it.
Du skal ikkje flytja merkesteinarne millom deg og grannen din, deim som dei gamle hev sett kring garden du fær til odel og eiga i det landet Herren, din Gud, vil gjeva dykk.
15 One witness shall not rise up against a man for any iniquity, or for any sin, in any sin that he sins: at the mouth of two witnesses, or at the mouth of three witnesses, shall every word be established.
Eitt vitne er ikkje nok til å fella ein mann som er skulda for eit brot eller ei misgjerning, kva det so er for ei misgjerning han kann hava gjort. Tvo eller tri manns vitnemål skal det til fyrr det kann dømast i ei sak.
16 If an unrighteous witness rise up against any man to testify against him of wrongdoing,
Når det kjem fram eit vondkynt vitne og skuldar ein mann for lovbrot,
17 then both the men, between whom the controversy is, shall stand before the LORD, before the priests and the judges who shall be in those days;
so skal båe tvo møtast for Herrens åsyn, for dei prestarne og domarane som då er;
18 and the judges shall make diligent inquisition: and, look, if the witness is a false witness, and has testified falsely against his brother;
og domarane skal granska saki vel. Syner det seg då at vitnet er ein ljugar og hev vitna rangt mot den andre,
19 then you shall do to him as he had thought to do to his brother: so you shall put away the evil from the midst of you.
so skal de gjera det same med honom som han hadde tenkt å gjera med hin. Soleis skal de rydja ut det vonde ut or lyden.
20 Those who remain shall hear, and fear, and shall hereafter commit no more any such evil in the midst of you.
Og dei andre skal høyra det og ræddast, so det aldri meir vert gjort slik ei ugjerning millom dykk.
21 Your eyes shall not pity: life for life, eye for eye, tooth for tooth, hand for hand, foot for foot.
Du skal ingen spara, men krevja liv for liv, auga for auga, tonn for tonn, hand for hand, fot for fot.

< Deuteronomy 19 >