< 1 Chronicles 26 >
1 For the divisions of the doorkeepers: of the Korahites, Meshelemiah the son of Kore, of the sons of Abiasaph.
Um skifti som dørvaktarar var skifte i, er å segja: Av korahitarne var Meselemja, son åt Kore, av Asafs-sønerne.
2 Meshelemiah had sons: Zechariah the firstborn, Jediael the second, Zebadiah the third, Jathniel the fourth,
Og Mesemlja hadde søner: Zakarja var den eldste, Jediael den andre, Zebadja den tridje, Jatniel den fjorde,
3 Elam the fifth, Jehohanan the sixth, Eliehoenai the seventh.
Elam den femte, Johanan den sette, Eljoenai den sjuande.
4 Obed-Edom had sons: Shemaiah the firstborn, Jehozabad the second, Joah the third, and Sakar the fourth, and Nethanel the fifth,
Og Obed-Edom hadde søner: Semaja var den eldste, Jozabad den andre, Joah den tridje, Sakar den fjorde, Netanel den femte,
5 Ammiel the sixth, Issachar the seventh, Peullethai the eighth; for God blessed him.
Ammiel den sette, Issakar den sjuande, Pe’ulletai den åttande; for Gud hadde velsigna honom.
6 Also to Shemaiah his son were sons born, who ruled over the house of their father; for they were mighty men of valor.
Og Semaja, son hans, fekk og søner, som vart styrarar i ætti si; for dei var duglege menner.
7 The sons of Shemaiah: Othni, and Rephael, and Obed, and Elzabad, and his brothers were valiant men, Elihu, and Semakiah.
Sønerne hans Semaja heitte Otni og Refael og Obed, Elzabad og brørne hans, dugande menner, Elihu og Semakja.
8 All these were of the sons of Obed-Edom: they and their sons and their brothers, able men in strength for the service; sixty-two of Obed-Edom.
Alle desse var ætta frå Obed-Edom, dei sjølve og sønerne og brørne deira, dugande og sterke menner i tenesta, - tvo og seksti av Obed-Edom.
9 Meshelemiah had sons and brothers, valiant men, eighteen.
Meselemja hadde og søner og brør, duglege menner, i alt attan.
10 Also Hosah, of the descendants of Merari, had sons: Shimri the chief, (for though he was not the firstborn, yet his father made him chief),
Og Hosa av Merari-sønerne hadde søner: Simri var fyrstemannen - han var vel ikkje den eldste; men far hans sette honom til hovding -
11 Hilkiah the second, Tebaliah the third, Zechariah the fourth: all the sons and brothers of Hosah were thirteen.
Hilkia var den andre, Tebalja den tridje, Zakarja den fjorde. Alle sønerne og brørne hans Hosa var trettan.
12 Of these were the divisions of the doorkeepers, even of the chief men, having offices like their brothers, to minister in the house of the LORD.
Desse dørvaktar-skifti, det vil segja ættarhovdingarne, vart no sette til vakttenesta i Herrens hus, jamsides med frendarne sine.
13 They cast lots, the small as well as the great, according to their fathers' houses, for every gate.
Og um kvar port drog dei strå, den minste som den største, etter ættgreinene sine.
14 The lot east fell to Shelemiah. Then for Zechariah his son, a wise counselor, they cast lots; and his lot came out north.
Romet ved austporten kom på Selemja; og dei drog strå for Zakarja, son hans, ein vitug rådgjevar, og etter strået vart hans rom i nord.
15 To Obed-Edom the south; and to his sons, the vestibules.
På Obed-Edom fall romet ved sudporten, soleis at sønerne hans fekk budi på sin part.
16 To Hosah fell the west, namely, the chamber gate on the upper road. Watchman opposite watchman.
For Suppim og Hosa viste strået på romet i vest ved Salleket-porten, der vegen gjeng uppetter, den eine vaktposten attmed den andre.
17 On the east there were six a day, on the north four a day, on the south four a day, and for the vestibules two and two.
Mot aust var det seks levitar, mot nord fire for kvar dag, mot sud fire for kvar dag, og ved budi tvo um gongen.
18 For the colonnade on the west, four at the gateway, and two at the colonnade.
Ved Parbar mot vest stod fire attmed vegen, og tvo ved sjølve Parbar.
19 These were the divisions of the doorkeepers; of the sons of the Korahites, and of the sons of Merari.
Dette var dørvaktar-skifti av korahitsønerne og av Merari.
20 And the Levites, their brothers, were over the treasures of God's house, and over the treasures of the dedicated things.
Og av levitarne hadde Ahia-sønerne tilsyn med skattarne i Guds hus og tok vare på dei ting som var vigde åt Herren.
21 The sons of Ladan, the sons of the Gershonites belonging to Ladan, the heads of the ancestral houses belonging to Ladan the Gershonite: Jehieli.
Sønerne åt Ladan, det vil segja gersonitsønerne av Ladans-ætti, hovdingarne for gersoniten Ladans ættgreinene var jehielitarne.
22 The sons of Jehieli: Zetham, and Joel his brother, over the treasures of the house of the LORD.
Jehielit-sønerne Zetam og Joel, bror hans, hadde tilsyn med skattarne i Guds hus.
23 Of the Amramites, of the Izharites, of the Hebronites, of the Uzzielites:
Um amramitarne, jisharitarne, hebronitarne og ozzielitarne er det å segja:
24 and Shubael the son of Gershom, the son of Moses, was ruler over the treasures.
Sebuel, son åt Gersom Mosesson, var øvste tilsynsmannen yver skattarne.
25 His brothers: of Eliezer, Rehabiah his son, and Jeshaiah his son, and Joram his son, and Zikri his son, and Shelomoth his son.
Og frendarne hans av Eliezers-ætti var Rehabja Eliezersson, og son hans heitte Jesaja, og hans son var Joram, og hans son Zikri, og hans son Selomot.
26 This Shelomith and his brothers were over all the treasures of the dedicated things, which David the king, and the heads of the ancestral houses, and the commanders over thousands and hundreds, and the commanders of the army, had dedicated.
Denne Selomot og brørne hans hadde tilsyn med alt det godset som kong David og like eins ættarhovdingarne, yver- og underhovdingar og herhovdingar hadde vigt åt Herren.
27 They dedicated some of the spoil won in battles to repair the house of the LORD.
Frå ufreden og av herfanget hadde dei vigt det til å halda Herrens hus i stand.
28 And all that Samuel the seer, and Saul the son of Kish, and Abner the son of Ner, and Joab the son of Zeruiah, all who dedicated anything, were in the care of Shelomith and his brothers.
Og like eins alt det som sjåaren Samuel og Saul Kisson og Abner Nersson og Joab Serujason hadde vigt; kvar og ein som vigde noko, let Selomot og brørne hans taka vare på det.
29 Of the Izharites, Chenaniah and his sons were for the outward business over Israel, for officers and judges.
Av jisharitarne vart Kenanja og sønerne hans sette til dei verdslege gjeremåli i Israel, til å vera tilsynsmenner og domarar.
30 Of the Hebronites, Hashabiah and his brothers, men of valor, one thousand seven hundred, had the oversight of Israel beyond the Jordan westward, for all the business of the LORD, and for the service of the king.
Av hebronitarne vart Hasabja og brørne hans, syttan hundrad menner, sette til stjorn i Israel, i landet vest for Jordan, til alle slags gjeremål åt Herren og til kongen tenesta.
31 Of the Hebronites was Jerijah the chief, even of the Hebronites, according to their generations by ancestral houses. In the fortieth year of the reign of David they were sought for, and there were found among them mighty men of valor at Jazer of Gilead.
Til hebronitarne høyrde Jeria, hovdingen for hebronitarne etter deira ættgreiner og huslydar; i det fyrtiande styringsåret åt Davids vart dei yversedde, og det fanst då dugande folk hjå dei i Jazer i Gilead.
32 His brothers, men of valor, were two thousand seven hundred, heads of ancestral houses, whom king David made overseers over the Reubenites, and the Gadites, and the half-tribe of the Manassites, for every matter pertaining to God, and for the affairs of the king.
Brørne hans, duglege menner, var tvo tusund og sju hundrad hovud for huslydar; deim sette kong David yver rubenitarne, gaditarne og den halve Manasse-ætti, til å greida med alle Guds og kongens målemne.