< Judges 2 >

1 The angel of the LORD came up from Gilgal to Bochim. He said, "I made you to go up out of Egypt, and have brought you to the land which I swore to your fathers; and I said, 'I will never break my covenant with you:
Herrens engel kom frå Gilgal upp til Bokim og sagde: «Eg henta dykk ut or Egyptarland, og fylgde dykk til det landet eg lova federne dykkar, og eg sagde: «Aldri i verdi skal eg brjota mi pakt med dykk,
2 and you shall make no covenant with the inhabitants of this land; you shall break down their altars.' But you have not listened to my voice: why have you done this?
og de skal ikkje gjera samband med deim som bur her i landet; de skal riva ned altari deira!» Men de høyrde ikkje på ordi mine. Kvi gjorde de’kje det?
3 Therefore I also said, I will not drive them out from before you, but they will become your adversaries, and their gods shall be a snare to you."
So segjer eg dykk: Eg vil ikkje driva deim burt for dykk; dei skal vera til broddar i sidorne dykkar, og gudarne deira skal verta ei snara for dykk.»
4 It happened, when the angel of the LORD spoke these words to all the children of Israel, that the people lifted up their voice, and wept.
Soleis tala Herrens engel til alle Israels-sønerne. Då gret folket høgt;
5 They called the name of that place Bochim: and they sacrificed there to the LORD.
difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra deim til Herren.
6 Now when Joshua had sent the people away, the children of Israel went every man to his inheritance to possess the land.
Då Josva hadde bede farvel med folket, og Israels-sønerne var farne heim, kvar til sin odel, for å eigna til seg landet,
7 The people served the LORD all the days of Joshua, and all the days of the elders who outlived Joshua, who had seen all the great work of the LORD that he had worked for Israel.
då tente folket Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til, som livde etter Josva, og hadde set alle dei storverk Herren hadde gjort for Israel.
8 Joshua the son of Nun, the servant of the LORD, died, being one hundred ten years old.
Men då Josva Nunsson, Herrens tenar, var slokna, hundrad og ti år gamall,
9 They buried him in the territory of his inheritance in Timnath Serah, in the hill country of Ephraim, on the north of the mountain of Gaash.
og dei hadde gravlagt honom på hans eigen gard og grunn i Timnat-Heres i Efraimsheidi, nordanfor Ga’asfjell,
10 And all that generation were also gathered to their fathers. And there arose another generation after them who did not know the LORD, nor the works which he had done for Israel.
og då heile den ætti var fari til federne sine, og det stod fram ei ny ætt, som ikkje kjende Herren og ikkje visste kva han hadde gjort for Israel,
11 The children of Israel did that which was evil in the sight of the LORD, and served the Baals;
då gjorde Israels-sønerne det som var Herrens imot, og dyrka Ba’als-bilæti;
12 and they forsook the LORD, the God of their fathers, who brought them out of the land of Egypt, and followed other gods, of the gods of the peoples who were around them, and bowed themselves down to them: and they provoked the LORD to anger.
dei vende seg frå Herren, sin fedregud, som hadde ført deim ut or Egyptarlandet, og heldt seg til andre gudar, gudarne åt grannefolki, og låg på kne for deim, og arga Herren;
13 They forsook the LORD, and served Baal and the Ashtaroth.
dei vende seg frå Herren og dyrka Ba’al og Astarte-bilæti.
14 The anger of the LORD was kindled against Israel, and he delivered them into the hands of marauders who plundered them; and he sold them into the hands of their enemies all around, so that they could not any longer stand before their enemies.
Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne.
15 Wherever they went out, the hand of the LORD was against them for harm, as the LORD had spoken, and as the LORD had sworn to them: and they were in great distress.
Kvar dei for fram, var Herrens hand imot deim, so det gjekk deim ille, som Herren hadde sagt deim, og som Herren hadde svore, og dei kom i stor naud.
16 The LORD raised up judges, who saved them out of the hand of those who plundered them.
Då vekte Herren upp domarar, som berga deim frå røvararne.
17 Yet they did not listen to their judges; for they played the prostitute after other gods, and bowed themselves down to them: they turned aside quickly out of the way in which their fathers walked, obeying the commandments of the LORD; but they did not do so.
Men dei lydde ikkje domarane sine heller, og heldt seg med andre gudar, og låg på kne for deim; dei tok snart ut av den vegen som federne deira hadde fylgt; for dei lydde Herrens bod, men so gjorde ikkje desse.
18 When the LORD raised up judges for them, then the LORD was with the judge, and saved them out of the hand of their enemies all the days of the judge: for it grieved the LORD because of their groaning by reason of those who oppressed them and troubled them.
Og kvar gong Herren let ein domar standa fram millom deim, so var Herren med domaren, og berga deim frå uvenerne deira so lenge domaren livde; for Herren ynkast yver deim når dei sukka og stunde for di dei vart tvinga og trælka.
19 But it happened, when the judge was dead, that they turned back, and dealt more corruptly than their fathers, in following other gods to serve them, and to bow down to them; they did not cease from their practices, and they did not turn aside from their stubborn ways.
Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att, og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar, og dyrka deim, og bad til deim; dei lagde’kje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si tråssuge framferd.
20 The anger of the LORD was kindled against Israel; and he said, "Because this nation has transgressed my covenant which I commanded their fathers, and have not obeyed my voice;
Då vart Herren harm på Israel, og han sagde: «For di dette folket hev brote den pakti eg gjorde med federne deira, og ikkje hev lydt mine ord,
21 I will no longer drive out before them any of the nations that Joshua left when he died;
so vil ikkje eg heller hjelpa deim meir, og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde;
22 that by them I may test Israel, whether they will keep the way of the LORD to walk in it, as their fathers kept it, or not."
med deim skal Israel røynast um dei vilde halda seg etter Herrens vegar og ganga på deim, som federne deira gjorde.»
23 So the LORD left those nations, without driving them out hastily; neither delivered he them into the hand of Joshua.
Soleis var det Herren let desse folki få vera, og ikkje straks dreiv deim ut, og ikkje gav deim i Josvas hender.

< Judges 2 >