< 2 Chronicles 19 >
1 Jehoshaphat the king of Judah returned to his house in peace to Jerusalem.
Men Josafat, Juda-kongen, snudde heim att til Jerusalem med heilo.
2 Jehu the son of Hanani the seer went out to meet him, and said to king Jehoshaphat, "Should you help the wicked, and love those who hate the LORD? Because of this, wrath is on you from before the LORD.
Men då gjekk sjåaren Jehu Hananison ut imot honom og sagde til kong Josafat: «Skal ein hjelpa den gudlause, og elskar du deim som hatar Herren? For dette kviler det vreide på deg ifrå Herren.
3 Nevertheless there are good things found in you, in that you have put away the Asheroth out of the land, and have set your heart to seek God."
Like vel er det funne noko godt hjå deg, for du hev øydt ut Astarte-bilæti or landet og hev lagt hugen din på å søkja Gud.»
4 Jehoshaphat lived at Jerusalem: and he went out again among the people from Beersheba to the hill country of Ephraim, and brought them back to the LORD, the God of their fathers.
Josafat vart no buande i Jerusalem. Og so drog han ut att bland folket ifrå Be’erseba og til Efraimsheidi, og førde deim attende til Herren, deira fedregud.
5 He set judges in the land throughout all the fortified cities of Judah, city by city,
Og han sette inn domarar i landet i kvar ein av dei faste byarne i Juda.
6 and said to the judges, "Consider what you do: for you do not judge for man, but for the LORD; and he is with you in the judgment.
Og han sagde til domarane: «Agta vel på det de gjer; for de feller ikkje dom for menneskje, men for Herren, og han er hjå dykk når det dømer.
7 Now therefore let the fear of the LORD be on you. Take heed and do it: for there is no iniquity with the LORD our God, nor respect of persons, nor taking of bribes."
Difor skal otte for Herren vera yver dykk! Ver varsame med det som de gjer! for hjå Herren, vår Gud, finst det ingen urett, ikkje gjer han skil på folk, og ikkje tek han mutor.»
8 Moreover in Jerusalem Jehoshaphat appointed Levites and cohanim, and of the heads of the fathers' households of Israel, for the judgment of the LORD, and for controversies. They returned to Jerusalem.
I Jerusalem og sette Josafat nokre av levitarne og prestarne og ættarhovdingarne i Israel til å agta på Herrens saker og rettstrættorne; dei hadde vendt heim att til Jerusalem.
9 He commanded them, saying, "Thus you shall do in the fear of the LORD, faithfully, and with a perfect heart.
Og han baud deim og sagde: «Soleis skal de bera dykk åt med age for Herren, i truskap og med heilt hjarta:
10 Whenever any controversy shall come to you from your brothers who dwell in their cities, between blood and blood, between law and commandment, statutes and ordinances, you shall warn them, that they not be guilty towards the LORD, and so wrath come on you and on your brothers. Do this, and you shall not be guilty.
Kvar gong det vert lagt fram for dykk ei rettstrætta frå brørne dykkar, som bur i byarne sine, anten det er dom i ei dråpssak eller eit bod, ei lov eller vedtekter og rettar, då skal de vara deim åt, so dei ikkje syndar imot Herren, og det kjem vreide yver dykk og brørne dykkar. Gjer soleis, so det ikkje skal draga skuld yver dykk!
11 Look, Amariah the chief cohen is over you in all matters of the LORD; and Zebadiah the son of Ishmael, the ruler of the house of Judah, in all the king's matters: also the Levites shall be officers before you. Deal courageously, and may the LORD be with the good."
I alt det som kjem ved Herren, skal øvstepresten Amarja vera formannen dykkar, og i alt det som kjem ved kongen, skal Zebadja Ismaelsson, hovdingen for Juda-ætti, vera formann; og levitarne skal vera tilsynsmenner under dykk. Tak no hugheilt fat på verket, og Herren skal vere med den som er god.»