< Zechariah 8 >

1 The word of Jehovah of hosts came to me.
Og Herren, allhers drott, sende ordet sitt soleis:
2 Thus says Jehovah of hosts: "I am jealous for Zion with great jealousy, and I am jealous for her with great wrath."
So segjer Herren, allhers drott: Eg er mykje, mykje ihuga for Sion, ja, med brennande harm er eg ihuga for det.
3 Thus says Jehovah: "I have returned to Zion, and will dwell in the midst of Jerusalem. Jerusalem shall be called 'The City of Truth;' and the mountain of Jehovah of hosts, 'The Holy Mountain.'"
So segjer Herren: Eg vil venda attende til Sion og taka bustad i Jerusalem, og Jerusalem skal heita «Truskapsbyen» og fjellet åt Herren, allhers drott, «Heilagfjellet».
4 Thus says Jehovah of hosts: "Old men and old women will again dwell in the streets of Jerusalem, every man with his staff in his hand for very age.
So segjer Herren, allhers drott: Atter skal gamle menner og gamle kvinnor sitja på torgi i Jerusalem, alle med stav i hand for deira alderdom skuld,
5 The streets of the city will be full of boys and girls playing in its streets."
og torgi i byen skal vera fulle av gutar og gjentor som leikar seg der på torgi.
6 Thus says Jehovah of hosts: "If it is marvelous in the eyes of the remnant of this people in those days, should it also be marvelous in my eyes?" says Jehovah of hosts.
So segjer Herren, allhers drott: Um dette kjem til å synast umogelegt for leivningen av dette folket i dei dagar, skulde det då og synast umogelegt for meg? segjer Herren, allhers drott.
7 Thus says Jehovah of hosts: "Look, I will save my people from the east country, and from the west country;
So segjer Herren, allhers drott: Sjå, eg skal frelsa folket mitt frå Austerheimen og Vesterheimen
8 and I will bring them, and they will dwell in the midst of Jerusalem; and they will be my people, and I will be their God, in truth and in righteousness."
og føra deim heim, og dei skal bu i Jerusalem og vera mitt folk, og eg skal vera deira Gud i truskap og rettferd.
9 Thus says Jehovah of hosts: "Let your hands be strong, you who hear in these days these words from the mouth of the prophets who were in the day that the foundation of the house of Jehovah of hosts was laid, even the temple, that it might be built.
So segjer Herren, allhers drott: Lat dykkar hender vera sterke, de som i denne tid høyrer desse ordi av dei same profetarne som tala på den dagen då grunnsteinen vart lagd til huset åt Herren, allhers drott, templet, som skulde byggjast upp!
10 For before those days there was no wages for man, nor any wages for an animal; neither was there any peace to him who went out or came in, because of the adversary. For I set all men everyone against his neighbor.
Fyre desse dagarne hadde korkje folk eller fe løn for strævet sitt, og korkje den som gjekk ut eller den som gjekk inn var trygg for fienden; for eg slepte alle menneskje laus på kvarandre.
11 But now I will not be to the remnant of this people as in the former days," says Jehovah of hosts.
Men no vil eg ikkje vera som i dei framfarne tider mot leivningen av dette folket, segjer Herren, allhers drott.
12 "For the seed of peace and the vine will yield its fruit, and the ground will give its increase, and the heavens will give their dew; and I will cause the remnant of this people to inherit all these things.
Nei, trygt skal sædet vera: Vintreet skal gjeva si frukt og jordi si grøda, himmelen skal gjeva si dogg, og eg skal gjeva leivningen av dette folket alt dette til eiga.
13 It shall come to pass that, as you were a curse among the nations, house of Judah and house of Israel, so will I save you, and you shall be a blessing. Do not be afraid. Let your hands be strong."
Då skal det henda: liksom de hev vore ei forbanning millom folki, både Judas hus og Israels hus, so vil eg no frelsa dykk, og de skal verta ei velsigning. Ottast ikkje! Lat dykkar hender vera sterke!
14 For thus says Jehovah of hosts: "As I thought to do evil to you, when your fathers provoked me to wrath," says Jehovah of hosts, "and I did not repent;
For so segjer Herren, allhers drott: Liksom eg sette meg fyre å gjera vondt imot dykk, då federne dykkar gjorde meg harm, og eg ikkje angra på det, segjer Herren, allhers drott,
15 so again have I thought in these days to do good to Jerusalem and to the house of Judah. Do not be afraid.
soleis hev eg no i desse dagarne sett meg fyre å gjera vel imot Jerusalem og Judas hus. Ottast ikkje!
16 These are the things that you shall do: speak every man the truth with his neighbor. Execute the judgment of truth and peace in your gates,
Dette er det de skal gjera: Tala sanning med kvarandre! Seg rette og fredsæle domar i portarne dykkar!
17 and let none of you devise evil in your hearts against his neighbor, and love no false oath: for all these are things that I hate," says Jehovah.
Tenk ikkje på vondt mot kvarandre i hjarta dykkar, og hav ikkje hug til rang eid! For alt slikt hatar eg, segjer Herren.
18 The word of Jehovah of hosts came to me.
Og ordet frå Herren, allhers drott, kom til meg soleis:
19 Thus says Jehovah of hosts: "The fasts of the fourth fifth, seventh, and tenth months shall be for the house of Judah joy and gladness, and cheerful feasts. Therefore love truth and peace."
So segjer Herren: Fasta i den fjorde, femte, sjuande og tiande månaden skal verta Judas hus til frygd og gleda og gilde høgtider. Men elska sanningi og freden!
20 Thus says Jehovah of hosts: "Many peoples and the inhabitants of many cities will yet come;
So segjer Herren, allhers drott: Endå skal det verta so at folkeslag skal koma, ja, folk frå mange byar,
21 and the inhabitants of one shall go to another, saying, 'Let us go speedily to entreat the favor of Jehovah, and to seek Jehovah of hosts. I will go also.'
og folket i den eine byen skal fara til den andre og segja: «Kom, lat oss ganga av stad og blidka Herren og søkja Herren, allhers drott!» «Eg vil ganga, eg og.»
22 Yes, many peoples and strong nations will come to seek Jehovah of hosts in Jerusalem, and to entreat the favor of Jehovah."
Og då skal det koma mange folkeslag og mannsterke heidningfolk og søkja Herren, allhers drott, i Jerusalem, og blidka Herren.
23 Thus says Jehovah of hosts: "In those days, ten men will take hold, out of all the languages of the nations, they will take hold of the skirt of him who is a Jew, saying, 'We will go with you, for we have heard that God is with you.'"
So segjer Herren, allhers drott: I dei dagarne skal det henda at ti mann av alle dei tungemål som vert tala millom heidningfolk, tek fat i kjolesnippen åt ein mann frå Juda og segjer: «Me vil ganga med dykk; for me hev høyrt at Herren er med dykk.»

< Zechariah 8 >