< Romans 7 >

1 Or do you not know, brothers (for I speak to those who know the law), that the law has authority over a person for as long as he lives?
Eller veit de ikkje, brør - for eg talar til slike som kjenner lovi - at lovi råder yver menneskjet so lenge det liver?
2 For the married woman is bound by law to her husband as long as he lives. But if her husband dies, she is released from the law concerning the husband.
For den gifte kvinna er med lovi bundi til mannen sin so lenge han liver; men døyr mannen, er ho løyst frå lovi um mannen.
3 So then if, while the husband lives, she is joined to another man, she is called an adulteress. But if the husband dies, she is free from the law, so that she is not an adulteress, though she is joined to another man.
Difor skal ho kallast horkona, um ho gifter seg med ein annan mann medan mannen hennar liver; men døyr mannen, so er ho fri frå lovi, so ho ikkje vert horkona um ho vert gift med ein annan mann.
4 Therefore, my brothers, you also were made dead to the law through the body of Christ, that you would be joined to another, to him who was raised from the dead, that we may bear fruit to God.
Soleis, mine brør, døydde de og frå lovi ved Kristi likam, av di de skulde høyra til ein annan, det er han som er uppstaden frå dei daude, so me kann bera frukt for Gud.
5 For when we were in the flesh, the sinful passions which were through the law, worked in our members to bring forth fruit for death.
For då me var i kjøtet, verka dei syndige lysterne, som vart vekte ved lovi, soleis i lemerne våre, at me bar frukt for dauden;
6 But now we have been released from the law, having died to that which held us captive, so that we serve in newness of the Spirit, and not in oldness of the letter.
men no er me løyste frå lovi, med di me hev døytt frå det som me var fangar under, so me tener i Andens nye art og ikkje i bokstavens gamle art.
7 What should we say then? Is the law sin? Absolutely not. However, I would not have known sin, except through the law. For I would not have known covetousness, unless the law had said, "Do not covet."
Kva skal me då segja? Er lovi synd? Nei, langt ifrå! men eg kjende ikkje syndi utan gjenom lovi; for eg kjende ikkje lysti, um ikkje lovi hadde sagt: «Du skal ikkje lysta!»
8 But sin, taking opportunity through the commandment, produced in me all kinds of covetousness. For apart from the law, sin is dead.
Men syndi tok tilføre av bodet og verka allslags lyst i meg; for utan lov er syndi daud.
9 I was alive apart from the law once, but when the commandment came, sin became alive, and I died.
Eg livde ei tid utan lov; men då bodet kom, livna syndi upp,
10 The commandment, which was for life, this I found to be for death;
men eg døydde; og bodet som var til liv, vart funne å vera meg til daude,
11 for sin, taking the opportunity through the commandment, deceived me, and through it killed me.
for syndi tok tilføre av bodet og dåra og drap meg ved det.
12 Therefore the law indeed is holy, and the commandment holy, and righteous, and good.
So er då lovi heilag, og bodet heilagt og rettferdigt og godt.
13 Did that which is good, then, become death to me? Absolutely not. But sin, that it might be shown to be sin, by working death to me through that which is good; that through the commandment sin might become exceeding sinful.
Hev då det som er godt vorte meg til daude? Nei, langt ifrå! men det var syndi, at ho skulde visa seg å vera synd, med di ho volde meg dauden med det som er godt - so syndi skulde verta storleg syndig ved bodet.
14 For we know that the law is spiritual, but I am fleshly, sold under sin.
For me veit at lovi er åndeleg, men eg er kjøtleg, seld under syndi.
15 For I do not know what I am doing. For I do not practice what I desire to do; but what I hate, that I do.
Det eg gjer, det skynar eg ikkje; for eg gjer ikkje det som eg vil, men det som eg hatar, det gjer eg.
16 But if I do what I do not want to do, I agree with the law that it is good.
Men gjer eg det som eg ikkje vil, so vitnar eg med lovi at ho er god.
17 So now it is no more I that do it, but sin which dwells in me.
Men no er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg.
18 For I know that in me, that is, in my flesh, dwells no good thing. For the desire is present in me, but the doing of the good is not.
For eg veit, at i meg, det vil segja i kjøtet mitt, bur inkje godt; for viljen hev eg, men gjera det gode vinn eg ikkje.
19 For the good which I desire, I do not do; but the evil which I do not desire, that I practice.
For eg gjer ikkje det gode som eg vil, men det vonde som eg ikkje vil, det gjer eg.
20 But if what I do not desire, that I do, it is no more I that do it, but sin which dwells in me.
Men gjer eg det som eg ikkje vil, so er det ikkje lenger eg som gjer det, men syndi som bur i meg.
21 I find then the law, that, to me, while I desire to do good, evil is present.
So finn eg då den lov for meg, eg som vil gjera det gode, at det vonde ligg meg for handi.
22 For I delight in God's law in my inner being,
For eg hev hug til Guds lov etter mitt indre menneskje,
23 but I see a different law in my members, warring against the law of my mind, and bringing me into captivity under the law of sin which is in my members.
men eg ser ei onnor lov i lemerne mine, som strider imot lovi i hugen min, og fangar meg under syndelovi som er i lemerne mine.
24 What a wretched man I am. Who will deliver me out of the body of this death?
Eg arme menneskje! kven skal frelsa meg frå denne daudens likam?
25 Thanks be to God through Jesus Christ, our Lord. So then with the mind, I myself serve God's law, but with the flesh, the sin's law.
Gud vere takk ved Jesus Kristus, vår Herre! - So tener då eg i meg sjølv Guds lov med hugen, men syndelovi med kjøtet.

< Romans 7 >