< Romans 4 >
1 What then will we say that Abraham, our forefather, has found according to the flesh?
Kva skal me då segja at Abraham, far vår, hev vunne etter kjøtet?
2 For if Abraham was justified by works, he has something to boast about, but not before God.
For vart Abraham rettferdiggjord av gjerningar, so hev han noko å rosa seg av. Men det hev han ikkje for Gud.
3 For what does the Scripture say? "And Abraham believed God, and it was credited to him as righteousness."
For kva segjer Skrifti? «Abraham trudde Gud, og det vart rekna honom til rettferd.»
4 Now to the one who works, the pay is not counted as a gift, but as an obligation.
Men den som held seg til gjerningar, honom vert løni ikkje tilrekna av nåde, men etter skyldnad;
5 But to him who does not work, but believes in him who justifies the ungodly, his faith is credited as righteousness.
men den som ikkje held seg til gjerningar, men trur på han som gjer den ugudlege rettferdig, honom vert trui hans rekna til rettferd.
6 Even as David also pronounces blessing on the one to whom God counts righteousness apart from works,
Soleis prisar og David det menneskjet sælt som Gud tilreknar rettferd utan gjerningar:
7 "Happy are those whose lawless deeds are forgiven, and whose sins are covered.
«Sæle er dei som hev misgjerderne sine forlatne og synderne sine yverbreidde.
8 Happy is the one whom the Lord will not charge with sin."
Sæl er den mann som Herren ikkje tilreknar synd.»
9 Is this blessing then pronounced on the circumcised, or on the uncircumcised also? For we say that faith was credited to Abraham as righteousness.
Gjeld no denne sælkingi dei umskorne, eller dei u-umskorne og? For me segjer at trui vart rekna Abraham til rettferd.
10 How then was it credited? When he was in circumcision, or in uncircumcision? Not in circumcision, but in uncircumcision.
Korleis vart ho då tilrekna honom? då han var umskoren, eller då han hadde fyrehud? Ikkje då han var umskoren, men då han hadde fyrehud,
11 He received the sign of circumcision, a seal of the righteousness of the faith which he had while he was in uncircumcision, so that he might be the father of all those who believe, though they be in uncircumcision, that righteousness might also be credited to them.
og han fekk umskjeringsteiknet til innsigle på rettferdi ved den trui som han hadde då han var u-umskoren, av di han skulde vera far til alle dei u-umskorne som trur, so rettferdi kunde verta tilrekna deim og,
12 The father of circumcision to those who not only are of the circumcision, but who also walk in the steps of that faith of our father Abraham, which he had in uncircumcision.
og far til dei umskorne, dei som ikkje berre hev umskjering, men og gjeng i fotfaret av den trui som Abraham, far vår, hadde då han var u-umskoren.
13 For the promise to Abraham and to his descendants that he should be heir of the world was not through the law, but through the righteousness of faith.
For ikkje ved lovi fekk Abraham eller ætti hans den lovnaden at han skulde vera erving til verdi, men ved tru-rettferd.
14 For if those who are of the law are heirs, faith is made void, and the promise is made of no effect.
For er dei som held seg til lovi ervingar, so hev trui vorte gagnlaus og lovnaden til inkjes;
15 For the law works wrath, for where there is no law, neither is there disobedience.
for lovi verkar vreide, men der det ingi lov er, der er ikkje heller lovbrot.
16 For this cause it is of faith, that it may be according to grace, to the end that the promise may be sure to all the descendants, not to that only which is of the law, but to that also which is of the faith of Abraham, who is the father of us all.
Difor fekk han lovnaden ved trui, so det kunde vera som ein nåde, so lovnaden kunde standa fast for all ætti, ikkje berre for den som hev lovi, men og for den som hev Abrahams tru; han som er far til oss alle -
17 As it is written, "I have made you a father of many nations." This is in the presence of him whom he believed: God, who gives life to the dead, and calls the things that are not, as though they were.
som skrive stend: «Til fader åt mange folk hev eg sett deg» - for Guds åsyn som han trudde på, han som gjer dei daude livande og kallar det som ikkje er til, som um det vore til.
18 Who hoped in spite of hopeless circumstances, with the result that he might become the father of many nations, according to that which had been spoken, "so will your descendants be."
Mot von trudde han med von, so han skulde verta far til mange folk, etter det som sagt var: «So skal ætti di verta.»
19 And not being weak in faith, he considered his own body, which was as good as dead (he being about a hundred years old), and the deadness of Sarah's womb.
Og utan veikskap i trui såg han på sin eigen likam, som var utlivd, han var nære på hundrad år, og på det utdøydde morslivet hennar Sara;
20 Yet, looking to the promise of God, he did not waver through unbelief, but grew strong through faith, giving glory to God,
men på Guds lovnad tvila han ikkje med vantru, men vart sterk i trui, med di han gav Gud æra
21 and being fully assured that what he had promised, he was able also to perform.
og var fullviss på at det han hadde lova, var han og megtig til å gjera.
22 And therefore "it was credited to him as righteousness."
Difor vart det og rekna honom til rettferd.
23 Now it was not written that it was credited to him for his sake alone,
Men ikkje berre for hans skuld er det skrive at det vart honom tilrekna,
24 but for our sake also, to whom it will be credited, who believe in him who raised Jesus our Lord from the dead,
men og for vår skuld som det skal verta tilrekna, me som trur på honom som vekte upp Jesus, vår Herre, frå dei daude,
25 who was delivered up for our trespasses, and was raised for our justification.
han som vart gjeven for våre brot og uppvekt til vår rettferdiggjering.