< Numbers 27 >
1 Then drew near the daughters of Zelophehad, the son of Hepher, the son of Gilead, the son of Makir, the son of Manasseh, of the families of Manasseh the son of Joseph; and these are the names of his daughters: Mahlah, Noah, and Hoglah, and Milcah, and Tirzah.
Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa, og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -
2 They stood before Moses, and before Eleazar the priest, and before the princes and all the congregation, at the door of the Tent of Meeting, saying,
dei gjekk fram i møtetjelddøri, og stod framfor Moses og Eleazer, øvstepresten, og alle hovdingarne og heile lyden, og sagde:
3 "Our father died in the wilderness, and he was not among the company of those who gathered themselves together against Jehovah in the company of Korah: but he died in his own sin; and he had no sons.
«Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si synd skuld, og han hadde ingi søner.
4 Why should the name of our father be taken away from among his family, because he had no son? Give to us a possession among the brothers of our father."
Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre!»
5 Moses brought their cause before Jehovah.
Moses bar saki deira fram for Herren.
6 Jehovah spoke to Moses, saying,
Og Herren sagde til Moses:
7 "The daughters of Zelophehad speak right: you shall surely give them a possession of an inheritance among their father's brothers; and you shall cause the inheritance of their father to pass to them.
«Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva deim odel tilliks med farbrørne deira, og lata farsgarden ganga i arv til deim.
8 You shall speak to the children of Israel, saying, 'If a man dies, and has no son, then you shall cause his inheritance to pass to his daughter.
Og til Israels-folket skal du segja: «Når ein mann døyr, og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri.
9 If he has no daughter, then you shall give his inheritance to his brothers.
Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden;
10 If he has no brothers, then you shall give his inheritance to his father's brothers.
og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden;
11 If his father has no brothers, then you shall give his inheritance to his kinsman who is next to him of his family, and he shall possess it: and it shall be to the children of Israel a statute and ordinance, as Jehovah commanded Moses.'"
men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-folket, soleis som Herren hev sagt med Moses.»»
12 Jehovah said to Moses, "Go up into this mountain of Abarim, and see the land which I have given to the children of Israel.
Sidan sagde Herren til Moses: «Stig upp på Abarimfjellet her, og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-sønerne.
13 When you have seen it, you also shall be gathered to your people, as Aaron your brother was gathered;
Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine, som Aron, bror din, fyre deg,
14 because you rebelled against my word in the wilderness of Zin, in the strife of the congregation, to sanctify me at the waters before their eyes." (These are the waters of Meribah of Kadesh in the wilderness of Zin.)
av di de var ulyduge mot meg i Sinheidi, då lyden trætta, og de ikkje vilde syna deim mi guddomsmagt og lata vatnet strøyma fram for augo deira.» - Av det hev Meribavatnet ved Kades i Sinheidi fenge namn.
15 Moses spoke to Jehovah, saying,
Då tala Moses til Herren og sagde:
16 "Let Jehovah, the God of the spirits of all flesh, appoint a man over the congregation,
«Herre, du som kjenner kvar manns hug, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,
17 who may go out before them, and who may come in before them, and who may lead them out, and who may bring them in; that the congregation of Jehovah not be as sheep which have no shepherd."
som kann ganga fyre deim både heime og burte og fylgja deim både ut og inn, so ikkje lyden din skal vera som ein saueflokk utan hyrding!»
18 Jehovah said to Moses, "Take Joshua the son of Nun, a man in whom is the Spirit, and lay your hand on him;
Og Herren sagde til Moses: «Tak Josva, son åt Nun! Han er ein heilag mann. Legg handi på hovudet hans,
19 and set him before Eleazar the priest, and before all the congregation; and commission him in their sight.
og leid honom fram for Eleazar, øvstepresten, og for heile lyden, og set honom inn til styresmann framfor augo deira,
20 You shall put of your honor on him, that all the congregation of the children of Israel may obey.
og gjev honom noko av den vyrdnaden du hev med deg, so kjem heile Israels-lyden til å høyra på honom.
21 He shall stand before Eleazar the priest, who shall inquire for him by the judgment of the Urim before Jehovah: at his word shall they go out, and at his word they shall come in, both he, and all the children of Israel with him, even all the congregation."
Og han skal ganga fram for Eleazar, øvstepresten, og Eleazar skal for Herrens åsyn spyrja urim-oraklet for honom, og etter hans ord skal dei retta seg i alt dei tek seg fyre, både Josva og heile Israels-borni og heile lyden.»
22 Moses did as Jehovah commanded him; and he took Joshua, and set him before Eleazar the priest, and before all the congregation:
Moses gjorde som Moses sagde; han tok og leidde Josva fram for Eleazar, øvstepresten, og heile lyden,
23 and he laid his hands on him, and commissioned him, as Jehovah spoke by Moses.
og Eleazar lagde henderne på honom, og sette honom inn til styresmann, som Herren hadde havt Moses til å segja med honom.