< Esther 8 >
1 On that day, King Achashyerosh gave the house of Haman, the Jews' enemy, to Esther the queen. Mordecai came before the king; for Esther had told what he was to her.
Same dagen gav kong Ahasveros dronning Ester huset hans Haman, jødefienden, og Mordokai fekk koma inn til kongen; for Ester hadde fortalt kva han var for henne.
2 The king took off his ring, which he had taken from Haman, and gave it to Mordecai. Esther set Mordecai over the house of Haman.
Kongen drog av seg signetringen som han hadde teke frå Haman, og gav honom til Mordokai. Og Ester sette Mordokai til å styra huset hans Haman.
3 Esther spoke yet again before the king, and fell down at his feet, and begged him with tears to put away the mischief of Haman the Agagite, and his plot that he had devised against the Jews.
Endå ein gong vende Ester seg til kongen, fall ned for føterne hans, gret og naudbad honom å gjera um inkje den ulukka og den meinrådi som agagiten Haman hadde etla jødarne.
4 Then the king held out to Esther the golden scepter. So Esther arose, and stood before the king.
Kongen rette gullstaven ut mot Ester. Då reis Ester upp og gjekk fram for kongen.
5 She said, "If it pleases the king, and if I have found favor in his sight, and the thing seem right to the king, and I am pleasing in his eyes, let it be written to reverse the letters devised by Haman, the son of Hammedatha the Agagite, which he wrote to destroy the Jews who are in all the king's provinces.
«Tekkjest det kongen, » sagde ho, «og hev eg funne nåde i hans augo, tykkjer kongen det er meining i det, og held han meg gjæv, so lat det ferdast ut eit brev til avlysing av brevi med meinrådi åt agagiten Haman Hammedatason, dei som han ferda ut til å tyna jødarne i alle kongens jarlerike.
6 For how can I endure to see the disaster that would come to my people? How can I endure to see the destruction of my relatives?"
Kor skulda eg orka sjå på den ulukka som kjem yver folket mitt? Kor skulde eg orka sjå på at ætti mi vert tynt?»
7 Then King Achashyerosh said to Esther the queen and to Mordecai the Jew, "See, I have given Esther the house of Haman, and him they have hanged on the gallows, because he laid his hand on the Jews.
Då sagde kong Ahasveros til dronning Ester og jøden Mordokai: «Sjå, eg hev gjeve Ester huset hans Haman, han sjølv er hengd i galgen, av di han vilde leggja hand på jødarne.
8 Write also to the Jews, as it pleases you, in the king's name, and seal it with the king's ring; for the writing which is written in the king's name, and sealed with the king's ring, may not be reversed by any man."
Ferda no de ut eit brev til jødarne i kongens namn, soleis som de tykkjer best, og forsigla det med signetringen åt kongen. For eit skriv som er utferda i kongens namn og forsigla med signetringen åt kongen, kann ikkje verta atterkalla.»
9 Then the king's scribes were called at that time, in the third month Sivan, on the twenty-third day of the month; and it was written according to all that Mordecai commanded to the Jews, and to the satraps, and the governors and officials of the provinces which are from India to Ethiopia, one hundred twenty-seven provinces, to every province according to its writing, and to every people in their language, and to the Jews in their writing, and in their language.
So vart då skrivarane åt kongen straks kalla saman, den tri og tjugande dagen i tridje månaden, månaden sivan, og dei skreiv i alle måtar soleis som Mordokai baud til jødarne og til satraparne og jarlarne og hovdingarne i jarleriki, frå India til Ætiopia, hundrad og sju og tjuge jarlerike; kvart rike fekk brevet med si skrift, kvart folk på sitt tungemål, og jødarne med si skrift og på sitt tungemål.
10 He wrote in the name of King Achashyerosh, and sealed it with the king's ring, and sent letters by courier on horseback, riding on royal horses that were bread from swift steeds.
Han skreiv i namnet åt kong Ahasveros og forsigla med signetringen åt kongen. So sende han brev ikring med ridande snøggbod på tråvarar frå kongens eigne stallar,
11 In those letters, the king granted the Jews who were in every city to gather themselves together, and to defend their life, to destroy, to kill, and to cause to perish, all the power of the people and province that would assault them, their little ones and women, and to plunder their possessions,
at kongen gav jødarne i kvar by lov til å slå seg i hop og verja livet sitt, og rydja ut, drepa og tyna alle væpna flokkar i kvart folk og jarlerike som synte deim fiendskap, alt til born og kvende, og so plundra eigedomarne deira,
12 on one day in all the provinces of King Achashyerosh, on the thirteenth day of the twelfth month, which is the month Adar.
på ein og same dagen i alle jarleriki åt kong Ahasveros, trettande dagen i tolvte månaden, det vil segja månaden adar.
13 A copy of the letter, that the decree should be given out in every province, was published to all the peoples, that the Jews should be ready for that day to avenge themselves on their enemies.
I brevet stod det at det skulde varta utferda ei lov og kunngjord for alle folk i kvart jarlerike: at jødarne skulde vera budde den dagen til å hemna seg på fiendarne sine.
14 So the couriers who rode on royal horses went out, hastened and pressed on by the king's commandment. The decree was given out in the citadel of Shushan.
Snøggbodi på dei konglege tråvarar reid av stad so fort dei kunde på kongens bod, so snart påbodet var utferda i borgi Susan.
15 Mordecai went out of the presence of the king in royal clothing of blue and white, and with a great crown of gold, and with a robe of fine linen and purple; and the city of Shushan shouted and was glad.
Mordokai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klædnad av purpurblått og kvitt ty med ei stor gullkruna, og i ei kåpa av kvitt bomull og purpurraudt ty; og byen Susan jubla og gledde seg.
16 The Jews had light, gladness, joy, and honor.
For jødarne rana no ljos og gleda, fagnad og vyrdnad.
17 In every province, and in every city, wherever the king's commandment and his decree came, the Jews had gladness, joy, a feast, and a good day. Many from among the peoples of the land became Jews; for the fear of the Jews was fallen on them.
Og i kvart jarlerike og i kvar ein by som kongens ord og påbod nådde til, der vart det gleda og fagnad på jødarne, med gilde og høgtid. Mange av folki i landet gjekk yver til jødedomen, so stor otte hadde dei fenge for jødarne.