< Deuteronomy 8 >

1 You shall observe to do all the commandment which I command you this day, that you may live, and multiply, and go in and possess the land which Jehovah swore to your fathers.
Alle dei bodi eg legg fyre dykk i dag, skal de bera i hugen og liva etter deim; då skal de trivast og aukast og koma til å eiga landet Herren hev lova federne dykkar.
2 You shall remember all the way which Jehovah your God has led you these forty years in the wilderness, that he might humble you, to prove you, and to know what was in your heart, whether you would keep his commandments, or not.
Kom i hug den lange leidi Herren, din Gud, let deg fara i øydemarki i desse fyrti åri! Han vilde gjera deg mjuk og røyna deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, um du vilde halda bodi hans eller ikkje.
3 He humbled you, and allowed you to be hungry, and fed you with manna, which you did not know, neither did your fathers know; that he might make you know that humankind cannot live by bread alone, but by every word that proceeds out of the mouth of God shall humankind live.
Difor let han deg svelta og lida vondt, og so metta han deg atter med manna, som du ikkje kjende til, og federne dine ikkje heller, so du skulde vita at menneskja liver ikkje berre av brød, men at kvart ord som kjem frå Guds munn, gjev menneskja liv.
4 Your clothing did not grow old on you, neither did your foot swell, these forty years.
Klædi dine vart ikkje utslitne, og foten din trutna ikkje i desse fyrti åri.
5 You shall consider in your heart that as a man chastens his son, so Jehovah your God chastens you.
So må du då skyna at Herren, din Gud, vilde tukta og rettleida deg, liksom ein far når han tuktar upp son sin.
6 You shall keep the commandments of Jehovah your God, to walk in his ways, and to fear him.
Haldt då bodi åt Herren, din Gud! Gakk på hans vegar, og hav age for honom!
7 For Jehovah your God brings you into a good and spacious land, a land of brooks of water, of springs, and underground water flowing into valleys and hills;
For Herren, din Gud, fører deg inn i eit godt land, eit land med bekkjer og løkjer og kjeldor, som kjem fram i dal og på fjell,
8 a land of wheat and barley, and vines and fig trees and pomegranates; a land of olive trees and honey;
eit land med kveite og bygg, med vintre og fiketre og aplar, med oljetre og honning;
9 a land in which you shall eat bread without scarcity, and in which you will lack nothing; a land whose stones are iron, and out of whose hills you may dig copper.
der tarv du ikkje eta brødet ditt i armod; der skal du ingen ting vanta; der er steinarne av jarn, og or fjelli kann du brjota ut kopar.
10 You shall eat and be full, and you shall bless Jehovah your God for the good land which he has given you.
Når du so nyt godt av alt dette, takka då Herren, din Gud, for det gilde landet han gav deg!
11 Beware lest you forget Jehovah your God, in not keeping his commandments, and his ordinances, and his statutes, which I command you this day:
Agta deg at du ikkje gløymer Herren, din Gud, og bodi og fyresegnerne og loverne hans, som eg legg fyre deg no!
12 lest, when you have eaten and are full, and have built goodly houses, and lived in them;
Når du hev nøgdi av mat, og byggjer deg væne hus til å bu i,
13 and when your herds and your flocks multiply, and your silver and your gold is multiplied, and all that you have is multiplied;
og buskapen din økslar seg, både stort og smått, og sylv- og gullhaugen veks, og all din eigedom aukar,
14 then your heart be lifted up, and you forget Jehovah your God, who brought you forth out of the land of Egypt, out of the house of bondage;
lat ikkje då ovmod få rom i hjarta ditt, so du gløymer Herren, din Gud, han som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset,
15 who led you through the great and terrible wilderness, with fiery serpents and scorpions, and thirsty ground where there was no water; who brought you forth water out of the rock of flint;
han som førde deg gjenom den store, øgjelege øydemarki, millom eiterormar og skorpionar og yver vatslaust turrlende, han som let vatnet strøyma ut åt deg or harde berget,
16 who fed you in the wilderness with manna, which your fathers did not know; that he might humble you, and that he might prove you, to do you good at your latter end:
han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg.
17 and lest you say in your heart, "My power and the might of my hand has gotten me this wealth."
Seg ikkje med deg sjølv: «Det er mi eigi kraft og mi sterke hand som hev vunne meg denne rikdomen.»
18 But you shall remember Jehovah your God, for it is he who gives you power to get wealth; that he may establish his covenant which he swore to your fathers, as at this day.
Kom i hug at det var Herren, din Gud, som gav deg kraft til å vinna rikdom, av di han vil halda det han lova federne dine, soleis som han til dessa hev gjort.
19 It shall be, if you shall forget Jehovah your God, and walk after other gods, and serve them, and worship them, I testify against you this day that you shall surely perish.
Men gløymer du Herren, og held deg til andre gudar, og tener deim, og bøygjer kne for deim, so er det ute med dykk, det segjer eg dykk for visst.
20 As the nations that Jehovah makes to perish before you, so you shall perish; because you wouldn't listen to the voice of Jehovah your God.
Liksom dei folki Herren no gjer ende på for dykkar skuld, soleis skal de og ganga til grunnar, for di de ikkje lyder Herren, dykkar Gud.

< Deuteronomy 8 >