< Deuteronomy 6 >

1 Now this is the commandment, the statutes, and the ordinances, which Jehovah your God commanded to teach you, that you might do them in the land where you go over to possess it;
Dette er dei bodi og loverne og rettarne som Herren, dykkar Gud, sagde eg skulde læra dykk, og som han vil de skal liva etter i det landet de er på vegen til og skal leggja under dykk.
2 that you might fear Jehovah your God, to keep all his statutes and his commandments, which I command you, you, and your son, and your son's son, all the days of your life; and that your days may be prolonged.
Ottast du Herren, din Gud, og held du heile ditt liv alle bodi og loverne hans, som eg ber fram for deg no, du og son din og soneson din, då skal dagarne dine verta mange på jordi.
3 Hear therefore, Israel, and observe to do it; that it may be well with you, and that you may increase mightily, as Jehovah, the God of your fathers, has promised to you, in a land flowing with milk and honey.
So høyr då bodi hans, Israel, og ber deim i hugen, og liv etter deim! Då skal det ganga deg vel, og de skal aukast og trivast i eit land som fløymer med mjølk og honning, soleis som Herren, din fedregud, hev sagt med deg.
4 Hear, Israel: Jehovah is our God, Jehovah is one.
Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren åleine.
5 And you shall love Jehovah your God with all your heart, and with all your soul, and with all your might.
Du skal elska Herren, din Gud, av alt ditt hjarta og av all din hug og av all di magt.»
6 These words, which I command you this day, shall be on your heart;
Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;
7 and you shall teach them diligently to your children, and shall talk of them when you sit in your house, and when you walk by the way, and when you lie down, and when you rise up.
og du skal prenta deim inn i borni dine, og tala um deim når du sit heime, og når du gjeng etter vegen, og når du legg deg, og når du ris upp att;
8 You shall bind them for a sign on your hand, and they shall be for symbols between your eyes.
og du skal binda deim på handi di til eit merke, og bera deim som eit hovudband yver augo,
9 You shall write them on the door posts of your house, and on your gates.
og skriva deim på dørskierne i huset ditt og på portarne dine.
10 It shall be, when Jehovah your God shall bring you into the land which he swore to your fathers, to Abraham, to Isaac, and to Jacob, to give you, great and goodly cities, which you did not build,
No fører Herren din Gud deg inn i det landet som han lova federne dine, Abraham og Isak og Jakob, at han vilde gjeva deg, til store og væne byar som du ikkje hev bygt,
11 and houses full of all good things, which you did not fill, and cisterns dug out, which you did not dig, vineyards and olive trees, which you did not plant, and you shall eat and be full;
og fulle hus, som du ikkje hev fyllt, til gravne brunnar, som du ikkje hev grave, og hagar med vin- og oljetre, som du ikkje hev sett. Når du då nyt godt av alt dette,
12 then beware lest you forget Jehovah, who brought you forth out of the land of Egypt, out of the house of bondage.
so agta deg at du ikkje gløymer Herren, som henta deg ut or Egyptarlandet, or slavehuset.
13 You shall fear Jehovah your God; and you shall serve him only, and you shall cling to him, and take oaths by his name.
Herren, din Gud, skal du ottast, og honom skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
14 You shall not go after other gods, of the gods of the peoples who are around you;
Far ikkje etter andre gudar, som folki rundt ikring dykkar fer etter!
15 for Jehovah your God in the midst of you is a jealous God; lest the anger of Jehovah your God be kindled against you, and he destroy you from off the face of the earth.
For Herren, din Gud, som er midt imillom dykk, han er ein streng Gud; han kunde harmast på dykk, so han rudde dykk ut or verdi.
16 Do not test Jehovah your God, as you tested him at Massah.
De må ikkje freista Herren, dykkar Gud, soleis som de gjorde i Massa.
17 You shall diligently keep the commandments of Jehovah your God, and his testimonies, and his statutes, which he has commanded you.
Trutt skal de fylgja dei bodi og loverne og fyresegnerne som Herren, din Gud, hev gjeve deg,
18 You shall do that which is right and good in the sight of Jehovah; that it may be well with you, and that you may go in and possess the good land which Jehovah swore to your fathers,
og gjera det som er godt og rett i hans augo. Då skal det ganga deg vel; du skal få eiga det gilde landet som Herren lova federne dine,
19 to thrust out all your enemies from before you, as Jehovah has spoken.
og han skal driva ut alle fiendar for deg, soleis som han hev sagt.
20 When your son asks you in time to come, saying, "What do the testimonies, the statutes, and the ordinances, which Jehovah our God has commanded you mean?"
Når son din sidan spør deg: «Korleis er det med desse loverne og fyresegnerne og bodi som Herren, vår Gud, hev gjeve dykk?»
21 then you shall tell your son, "We were Pharaoh's bondservants in Egypt: and Jehovah brought us out of Egypt with a mighty hand;
då skal du segja med honom: «Me var trælar hjå Farao i Egyptarland; men Herren førde oss med fast hand ut or Egyptarlandet.
22 and Jehovah showed great and awesome signs and wonders on Egypt, on Pharaoh, and on all his house, before our eyes;
Og Herren let store og øgjelege teikn og under henda i Egyptarland, med Farao og heile folket hans, midt for augo våre.
23 and he brought us out from there, that he might bring us in, to give us the land which he swore to our fathers.
Men oss førde han burt; han vilde fylgja oss til det landet han hadde lova federne våre, og gjeva oss det.
24 Jehovah commanded us to do all these statutes, to fear Jehovah our God, for our good always, that he might preserve us alive, as at this day.
Då sette han oss fyre å halda alle desse bodi, og ottast Herren, vår Gud, so det skulde ganga oss vel alle dagar, og han kunde lata oss liva, som han til dessa hev gjort.
25 It shall be righteousness to us, if we observe to do all this commandment before Jehovah our God, as he has commanded us."
Og det skal reknast oss til rettferd at me held alle desse bodi og liver etter deim for Herrens augo, soleis som han hev sagt oss.»

< Deuteronomy 6 >