< Deuteronomy 15 >
1 At the end of every seven years you shall make a release.
Sjuande kvart år skal vera eit ettergjevingsår;
2 This is the way of the release: every creditor shall release that which he has lent to his neighbor; he shall not exact it of his neighbor and his brother; because Jehovah's release has been proclaimed.
med dette hev det seg so: Den som hev eit lån til gode hjå grannen sin, skal gjeva det etter; han skal ikkje krevja ein granne eller landsmann når dei hev lyst ettergjeving i Herrens namn.
3 Of a foreigner you may exact it: but whatever of yours is with your brother your hand shall release.
Dei framande kann du krevja, men det du hev hjå landsmannen din, skal du gjeva etter.
4 However there shall be no poor with you; (for Jehovah will surely bless you in the land which Jehovah your God gives you for an inheritance to possess it; )
Med retten skulde det no ikkje finnast fatige hjå deg; for Herren, din Gud, vil velsigna deg i det landet han gjev deg til odel og eiga,
5 if only you diligently listen to the voice of Jehovah your God, to observe to do all this commandment which I command you this day.
so sant du berre lyder honom og held desse bodi, som eg ber fram for deg no.
6 For Jehovah your God will bless you, as he promised you: and you shall lend to many nations, but you shall not borrow; and you shall rule over many nations, but they shall not rule over you.
Ja Herren, din Gud, vil velsigna deg, som han hev lova, og du skal låna til mange folk, men sjølv skal du ikkje trenga noko lån, og du skal råda yver mange folk, men dei skal ikkje råda yver deg.
7 If a poor man, one of your brothers, is with you within any of your gates in your land which Jehovah your God gives you, you shall not harden your heart, nor shut your hand from your poor brother;
Finst det nokon fatig millom landsmennerne dine, i dei byarne som Herren, din Gud, vil gjeva deg, so ver ikkje hardhjarta, og lat ikkje att handi for den fatige bror din,
8 but you shall surely open your hand to him, and shall surely lend him sufficient for his need, which he lacks.
men opna handi di for honom, og lån honom det han vantar og treng!
9 Be careful lest there be a wicked thought in your heart, saying, "The seventh year, the year of release, is at hand"; and your eye be evil against your poor brother, and you give him nothing; and he cry to Jehovah against you, and it be sin to you.
Agta deg att det ikkje kjem upp noko vondt i hjarta ditt, når du tenkjer på at det lid nær innåt det sjuande året, ettergjevingsåret, so du ser med ublide augo på den fatige bror din, og ikkje gjev honom noko; for då kjem han til å klaga deg for Herren, og du fær synd på deg.
10 You must surely give to him, and your heart is not to be grieved when you give to him; because for this thing Jehovah your God will bless you in all your work, and in all that you put your hand to.
Gjev honom med godhug og tregelaust; det er for den skuld Herren, din Gud, velsignar deg i alt du gjer og tek deg fyre.
11 For the poor will never cease out of the land: therefore I command you, saying, You shall surely open your hand to your brother, to your needy, and to your poor, in your land.
Fatige kjem det stødt til å finnast i landet; difor segjer eg deg: Opne handi di for bror din, for dei arme og fatige i landet ditt!
12 If your brother, a Hebrew man, or a Hebrew woman, is sold to you, and serves you six years; then in the seventh year you shall let him go free from you.
Når ein landsmann - ein hebræar, kar eller kvinna - hev selt til deg, so skal han tena hjå deg seks år; i det sjuande året skal du gjeva honom fri, so han kann fara kvar han vil.
13 When you let him go free from you, you shall not let him go empty:
Og når du gjev honom fri, skal du ikkje senda honom frå deg tomhendt.
14 you shall furnish him liberally out of your flock, and out of your threshing floor, and out of your winepress, in proportion as Jehovah your God has blessed you, you shall give to him.
Du skal reida honom ut vel, både med småfe og med korn og vin; i same mun som Herren, din Gud, hev velsigna deg, skal du gjeva honom.
15 You shall remember that you were a bondservant in the land of Egypt, and Jehovah your God redeemed you: therefore I command you this thing today.
Kom i hug at du sjølv var træl i Egyptarland, og at Herren, din Gud, fria deg ut; difor gjev eg deg i dag dette bodet.
16 It shall be, if he tells you, "I will not go out from you"; because he loves you and your house, because he is well with you;
Men segjer tenaren at han ikkje vil skiljast ifrå deg, av di han hev det godt hjå deg og held av deg og folket ditt,
17 then you shall take an awl, and thrust it through his ear to the door, and he shall be your servant forever. Also to your female servant you shall do likewise.
so skal du taka ein syl og stinga gjenom øyra hans og inn i hurdi, og sidan skal han tena deg all si tid. Sameleis skal du gjera med tenestgjenta di.
18 It shall not seem hard to you, when you let him go free from you; for to the double of the hire of a hireling has he served you six years: and Jehovah your God will bless you in all that you do.
Du skal ikkje trega på at du lyt sleppa deim frå deg; for han hev arbeidt for deg i seks år, og leigefolk hadde kosta deg tvo gonger so mykje. Kom i hug dette, so skal Herren, din Gud, velsigna deg i alt du gjer!
19 All the firstborn males that are born of your herd and of your flock you shall sanctify to Jehovah your God: you shall do no work with the firstborn of your herd, nor shear the firstborn of your flock.
Alle frumborne handyr i buskapen din skal du vigja til Herren din Gud. Frumborne uksar må du ikkje hava til arbeids, og frumborne sauer må du ikkje klyppa.
20 You shall eat it before Jehovah your God year by year in the place which Jehovah shall choose, you and your household.
For Herrens åsyn skal du eta deim, år etter år, du og huslyden din, på den staden som Herren hev valt seg ut.
21 If it has any blemish, is lame or blind, or has any defect whatever, you shall not sacrifice it to Jehovah your God.
Er det nokon lyte på deim, er dei halte eller blinde eller hev noko anna leidt lyte, då skal du ikkje ofra deim til Herren, din Gud;
22 You shall eat it within your gates: the unclean and the clean shall eat it alike, as the gazelle, and as the deer.
men heime hjå dykk sjølve kann de eta deim anten det er reine og ureine, liksom det var gasella eller hjort,
23 Only you shall not eat its blood; you shall pour it out on the ground as water.
so nær som blodet; det må de ikkje eta; du skal slå det ut på marki som vatn.