< 2 Chronicles 6 >
1 Then Solomon said, "Jehovah has said that he would dwell in the thick cloud.
Då sagde Salomo: «Herren hev sagt at han vil bu i dimma.
2 But I have built you a house of habitation, and a place for you to dwell in forever."
Men eg hev bygt eit hus til bustad åt deg, og ein stad der du kann dvelja ævelegt.»
3 The king turned his face, and blessed all the assembly of Israel: and all the assembly of Israel stood.
So snudde kongen seg og velsigna heile Israels-lyden, medan heile Israels-lyden stod.
4 He said, "Blessed be Jehovah, the God of Israel, who spoke with his mouth to David my father, and has with his hands fulfilled it, saying,
Og han sagde: «Lova vere Herren, Israels Gud, som hev fullenda det med handi si som hans munn tala til David, far min, den gongen han sagde:
5 'Since the day that I brought forth my people out of the land of Egypt, I chose no city out of all the tribes of Israel to build a house in, that my name might be there; nor did I choose any man to be a leader over my people Israel:
«Frå den tid då eg henta folket mitt ut or Egyptarland, hev eg ikkje valt ut nokon by av Israels ætter til å byggja eit hus i som namnet mitt kunde bu i, og eg hev ikkje kåra nokon mann til å vera styrar yver Israel, folket mitt;
6 but I chose Jerusalem, that my name may be there; and I chose David to be over my people Israel.'
men no hev eg valt Jerusalem til at namnet mitt kann bu der, og eg hev kåra David til å styra yver Israel, folket mitt.»
7 Now it was in the heart of David my father to build a house for the name of Jehovah, the God of Israel.
Og David, far min, var meint på å byggja eit hus for namnet åt Herren, Israels Gud.
8 But Jehovah said to David my father, 'Whereas it was in your heart to build a house for my name, you did well that it was in your heart:
Men Herren sagde til David, far min: «Når du hev vore meint å byggja eit hus for mitt namn, då hev du gjort vel med at du hev slikt i tanken;
9 nevertheless you shall not build the house; but your son who shall come forth out of your body, he shall build the house for my name.'
like vel skal ikkje du byggja huset, men son din, som gjeng ut or lenderne dine, han skal byggja huset for mitt namn.»
10 "Jehovah has performed his word that he spoke; for I have risen up in the place of David my father, and sit on the throne of Israel, as Jehovah promised, and have built the house for the name of Jehovah, the God of Israel.
No hev Herren sett i verk det ordet som han tala; og eg er komen i far min’s stad, og hev sett meg på Israels kongsstol, soleis som Herren hev sagt det, og eg hev bygt huset for namnet åt Herren, Israels Gud.
11 There I have set the ark, in which is the covenant of Jehovah, which he made with the children of Israel."
Og der hev eg sett den kista som gøymer Herrens samband er i, det som han gjorde med Israels-borni.»
12 He stood before the altar of Jehovah in the presence of all the assembly of Israel, and spread forth his hands
So stelte han fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden og breidde ut henderne.
13 (for Solomon had made a bronze scaffold, eight feet and seven inches long, and eight feet and seven inches broad, and five feet and two inches high, and had set it in the midst of the court; and on it he stood, and kneeled down on his knees before all the assembly of Israel, and spread forth his hands toward heaven; )
For Salomo hadde gjort ein tram av kopar, fem alner lang, fem alner breid og tri alner høg, og hadde sett honom midt i garden; på den stod han; og han fall på kne framfyre heile Israels-lyden og breidde ut henderne mot himmelen,
14 and he said, "Jehovah, God of Israel, there is no God like you, in heaven, or on earth; you who keep covenant and loving kindness with your servants, who walk before you with all their heart;
og sagde: «Herre, Israels Gud, det finst ingen Gud som du i himmelen eller på jordi, du som held uppe sambandet og nåden mot tenararne dine når dei ferdast for di åsyn med heile sitt hjarta,
15 who have kept with your servant David my father that which you promised him: yes, you spoke with your mouth, and have fulfilled it with your hand, as it is this day.
du som hev halde det du lova tenaren din, David, far min, og som hev fullenda med handi det du tala med munnen, som det syner seg i dag.
16 "Now therefore, Jehovah, the God of Israel, keep with your servant David my father that which you have promised him, saying, 'There shall not fail you a man in my sight to sit on the throne of Israel, if only your children take heed to their way, to walk in my law as you have walked before me.'
So haldt no og, Herre, Israels Gud, det som du lova tenaren din, David, far min, då du sagde: «Aldri skal den tid koma at det ikkje sit ein mann av di ætt på Israels kongsstol for mi åsyn, når berre sønerne dine vil taka på vegen sin og ferdast i mi lov, liksom du hev ferdast for mi åsyn.»
17 Now therefore, Jehovah, the God of Israel, let your word be verified, which you spoke to your servant David.
So lat no, Herre, Israels Gud, det ordet sannast som du hev tala til tenaren din, David!
18 "But will God indeed dwell with humankind on the earth? Look, heaven and the highest heaven can't contain you; how much less this house which I have built.
Men kann då Gud i røyndi bu hjå menneski på jordi? Sjå himlarne, ja himle-himlarne kann ikkje røma deg, kor mykje mindre då dette huset som eg hev bygt!
19 Yet have respect for the prayer of your servant, and to his petition, Jehovah my God, to listen to the cry and to the prayer which your servant prays before you;
Men vend deg like vel til bøni åt tenaren din, og hans påkalling, Herre, min Gud, so du høyrer på det ropet og den bøni som tenaren din bed for di åsyn,
20 that your eyes may be open toward this house day and night, even toward the place where you have said that you would put your name; to listen to the prayer which your servant shall pray toward this place.
og let augo dine vera opne mot dette huset dag og natt, mot den staden der du hev lova at namnet ditt skal bu, so du høyrer på den bøni som tenaren din vender mot denne staden,
21 Listen to the petitions of your servant, and of your people Israel, when they shall pray toward this place: yes, hear from your dwelling place, even from heaven; and when you hear, forgive.
og høyr på den påkalling som tenaren din og Israel, folket ditt, vender imot denne staden; høyr ifrå den staden der du bur, frå himmelen, høyr og tilgjev!
22 "If a man sins against his neighbor and obliges him to take an oath, and he comes to take an oath before your altar in this house;
Forsyndar einkvar seg mot næsten sin, og dei legg ein eid på honom, so ein let honom sverja, og han kjem inn og sver framfyre altaret ditt i dette huset,
23 then hear from heaven, and do, and judge your servants, bringing retribution to the wicked, to bring his way on his own head; and justifying the righteous, to give him according to his righteousness.
so må du høyra frå himmelen og setja i verk og døma imillom tenararne dine, med di du gjev den skuldige attergjeld, og let honom lida for si åtferd, og frikjenner den rettferdige og let honom få etter si rettferd.
24 "If your people Israel be struck down before the enemy, because they have sinned against you, and shall turn again and confess your name, and pray and make petition before you in this house;
Og um folket ditt, Israel, fær usiger mot fienden for di dei syndar imot deg, og dei so vender um og vedkjennest ditt namn, og bed og påkallar for di åsyn i dette huset,
25 then hear from heaven, and forgive the sin of your people Israel, and bring them again to the land which you gave to them and to their fathers.
so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva Israel, folket ditt, den syndi dei gjorde, og føra deim heim att til det landet som du hev gjeve deim og federne deira.
26 "When the sky is shut up, and there is no rain, because they have sinned against you; if they pray toward this place, and confess your name, and turn from their sin, when you punish them:
Når himmelen let seg att, og regnet ikkje kjem, for di dei syndar imot deg, og dei so snur seg imot denne staden med bøn, og dei vedkjennest ditt namn og vender um frå syndi si av di du audmykjer deim,
27 then hear in heaven, and forgive the sin of your servants, and of your people Israel, when you teach them the good way in which they should walk; and send rain on your land, which you have given to your people for an inheritance.
so må du høyra det frå himmelen og tilgjeva tenararne dine og Israel, folket ditt, syndi deira, for du lærer deim den gode vegen dei skal ganga på, og du må gjeva regn yver landet ditt, som du hev gjeve folket ditt til odel og eiga.
28 "If there is famine in the land, if there is pestilence, if there is blight or mildew, locust or caterpillar; if their enemies besiege them in the land of their gates; whatever plague or whatever sickness there is;
Når det kjem uår i landet, når det kjem farsott, når det kjem moldaks og rust, eller det kjem engspettor og åmor, eller fiendarne deira trengjer deim i det landet der byarne deira er, eller kva for ei plåga eller sjukdom det er,
29 whatever prayer and petition be made by any man, or by all your people Israel, who shall know every man his own plague and his own sorrow, and shall spread forth his hands toward this house:
kvar gong det då stig upp ei bøn eller audmjuk påkalling frå noko menneskje eller frå heile ditt folk Israel, med di kvar og ein kjenner si plåga og pina og retter ut henderne sine mot dette huset,
30 then hear from heaven, your dwelling place and forgive, and render to every man according to all his ways, whose heart you know; (for you, even you only, know the hearts of the children of humankind; )
so må du høyra frå himmelen, den staden der du bur, og tilgjeva, med di du gjev kvar mann lika for all hans ferd, av di du kjenner hjarta hans - for einast du kjenner mannehjarta -
31 that they may fear you, to walk in your ways, so long as they live in the land which you gave to our fathers.
so dei må ottast deg og fylgja dine vegar all den tid dei liver på den jordi som du hev gjeve federne våre.
32 "Moreover concerning the foreigner, who is not of your people Israel, when he shall come from a far country for the sake of your name, for they shall hear of your great name, and your mighty hand, and your outstretched arm, when they shall come and pray toward this house,
Jamvel den framande, som ikkje høyrer til Israel, folket ditt, men kjem frå eit land langt burte, for ditt store namn, di sterke hand og din strake arm skuld, når dei kjem og vender bønerne sine mot dette huset,
33 then hear from heaven, even from your dwelling place, and do according to all that the foreigner calls to you for; that all the peoples of the earth may know your name, and fear you, as does your people Israel, and that they may know that this house which I have built is called by your name.
då må du høyra frå himmelen, frå den staden der du bur, og gjera alt som den framande ropar til deg um, so alle folk på jordi må læra å kjenna namnet ditt og ottast deg, liksom Israel, folket ditt, og skyna at dette huset som eg hev bygt, er uppkalla etter ditt namn.
34 "If your people go out to battle against their enemies, by whatever way you shall send them, and they pray to you toward this city which you have chosen, and the house which I have built for your name;
Når folket ditt fer ut i herferd mot fiendarne sine, på den vegen som du sender deim, og dei so bed til deg med andlitet imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt åt namnet ditt,
35 then hear from heaven their prayer and their petition, and maintain their cause.
då må du frå himmelen høyra bøni og påkallingi deira, og hjelpa deim til retten sin.
36 "If they sin against you (for there is no man who doesn't sin), and you are angry with them, and deliver them to the enemy, so that they carry them away captive to a land far off or near;
Og når dei syndar mot deg - for det finst ikkje noko menneskje som ikkje syndar - og du harmast på deim og let fienden få magt yver deim, so han fangar deim og fører deim burt til eit land langt av leid eller nær ved,
37 yet if they shall repent themselves in the land where they are carried captive, and repent and make petition to you in the land of their captivity, saying, 'We have sinned, we have done perversely, and have dealt wickedly;'
og dei so tenkjer seg um i det landet der dei er fangar, og vender um og bed deg um nåde i det landet der dei er i utlægdi si, og sannar: «Me hev synda, me hev gjort ille og vore ugudlege, »
38 if they return to you with all their heart and with all their soul in the land of their captivity, where they have carried them captive, and pray toward their land, which you gave to their fathers, and the city which you have chosen, and toward the house which I have built for your name:
og dei vender um til deg med heile sitt hjarta og all si sjæl i det landet dei er burtførde til og fangar i, og dei bed med di deg snur seg imot landet sitt, som du hev gjeve federne deira, imot den byen som du hev valt ut, og det huset eg hev bygt for namnet ditt,
39 then hear from heaven, even from your dwelling place, their prayer and their petitions, and maintain their cause, and forgive your people who have sinned against you.
so må du høyra på bøni og påkallingi deira frå himmelen der du bur, og hjelpa deim til sin rett og tilgjeva folket ditt det som det hev synda imot deg.
40 "Now, my God, let, I beg you, your eyes be open, and let your ears be attentive, to the prayer that is made in this place.
So vere då, min Gud, augo dine opne, og øyro dine agte på bøni på denne staden!
41 "Now therefore arise, Jehovah God, into your resting place, you, and the ark of your strength: let your priests, Jehovah God, be clothed with salvation, and let your faithful ones rejoice in what is good.
So reis deg då, Herre Gud, og kom til kvilestaden din, du med di velduge kista! Lat prestarne dine, Herre Gud, klæda seg i frelsa, og dine gudlege gleda yver det gode!
42 "Jehovah God, do not turn away the face of your anointed one. Remember your loving kindnesses to David your servant."
Herre Gud, vis ikkje ifrå deg åsyni åt den du hev salva, kom i hug nåden mot David, tenaren din!»