< Isaiah 15 >

1 The burden of Moab: for in a night, Ar of Moab is laid waste, and brought to nothing; for in a night Kir of Moab is laid waste, and brought to nothing.
Framsegn um Moab. Ja, på ei natt vert Ar-Moab øydelagt og gjort ende på! ja, på ei natt vert Kir-Moab øydelagt og gjort ende på.
2 They have gone up to the temple, and to Dibon, to the high places to weep. Moab wails over Nebo and over Medeba. On every head is baldness. Every beard is cut off.
Dei stig upp til huset og til Dibon på haugarne og vil gråta; Moab jamrar seg på Nebo og Medeba. Kvart hovud er snaudt, kvart skjegg avraka.
3 In their streets, they dress themselves in sackcloth; on their roofs and in their squares, everyone wails, weeping abundantly.
På gatorne sveiper dei sekk um seg, på tak og på torg jamrar deim alle, tårorne fløymer.
4 Heshbon cries out with Elealeh. Their voice is heard even to Jahaz. Therefore the armed men of Moab cry aloud. Their souls tremble within them.
Hesbon og El’ale klagar høgmælt, so det høyrest radt til Jahas. Difor jamrar og hermennerne åt Moab seg! hans sjæl skjelv i honom.
5 My heart cries out for Moab. Her Nazirites flee to Zoar, to Eglath Shelishiyah; for they go up by the ascent of Luhith with weeping; for in the way of Horonaim, they raise up a cry of destruction.
Hjarta mitt klagar yver Moab, for rømingarne hans flyr radt til Soar, til Triårs-kviga; gråtande gjeng dei upp stigen til Luhit, og på vegen til Horonajim jamrar dei høgt yver øydeleggjingi.
6 For the waters of Nimrim will be desolate; for the grass has withered away, the tender grass fails, there is no green thing.
Ja, Nimrimsvatni vert øydemarker, graset turkast upp, brodden visnar, eit grønt strå er ikkje meir å sjå.
7 Therefore they will carry away the abundance they have gotten, and that which they have stored up, over the Brook of the Willows.
Difor ber dei det som dei hev drege saman, sitt uppsparde gods, yver Vierbekken.
8 For the cry has gone around the borders of Moab; its wailing as far as Eglaim, and its wailing as far as Beer Elim.
Ja, klageropi gjeng yver alt Moabs land; til Eglajim når deira våling, og til Be’er-Elim når deira våling.
9 For the waters of Dibon are full of blood; for I will bring yet more on Dibon, a lion on those of Moab who escape, and on the remnant of the land.
For Dimonsvatnet er fullt av blod. Og endå meir let eg koma yver Dimon: ei løva yver deim som er berga av Moab, yver leivningen i landet.

< Isaiah 15 >