< 1 Kings 5 >

1 Hiram king of Tyre sent his servants to Solomon; for he had heard that they had anointed him king in the place of his father: for Hiram was ever a lover of David.
Og Hiram, kongen i Tyrus, sende tenarane sine til Salomo, då han no hadde frett at han var salva til konge etter David, far sin; for Hiram hadde alltid vore til vens med David.
2 Solomon sent to Hiram, saying,
Og Salomo sende bod til Hiram med den helsingi:
3 "You know how that David my father could not build a house for the name of the LORD his God for the wars which were about him on every side, until the LORD put them under the soles of his feet.
«Du veit at David, far min, ikkje kunde bygja noko hus for namnet åt Herren, hans Gud, av di han fekk ufred med fiendarne på alle kantar, til dess Herren lagde deim under føterne hans.
4 But now the LORD my God has given me rest on every side. There is neither adversary, nor evil occurrence.
Men no hev Herren, min Gud, late meg få ro til alle sidor; der er ingen motmann og ingen fåre.
5 Look, I purpose to build a house for the name of the LORD my God, as the LORD spoke to David my father, saying, 'Your son, whom I will set on your throne in your place, he shall build the house for my name.'
Difor hev eg sett meg fyre at eg vil byggja eit hus for namnet åt Herren, min Gud, etter det Herren sagde til David, far min: «Son din, som eg vil setja i kongsstolen i din stad, han skal byggja huset åt namnet mitt.»
6 Now therefore command that they cut me cedar trees out of Lebanon. My servants shall be with your servants; and I will give you wages for your servants according to all that you shall say. For you know that there is not among us any who knows how to cut timber like the Sidonians."
Gjev no difor påbod um at dei skal fella ceder åt meg på Libanon! Arbeidsfolket mitt skal vera med arbeidsfolket ditt, og eg skal gjeva deg den løn folket ditt skal hava, plent som du vil. For du veit sjølv at det finst ingen millom oss som skynar seg so godt på skogshogster som sidoniarane.»
7 It happened, when Hiram heard the words of Solomon, that he rejoiced greatly, and said, "Blessed is the LORD this day, who has given to David a wise son over this great people."
Då Hiram høyrde denne helsingi frå Salomo, vart han ovleg glad og sagde: «Lova vere Herren i dag, som hev gjeve David ein vis son til hovding yver dette mangmente folket!»
8 Hiram sent to Solomon, saying, "I have heard the message which you have sent to me. I will satisfy all your desire concerning cedar wood and concerning the wood of evergreens.
Og Hiram sende bod til Salomo med den helsingi: «Eg hev høyrt den buskapen du hev sendt meg; eg skal gjera alt det du ynskjer med umsyn til cedertrei og cypresstrei.
9 My servants shall bring them down from Lebanon to the sea. I will make them into rafts to go by sea to the place that you shall appoint me, and will cause them to be broken up there, and you shall receive them. You shall accomplish my desire, in giving food for my household."
Arbeidsfolket mitt skal få deim ned frå Libanon til havet; so skal eg få deim lagde i hop i flotar på havet, og føra deim til den staden som du gjev meg bod um; der skal eg få deim tekne frå kvarandre, og so fær du henta deim. Men so skal du gjera meg til viljes med å forsyna huset mitt med matvaror.»
10 So Hiram gave Solomon timber of cedar and timber of fir according to all his desire.
So let Hiram Salomo få alt han vilde hava av cedertre og cypresstre,
11 Solomon gave Hiram twenty thousand cors of wheat for food to his household, and twenty thousand baths of pure oil. Solomon gave this to Hiram year by year.
og Salomo gav Hiram seksti tusund tunnor kveite til hushaldet hans og seksti tunnor olje av sundstøytte oljebær. Dette let Salomo Hiram få kvart år.
12 The LORD gave Solomon wisdom, as he promised him; and there was peace between Hiram and Solomon; and the two of them made a covenant.
Og Herren gav Salomo visdom, soleis som han hadde lova honom, og det var fred millom Hiram og Salomo; dei tvo gjorde eit samband med einannan.
13 King Solomon raised a levy out of all Israel; and the levy was thirty thousand men.
Kong Salomo tok so ut pliktarbeidarar i heile Israel; og dei var tretti tusund mann.
14 He sent them to Lebanon, ten thousand a month by courses; a month they were in Lebanon, and two months at home; and Adoniram was over the men subject to forced labor.
Han sende deim til Libanon, ti tusund um månaden etter tur; ein månad var dei på Libanon, tvo månader heime. Og Adoniram hadde tilsynet med pliktarbeidarane.
15 Solomon had seventy thousand who bore burdens, and eighty thousand who were stone cutters in the mountains;
Salomo hadde sytti tusund berarar og åtteti tusund steinhoggarar i bergi,
16 besides Solomon's chief officers who were over the work, three thousand and six hundred, who bore rule over the people who labored in the work.
umfram dei tri tusund tri hundrad arbeidsfutar som styrde arbeidet for Salomo og rådde yver folket som gjorde arbeidet.
17 The king commanded, and they cut out great stones, costly stones, to lay the foundation of the house with worked stone.
Etter bod frå kongen braut dei ut store steinar, kostesame steinar til grunnmur under huset, firhogne steinar.
18 Solomon's builders and Hiram's builders and the Gebalites cut them, and prepared the timber and the stones to build the house.
Og bygningsmennerne til Salomo og Hiram og mennerne frå Gebal hogg til og gjorde ferdig trevyrket og steinarne til husbygningi.

< 1 Kings 5 >