< Psalms 51 >
1 TO THE OVERSEER. A PSALM OF DAVID, IN THE COMING OF NATHAN THE PROPHET TO HIM WHEN HE HAS GONE IN TO BATHSHEBA. Favor me, O God, according to Your kindness, According to the abundance of Your mercies, Blot out my transgressions.
Til songmeisteren; ein salme av David, då profeten Natan kom til honom, etter han hadde gjenge inn til Batseba. Gud, ver meg nådig etter di miskunn! Sletta ut mine brot etter din store godhug!
2 Thoroughly wash me from my iniquity, And cleanse me from my sin,
Två meg vel rein frå mi skuld, og reinsa meg frå mi synd!
3 For I know my transgressions, And my sin [is] continually before me.
For mine misgjerningar kjenner eg, og mi synd er alltid framfyre meg.
4 Against You, You only, I have sinned, And done evil in Your eyes, So that You are righteous in Your words, You are pure in Your judging.
Mot deg einast hev eg synda og gjort det som vondt er i dine augo, so du må vera rettferdig når du talar, vera rein når du dømer.
5 Behold, I have been brought forth in iniquity, And my mother conceives me in sin.
Sjå, eg er fødd i misgjerning, og mor mi hev avla meg i synd.
6 Behold, You have desired truth in the inward parts, And in the hidden part You cause me to know Wisdom.
Sjå, du hev lyst til sanning i innarste; so lær meg då visdom i hjartans løynrom!
7 You cleanse me with hyssop and I am clean, Wash me, and I am whiter than snow.
Reinsa meg frå synd med isop, so eg vert rein! Två meg, so eg vert kvitare enn snø!
8 You cause me to hear joy and gladness, You make bones You have bruised joyful.
Lat meg høyra fagnad og gleda, lat dei bein fagna seg som du hev slege sund!
9 Hide Your face from my sin. And blot out all my iniquities.
Løyn di åsyn for mine synder, og sletta ut alle mine misgjerningar!
10 Create for me a clean heart, O God, And renew a right spirit within me.
Gud, skap i meg eit reint hjarta, og gjev meg ei ny, stødug ånd inni meg!
11 Do not cast me forth from Your presence, And do not take Your Holy Spirit from me.
Kasta meg ikkje burt frå di åsyn, og tak ikkje din heilage ande frå meg!
12 Restore to me the joy of Your salvation, And a willing spirit sustains me.
Gjev meg atter fagnaden av di frelsa, og haldt meg uppe med ei viljug ånd!
13 I teach transgressors Your ways, And sinners return to You.
So vil eg læra lovbrjotarar dine vegar, og syndarar skal venda um til deg.
14 Deliver me from blood, O God, God of my salvation, My tongue sings of Your righteousness.
Gud, fria meg frå blodskuld, Gud, mine frelsar! So skal mi tunga fagna seg høgt yver di rettferd.
15 O Lord, you open my lips, And my mouth declares Your praise.
Herre, lat upp mine lippor! So skal min munn forkynna din pris.
16 For You do not desire sacrifice, or I give [it], You do not accept burnt-offering.
For du hev ikkje lyst til slagtoffer - elles skulde eg gjeva deg det; i brennoffer hev du ikkje hugnad.
17 The sacrifices of God [are] a broken spirit, A heart broken and bruised, O God, You do not despise.
Offer for Gud er ei sundbroti ånd; eit sundbrote og knust hjarta vil du, Gud, ikkje forsmå.
18 Do good in Your good pleasure with Zion, You build the walls of Jerusalem.
Gjer vel imot Sion etter din nåde, bygg murarne åt Jerusalem!
19 Then You desire sacrifices of righteousness, Burnt-offering, and whole burnt-offering, Then they offer bullocks on your altar!
Då skal du hava hugnad i rettferds offer, i brennoffer og heiloffer; då skal dei ofra uksar på ditt altar.