< Psalms 42 >
1 TO THE OVERSEER. AN INSTRUCTION OF THE SONS OF KORAH. As a deer pants for streams of water, So my soul pants toward You, O God.
Til songmeisteren; ein song til lærdom, av Korahs born. Som ein hjort styn etter vatsbekkjer, so styn mi sjæl etter deg, min Gud.
2 My soul thirsted for God, for the living God, When do I enter and see the face of God?
Mi sjæl tyrster etter Gud, etter den livande Gud. Når skal eg koma og syna meg for Guds åsyn?
3 My tear has been bread day and night to me, In their saying to me all the day, “Where [is] your God?”
Mine tåror er min mat dag og natt, av di dei all dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»
4 These I remember, and pour out my soul in me, For I pass over into the shelter, I go softly with them to the house of God, With the voice of singing and confession, The multitude keeping celebration!
Dette må eg koma i hug og tøma ut mi sjæl hjå meg: korleis eg drog fram i manntrongen og vandra med deim til Guds hus med fagnadrøyst og lovsong, ein høgtidleg folkestraum.
5 Why bow yourself, O my soul? Indeed, are you troubled within me? Wait for God, for I still confess Him: The salvation of my countenance—my God!
Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og bruser i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom for frelsa frå hans andlit.
6 My soul bows itself in me, Therefore I remember You from the land of Jordan, And of the Hermons, from Mount Mizar.
Min Gud! Mi sjæl er nedbøygd i meg; difor kjem eg deg i hug frå Jordanlandet og Hermonhøgderne, frå det vesle fjell.
7 Deep is calling to deep At the noise of Your waterspouts, All Your breakers and Your billows passed over me.
Vatsflod ropar til vatsflod ved duren av dine fossar; alle dine brotsjøar og båror slær yver meg.
8 By day YHWH commands His kindness, And by night a song [is] with me, A prayer to the God of my life.
Um dagen sender Herren sin nåde, og um natti er hans song hjå meg, bøn til mitt livs Gud.
9 I say to God my Rock, “Why have You forgotten me? Why do I go mourning in the oppression of an enemy?”
Eg må segja til Gud, mitt berg: «Kvi hev du gløymt meg? Kvi skal eg ganga svartklædd under fiende-trykk?»
10 With a sword in my bones My adversaries have reproached me, In their saying to me all the day, “Where [is] your God?”
Det er som knasing i mine bein, at mine fiendar spottar meg, med di dei heile dagen segjer til meg: «Kvar er din Gud?»
11 Why bow yourself, O my soul? And why are you troubled within me? Wait for God, for I still confess Him, The salvation of my countenance, and my God!
Kvi er du nedbøygd, mi sjæl, og kvi bruser du i meg? Venta på Gud, for eg skal endå lova honom, mitt andlits frelsa og min Gud.