< Numbers 26 >
1 And it comes to pass, after the plague, that YHWH speaks to Moses and to Eleazar son of Aaron the priest, saying,
Då sotti var yver, tala Herren so til Moses og Eleazar, son åt Aron, øvstepresten:
2 “Take a census of all the congregation of the sons of Israel, from a son of twenty years and upward, by the house of their fathers, everyone going out to the host in Israel.”
«Tak tal på heile Israels-lyden, ættgrein for ættgrein, alle dei våpnføre i Israel som hev fyllt tjuge år!»
3 And Moses speaks—Eleazar the priest also—with them in the plains of Moab by the Jordan, [near] Jericho, saying,
So tala Moses og Eleazar, øvstepresten, åt deim på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko, og sagde:
4 “From a son of twenty years and upward,” as YHWH has commanded Moses and the sons of Israel who are coming out from the land of Egypt.
«Stig fram, alle menner som hev fyllt tjuge år!» - soleis som Herren hadde sagt med Moses. Israels-sønerne som for frå Egyptarland, det var.
5 Reuben, firstborn of Israel—sons of Reuben: of Enoch [is] the family of the Enochite; of Pallu the family of the Palluite;
Ætti etter Ruben, eldste son åt Israel. Og Rubens-sønerne det var: Hanokitarne, ætti etter Hanok, pallu’itarne, ætti etter Pallu,
6 of Hezron the family of the Hezronite; of Carmi the family of the Carmite.
hesronitarne, ætti etter Hesron, karamitarne, ætti etter Karmi.
7 These [are] families of the Reubenite, and their numbered ones are forty-three thousand and seven hundred and thirty.
Dette var Rubens-ætterne, og av deim var det tri og fyrti tusund og sju hundrad og tretti mann som vart innskrivne i manntalet.
8 And the son of Pallu [is] Eliab;
Son åt Pallu heitte Eliab.
9 and the sons of Eliab [are] Nemuel, and Dathan, and Abiram; this [is that] Dathan and Abiram, called ones of the congregation, who have striven against Moses and against Aaron in the congregation of Korah, in their striving against YHWH,
Og borni åt Eliab heitte Nemuel og Datan og Abiram. Men Datan og Abiram, det var dei same som var valde til folketinget, og var med og yppa strid mot Moses og Aron den gongen Korah og flokken hans sette seg upp mot Herren,
10 and the earth opens her mouth, and swallows them and Korah, in the death of the congregation, in the fire consuming the two hundred and fifty men, and they become a sign;
og jordi let upp gapet sitt og gløypte både deim og Korah, og elden gjorde ende på dei tvo hundrad og femti mennerne, so heile flokken umkomst og vart til eit varsl.
11 but the sons of Korah did not die.
Men sønerne åt Korah miste ikkje livet.
12 Sons of Simeon by their families: of Nemuel [is] the family of the Nemuelite; of Jamin the family of the Jaminite; of Jachin the family of the Jachinite;
Simeons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Nemuelitarne, ætti etter Nemuel, jaminitarne, ætti etter Jamin, jakinitarne, ætti etter Jakin,
13 of Zerah the family of the Zerahite; of Shaul the family of the Shaulite.
zerahitarne, ætti etter Zerah, sa’ulitarne, ætti etter Sa’ul.
14 These [are] families of the Simeonite—twenty-two thousand and two hundred.
Dette var Simeons-ætterne, tvo og tjuge tusund og tvo hundrad mann.
15 Sons of Gad by their families: of Zephon [is] the family of the Zephonite; of Haggi the family of the Haggite; of Shuni the family of the Shunite;
Gads-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sefonitarne, ætti etter Sefon, haggitarne, ætti etter Haggi, sunitarne, ætti etter Suni,
16 of Ozni the family of the Oznite; of Eri the family of the Erite:
oznitarne, ætti etter Ozni, eritarne, ætti etter Eri,
17 of Arod the family of the Arodite; of Areli the family of the Arelite.
aroditarne, ætti etter Arod, arelitarne, ætti etter Areli.
18 These [are] families of the sons of Gad by their numbered ones—forty thousand and five hundred.
Dette var Gads-ætterne; dei var etter manntalet fyrti tusund og fem hundrad mann.
19 Sons of Judah [are] Er and Onan; and Er dies—Onan also—in the land of Canaan.
Av borni åt Juda døydde tvo i Kana’ans-landet; dei heitte Er og Onan.
20 And sons of Judah by their families are: of Shelah the family of the Shelanite; of Perez the family of the Perezite; of Zerah the family of the Zerahite;
Dei hine Juda-sønerne det var, etter ætterne deira: Selanitarne, ætti etter Sela, parsitarne, ætti etter Peres, zerahitarne, ætti etter Zerah.
21 and sons of Perez are: of Hezron the family of the Hezronite; of Hamul the family of the Hamulite.
Og Peres-sønerne det var, etter ætterne deira: Hesronitarne, ætti etter Hesron, hamulitarne, ætti etter Hamul.
22 These [are] families of Judah by their numbered ones—seventy-six thousand and five hundred.
Dette var Juda-ætterne. Av deim vart seks og sytti tusund og fem hundrad mann skrivne i rullorne.
23 Sons of Issachar by their families: of Tola [is] the family of the Tolaite; of Pua the family of the Punite;
Issakars-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Tola’itarne, ætti etter Tola, punitarne, ætti etter Puvva,
24 of Jashub the family of the Jashubite; of Shimron the family of the Shimronite.
jasubitarne, ætti etter Jasub, simronitarne, ætti etter Simron.
25 These [are] families of Issachar by their numbered ones—sixty-four thousand and three hundred.
Dette var Issakars-ætterne. Av deim var det fire og seksti tusund og tri hundrad mann som vart mynstra.
26 Sons of Zebulun by their families: of Sered [is] the family of the Sardite; of Elon the family of the Elonite; of Jahleel the family of the Jahleelite.
Sebulons-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Sarditarne, ætti etter Sered, elonitarne, ætti etter Elon, jahle’elitarne, ætti etter Jahle’el.
27 These [are] families of the Zebulunite by their numbered ones—sixty thousand and five hundred.
Dette var Sebulons-ætterne. Av deim vart det mynstra seksti tusund og fem hundrad mann.
28 Sons of Joseph by their families [are] Manasseh and Ephraim.
Sønerne åt Josef med ætterne sine var Manasse og Efraim.
29 Sons of Manasseh: of Machir [is] the family of the Machirite; and Machir has begotten Gilead; of Gilead [is] the family of the Gileadite.
Manasse-sønerne det var: Makiritarne, ætti etter Makir. Makir fekk sonen Gilead; frå honom var gileaditarne ætta.
30 These [are] sons of Gilead: of Jeezer [is] the family of the Jeezerite; of Helek the family of the Helekite;
Gileads-sønerne det var: I’ezritarne, ætti etter I’ezer, helkitarne, ætti etter Helek,
31 and of Asriel the family of the Asrielite; and of Shechem the family of the Shechemite;
asrielitarne, ætti etter Asriel, sikmitarne, ætti etter Sekem,
32 and of Shemida the family of the Shemidaite; and of Hepher the family of the Hepherite.
semida’itarne, ætti etter Semida, hefritarne, ætti etter Hefer.
33 And Zelophehad son of Hepher had no sons, but [only] daughters, and the names of the daughters of Zelophehad [are] Mahlah, and Noah, Hoglah, Milcah, and Tirzah.
Men Selofhad, son åt Hefer, hadde ingi søner, berre døtter, og namni på døtterne hans var Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa.
34 These [are] families of Manasseh, and their numbered ones [are] fifty-two thousand and seven hundred.
Dette var Manasse-ætterne. Av deim var det tvo og femti tusund og sju hundrad mann som vart innskrivne.
35 These [are] sons of Ephraim by their families: of Shuthelah [is] the family of the Shuthelhite; of Becher the family of the Bachrite; of Tahan the family of the Tahanite.
Efraims-sønerne det var, etter ætterne deira: Sutalhitarne, ætti etter Sutelah, bakritarne, ætti etter Beker, tahanitarne, ætti etter Tahan.
36 And these [are] sons of Shuthelah: of Eran the family of the Eranite.
Og Sutelah-sønerne det var: Eranitarne, ætti etter Eran.
37 These [are] families of the sons of Ephraim by their numbered ones—thirty-two thousand and five hundred. These [are] sons of Joseph by their families.
Dette var Efraims-ætterne; dei var tvo og tretti tusund og fem hundrad mann som vart skrivne. Det var Josefs-sønerne etter ætterne deira.
38 Sons of Benjamin by their families: of Bela [is] the family of the Belaite; of Ashbel the family of the Ashbelite; of Ahiram the family of the Ahiramite;
Benjamins-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Balitarne, ætti etter Bela, asbelitarne, ætti etter Asbel, ahiramitarne, ætti etter Ahiram,
39 of Shupham the family of the Shuphamite; of Hupham the family of the Huphamite.
sufamitarne, ætti etter Sefufam, hufamitarne, ætti etter Hufam.
40 And sons of Bela are Ard and Naaman: [of Ard is] the family of the Ardite; of Naaman the family of the Naamite.
Og Bela-sønerne var: Arditarne og na’amanitarne; ætterne etter Ard og Na’aman.
41 These [are] sons of Benjamin by their families, and their numbered ones [are] forty-five thousand and six hundred.
Dette var Benjamins-sønerne etter ætterne deira; av deim var det fem og fyrti tusund og seks hundrad mann som stod i manntalet.
42 These [are] sons of Dan by their families: of Shuham [is] the family of the Shuhamite; these [are] families of Dan by their families;
Dans-sønerne det var, etter ætterne deira: Suhamitarne, ætti etter Suham. Dette var Dans-ætterne etter ættetavla deira;
43 all the families of the Shuhamite by their numbered ones—sixty-four thousand and four hundred.
Suhamit-ætterne var etter manntalet i alt fire og seksti tusund og fire hundrad mann.
44 Sons of Asher by their families: of Jimna [is] the family of the Jimnite; of Jesui the family of the Jesuite; of Beriah the family of the Beriite.
Assers-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jimnitarne, ætti etter Jimna, jisvitarne, ætti etter Jisvi, beri’itarne, ætti etter Beria.
45 Of sons of Beriah: of Heber [is] the family of the Heberite; of Malchiel the family of the Malchielite.
Og Beria-sønerne det var: Hebritarne, ætti etter Heber, malkielitarne, ætti etter Malkiel.
46 And the name of the daughter of Asher [is] Sarah.
Dotter åt Asser heitte Serah.
47 These [are] families of the sons of Asher by their numbered ones—fifty-three thousand and four hundred.
Dette var Assers-ætterne; av deim stod det tri og femti tusund og fire hundrad mann i rullorne.
48 Sons of Naphtali by their families: of Jahzeel [is] the family of the Jahzeelite; of Guni the family of the Gunite;
Naftali-sønerne, og det var, etter ætterne deira: Jahse’elitarne, ætti etter Jahse’el, gunitarne, ætti etter Guni,
49 of Jezer the family of the Jezerite; of Shillem the family of the Shillemite.
jisritarne, ætti etter Jeser, sillemitarne, ætti etter Sillem.
50 These [are] families of Naphtali by their families, and their numbered ones [are] forty-five thousand and four hundred.
Dette var Naftali-ætterne etter ættetalet deira; av deim vart det innskrive fem og fyrti tusund og fire hundrad mann.
51 These [are] numbered ones of the sons of Israel—six hundred thousand and one thousand seven hundred and thirty.
So mange var det som vart mynstra av Israels-sønerne, seks hundrad og eitt tusund og sju hundrad og tretti mann.
52 And YHWH speaks to Moses, saying,
Og Herren sagde til Moses:
53 “The land is apportioned to these by inheritance, by the number of names;
«Åt desse skal landet skiftast ut til eigedom, etter folketalet.
54 to the many you increase their inheritance, and to the few you diminish their inheritance; each is given his inheritance according to his numbered ones.
Den som hev mykje folk, skal du gjeva mykje land, og den som hev lite folk mindre; kvar ætt skal få so mykje land som han hev våpnføre menner.
55 Surely the land is apportioned by lot; they inherit by the names of the tribes of their fathers;
Landet skal skiftast på den måten at dei dreg strå um bygderne, og alle som hev same ættarnamnet, skal få sin eigedom i same bygdelaget.
56 their inheritance is apportioned according to the lot between many and few.”
Kvar skal få det som fell på honom etter strået, men den som hev mykje folk, skal få meir enn den som hev lite; soleis skal landet bytast millom deim.»
57 And these [are] numbered ones of the Levite by their families: of Gershon [is] the family of the Gershonite; of Kohath the family of the Kohathite; of Merari the family of the Merarite.
Levi-ætterne det var etter manntalet: Gersonitarne, ætti etter Gerson, kahatitarne, ætti etter Kahat, meraritarne, ætti etter Merari.
58 These [are] families of the Levite: the family of the Libnite, the family of the Hebronite, the family of the Mahlite, the family of the Mushite, the family of the Korathite. And Kohath has begotten Amram,
Desse ættgreinerne var det i Levi-ætti: Libnitarne, hebronitarne, mahlitarne, musitarne, korahitarne. Kahat var far åt Amram.
59 and the name of Amram’s wife is Jochebed, daughter of Levi, whom has been born to Levi in Egypt; and she bears to Amram Aaron, and Moses, and their sister Miriam.
Kona åt Amram heitte Jokebed; ho var dotter åt Levi og fødd i Egyptarland. Amram fekk med henne sønerne Aron og Moses, og Mirjam, syster deira.
60 And born to Aaron [are] Nadab, and Abihu, Eleazar, and Ithamar;
Og Aron fekk sønerne Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
61 and Nadab dies—Abihu also—in their bringing strange fire near before YHWH.
Men Nadab og Abihu døydde då dei bar uvigd eld fram for Herrens åsyn.
62 And their numbered ones are twenty-three thousand, every male from a son of a month and upwards, for they have not numbered themselves in the midst of the sons of Israel, because an inheritance has not been given to them in the midst of the sons of Israel.
Av levitarne vart tri og tjuge tusund innskrivne i manntalet, alle karfolk som var yver ein månad gamle. Dei vart ikkje talde saman med dei hine Israels-borni, av di dei ikkje fekk nokon odel millom deim.
63 These [are] those numbered by Moses and Eleazar the priest, who have numbered the sons of Israel in the plains of Moab by the Jordan, [near] Jericho;
Dette var dei som Moses og Eleazer, øvstepresten, talde då dei mynstra Israels-sønerne på Moabmoarne ved Jordan, midt for Jeriko.
64 and among these there has not been a man of those numbered by Moses and Aaron the priest, who numbered the sons of Israel in the wilderness of Sinai,
Millom deim fanst det ingen som Moses og Aron, øvstepresten, hadde skrive inn i manntalet då dei mynstra Israels-sønerne i Sinaiheidi.
65 for YHWH said of them, “They certainly die in the wilderness”; and there has not been left a man of them, except Caleb son of Jephunneh and Joshua son of Nun.
For Herren hadde sagt at dei skulde døy i øydemarki, og no var det ingen annan att enn Kaleb, son åt Jefunne, og Josva, son åt Nun.