< Mark 6 >
1 And He went forth from there, and came to His own country, and His disciples follow Him,
So for han burt derifrå og kom til fødesheimen sin, og læresveinarne var med honom.
2 and Sabbath having come, He began to teach in the synagogue, and many hearing were astonished, saying, “From where [did] this One [hear] these things? And what [is] the wisdom that was given to Him, that also such mighty works are done through His hands?
Då kviledagen kom, tok han til å læra folket i synagoga, og dei mange som høyrde på honom, var reint upp i under og sagde: «Kvar hev han dette frå? Kva er det for visdom han hev fenge? Og slike underverk som han gjer!
3 Is this not the carpenter, the Son of Mary, and brother of James, and Joses, and Judas, and Simon? And are His sisters not here with us?” And they were being stumbled at Him.
Er’kje dette timbremannen, son åt Maria og bror åt Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur’kje systerne hans her i grendi?» Og dei stygdest ved honom.
4 And Jesus said to them, “A prophet is not without honor, except in his own country, and among his relatives, and in his own house”;
Men Jesus sagde til deim: «Ein profet er ikkje vanvyrd utan i si eige grend og hjå sitt eige folk og i sin eigen heim!»
5 and He was not able to do any mighty work there, except having put hands on a few sick, He healed [them];
Han kunde ikkje gjera noko under der, so nær som at han lagde henderne på nokre få helselause og lækte deim.
6 and He wondered because of their unbelief. And He was going around the villages, in a circle, teaching,
Og han undra seg yver vantrui deira. Sidan gjekk han frå grend til grend og lærde folket.
7 and He calls near the Twelve, and He began to send them forth two by two, and He was giving them power over the unclean spirits,
Og han kalla dei tolv til seg, og tok til å senda deim ut, tvo og tvo, og gav dei magt yver dei ureine ånderne.
8 and He commanded them that they may take nothing for the way, except a staff only—no leather pouch, no bread, no brass in the girdle,
Han sagde til deim at dei skulde’kje hava anna med seg på ferdi enn ein stav, ikkje brød, ikkje skreppa, ikkje kopar i beltet;
9 but having been shod with sandals, and you may not put on two coats.
sandalar kunde dei ganga med, men dei måtte’kje hava på seg meir enn ei trøya.
10 And He said to them, “Whenever you may enter into a house, remain there until you may depart from there,
«Kvar gong de kjem inn i eit hus, » sagde han, «so ver der til de fer burt frå den bygdi.
11 and as many as may not receive you nor hear you, going out from there, shake off the dust that is under your feet for a testimony to them; [[truly I say to you, it will be more tolerable for Sodom or Gomorrah in [the] day of judgment than for that city.”]]
Men er det nokon stad dei ikkje vil taka imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, so gakk dykkar veg og rist moldi av føterne dykkar! det skal vera eit vitnemål mot deim.»
12 And having gone forth they were preaching that [men] might convert,
So tok dei i vegen og tala for folket og mana deim til å venda um.
13 and they were casting out many demons, and they were anointing many sick with oil, and they were healing [them].
Og dei dreiv ut mange djevlar, og salva mange helselause med olje og lækte deim.
14 And King Herod heard (for His Name became public), and he said, “John the Immerser was raised out of the dead, and because of this the mighty powers are working in him.”
Kong Herodes fekk og høyra um dette; for Jesus hadde vorte namnspurd, og folk sagde: «Det er Johannes, døyparen! Han hev stade upp frå dei daude; difor ter det seg so underfulle krafter i honom; »
15 Others said, “It is Elijah,” and others said, “It is a prophet, or as one of the prophets.”
andre sagde: «Det er Elia; » endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetarne.»
16 And Herod having heard, said, “He whom I beheaded—John—this is he; he was raised out of the dead.”
Men då Herodes høyrde det, sagde han: «Det er Johannes, han som eg let deim hogga hovudet av; no hev han stade upp att!»
17 For Herod himself, having sent forth, laid hold on John, and bound him in the prison, because of Herodias, the wife of his brother Philip, because he married her,
For Herodes hadde sjølv sendt ut folk til å gripa Johannes og lagt honom i band og lekkjor, og det valda Herodias, kona åt Filip, bror hans. For henne hadde Herodes gift seg med;
18 for John said to Herod, “It is not lawful for you to have the wife of your brother”;
men Johannes sagde til honom: «Du må ikkje hava brorkona di!»
19 and Herodias was having a quarrel with him, and was willing to kill him, and was not able,
Difor bar Herodias hat til honom, og vilde at han skulde drepast, men fekk det’kje fram.
20 for Herod was fearing John, knowing him [to be] a righteous and holy man, and was keeping watch over him, and having heard him, was doing many things, and hearing him gladly.
For Herodes hadde age for Johannes, av di han visste han var ein rettferdig og heilag mann, og han heldt handi yver honom; når han høyrde honom, kom han i tvil um mangt og mykje, og han høyrde honom gjerne.
21 And a seasonable day having come when Herod on his birthday was making a banquet to his great men, and to the chiefs of thousands, and to the first men of Galilee,
Men so kom det ei lagleg tid: det var då Herodes på årmålsdagen sin gjorde eit gjestebod for stormennerne sine og herhovdingarne og dei gjævaste i Galilæa.
22 and the daughter of that Herodias having come in, and having danced, and having pleased Herod and those dining with him, the king said to the girl, “Ask of me whatever you will, and I will give to you,”
Då kom dotter åt Herodias inn og dansa. Herodes og gjesterne hans tykte gildt i dansen hennar, og kongen sagde til henne: «Bed meg um kva du vil, so skal eg gjeva deg det!»
23 and he swore to her, “Whatever you may ask me, I will give to you—to the half of my kingdom.”
Og han svor at ho skulde få det ho bad um - um det so var halve riket hans.
24 And she, having gone forth, said to her mother, “What will I ask for myself?” And she said, “The head of John the Immerser”;
So gjekk ho ut og spurde mor si: «Kva skal eg beda um?» «Hovudet åt Johannes døyparen!» svara mori.
25 and having come in immediately with haste to the king, she asked, saying, “I will that you may immediately give me the head of John the Immerser on a plate.”
Då skunda ho seg straks inn til kongen og bar fram ynskjet sitt. «Eg vil at du no med det same skal gjeva meg hovudet åt Johannes døyparen på eit fat, » sagde ho.
26 And the king, made very sorrowful because of the oaths and of those reclining with him, would not put her away,
Kongen vart reint ille ved; men for di han hadde svore, og for gjesterne skuld vilde han ikkje svara nei.
27 and immediately the king having sent a guardsman, commanded his head to be brought,
Han sende straks ein av livvakti av stad og bad honom henta hovudet åt Johannes.
28 and he having gone, beheaded him in the prison, and brought his head on a plate, and gave it to the girl, and the girl gave it to her mother;
Mannen gjekk til fengslet og hogg hovudet av Johannes, kom med det på eit fat og gav det til gjenta, og ho gav det til mor si.
29 and having heard, his disciples came and took up his corpse, and laid it in the tomb.
Då læresveinarne åt Johannes fekk høyra det, kom dei og tok liket hans og lagde det i ei grav.
30 And the apostles are gathered together to Jesus, and they told Him all, and how many things they did, and how many things they taught,
Apostlarne samla seg atter hjå Jesus, og sagde frå um alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.
31 and He said to them, “Come yourselves apart to a desolate place, and rest a little,” for those coming and those going were many, and not even to eat had they opportunity,
Då sagde han til deim: «Kom no de åleine med meg til ein øydestad og kvil dykk litt!» For det var mange som kom og gjekk, og dei fekk ikkje ein gong matro.
32 and they went away to a desolate place, in the boat, by themselves.
So for dei åleine i båten til ein øydestad.
33 And the multitudes saw them going away, and many recognized Him, and they ran there by land from all the cities, and went before them, and came together to Him,
Men folk såg deim fara burt, og mange kjende deim att, og sprang landveges dit frå alle byarne og kom fyre deim,
34 and having come forth, Jesus saw a great multitude, and was moved with compassion on them, that they were as sheep not having a shepherd, and He began to teach many things.
og då Jesus steig i land, fekk han sjå ein stor folkehop. Han tykte hjarteleg synd i deim; for dei var som ein saueflokk utan hyrding; og han tok til å læra deim mykje.
35 And now the hour being advanced, His disciples having come near to Him, say, “The place is desolate, and the hour is now advanced,
Då dagen tok til å lida, kom læresveinarne til honom og sagde: «Det er audt her, og dagen lid.
36 let them away, that having gone away into the surrounding fields and villages, they may buy loaves for themselves, for they do not have what they may eat.”
Send deim frå deg, so dei kann ganga burt i gardarne og grenderne her kringum og kjøpa seg mat!»
37 And He answering said to them, “You give them to eat,” and they say to Him, “Having gone away, may we buy two hundred denarii worth of loaves, and give to them to eat?”
«Gjev de dei mat!» svara han. «Skal me ganga av og kjøpa brød for eit halvt hundrad dalar, og gjeva deim?» sagde dei då.
38 And He says to them, “How many loaves do you have? Go and see”; and having known, they say, “Five, and two fishes.”
«Kor mykje brød hev de?» spurde han; «gakk og sjå etter!» Då dei so hadde fenge greida på det, sagde dei: «Fem leivar og tvo fiskar.»
39 And He commanded them to make all recline in companies on the green grass,
Då sagde han at dei skulde lata alle setja seg i det grøne graset, bordlag og bordlag.
40 and they sat down in squares, by hundreds, and by fifties.
So let dei seg ned i flokkar, sume på hundrad og sume på femti.
41 And having taken the five loaves and the two fishes, having looked up to the sky, He blessed, and broke the loaves, and was giving [them] to His disciples, that they may set [them] before them, and the two fishes He divided to all,
Og han tok dei fem brødleivarne og dei tvo fiskarne og såg upp imot himmelen og velsigna deim; so braut han brødet og gav det til læresveinarne, so dei skulde setja det fram for deim, og dei tvo fiskarne skifte han og ut åt deim alle.
42 and they all ate, and were filled,
Då alle hadde ete og var mette,
43 and they took up of broken pieces twelve hand-baskets full, and of the fishes,
samla dei upp tolv korger fulle med brødstykke og noko fisk.
44 and those eating of the loaves were about five thousand men.
Og det var fem tusund mann som hadde fenge mat.
45 And immediately He constrained His disciples to go into the boat, and to go before [Him] to the other side, to Bethsaida, until He may let the multitude away,
Med same dette var gjort, nøydde han læresveinarne til å ganga i båten og fara fyre yver sjøen, til Betsaida, medan han sjølv bad farvel med folket.
46 and having taken leave of them, He went away to the mountain to pray.
Og då han hadde skilst med deim, gjekk han upp i fjellet og vilde beda.
47 And evening having come, the boat was in the midst of the sea, and He alone on the land;
Då det leid på kvelden, var båten midt utpå sjøen, og sjølv var han åleine på land.
48 and He saw them harassed in the rowing, for the wind was against them, and about the fourth watch of the night He comes to them walking on the sea, and wished to pass by them.
Då såg han at det gjekk tungt for deim med roren; for dei hadde vinden imot seg. Og ikring den fjorde nattevakti kom han gangande burtimot deim på sjøen, og vilde ganga framum deim.
49 And they having seen Him walking on the sea, thought [it] to be an apparition, and cried out,
Då dei såg at han gjekk på sjøen, tenkte dei at det var eit skrymt, og dei sette i et skrik;
50 for they all saw Him, and were troubled, and immediately He spoke with them, and says to them, “Take courage! I AM; do not be afraid.”
for dei såg honom alle og vart fælne. Men i det same tala han til deim og sagde: «Ver hugheile! Det er eg! Ver’kje rædde!»
51 And He went up to them into the boat, and the wind stilled, and greatly out of measure they were amazed in themselves, and were wondering,
So steig han upp i båten til deim, og vinden stilna. Men dei var so forstøkte at dei var reint ifrå seg.
52 for they did not understand concerning the loaves, for their heart has been hard.
For dei hadde ikkje vitrast av det som var hendt med brødet; so seige og tungnæme var dei.
53 And having passed over, they came on the land of Gennesaret, and drew to the shore,
Då dei hadde fare yver til hitt landet, kom dei til Gennesaret og lagde til der.
54 and they having come forth out of the boat, immediately having recognized Him,
Med det same han steig utor båten, kjende folk honom att,
55 they ran around through all that surrounding region, and they began to carry around on the pallets those being ill, where they were hearing that He is,
og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke kring i sengjerne sine dit som dei høyrde han var.
56 and wherever He was going, to villages, or cities, or fields, in the marketplaces they were laying the ailing, and were calling on Him, that they may touch if it were but the fringe of His garment, and as many as were touching Him were saved.
Og kvar han kom, til grender eller byar eller gardar, lagde dei sine sjuke på tunet, og bad um dei måtte få taka um so berre i falden på kjolen hans, og alle som kom nær honom, vart gode att.