< Job 11 >

1 And Zophar the Naamathite answers and says:
Då tok Sofar frå Na’ama til ords og sagde:
2 “Is a multitude of words not answered? And is a man of lips justified?
«Skal slik ei svalling ei få svar? Skal slik ein storpratar få rett?
3 Your boastings make men keep silent, You scorn, and none is causing blushing!
Skal menner for din ordflaum tegja? Skal du få spotta utan skjemsla?
4 And you say, My discourse [is] pure, And I have been clean in Your eyes.
Du segjer: «Rein er læra mi, eg skuldfri er i dine augo.»
5 And yet, O that God had spoken! And opens His lips with you.
Men dersom berre Gud vil tala og opna munnen sin mot deg,
6 And declares to you secrets of wisdom, for counsel has foldings. And know that God forgets of your iniquity for you.
og syna deg sin løynde visdom, kor han eig vit i dobbelt mål! Då skulde du nok skyna at Gud gjev deg noko til av syndi.
7 Do you find out God by searching? To perfection find out the Mighty One?
Skal tru Guds tankedjup du kjenner? Hev du nått fram til Allvalds grensa?
8 Heights of the heavens—what [can] you do? Deeper than Sheol—what [can] you know? (Sheol h7585)
Høgar’ enn himmelen - kva gjer du? Djupar’ enn helheimen - kva veit du? (Sheol h7585)
9 Its measure [is] longer than earth, and broader than the sea.
Lenger enn jordi strekkjer seg og breidare enn havet sjølv.
10 If He passes on, and shuts up, and assembles, Who then reverses it?
Når han skrid fram og legg i lekkjor, stemnar til doms, kven stoggar honom?
11 For He has known men of vanity, And He sees iniquity, And one does not consider [it]!
Han kjenner deim som talar lygn; han ser den falske utan leiting.
12 And empty man is bold, And man is born [as] the colt of a wild donkey.
Det tome hovud fær forstand, og asenfolen vert til mann.
13 If you have prepared your heart, And have spread out your hands to Him,
Men vil du bu ditt hjarta rett og henderne mot honom breida
14 If iniquity [is] in your hand, put it far off, And do not let perverseness dwell in your tents.
og halda svik frå handa di og urett burte frå ditt tjeld,
15 For then you lift up your face from blemish, And you have been firm, and do not fear.
då kann du lyt’laust hovud lyfta, då stend du fast og ræddast ikkje;
16 For you forget misery, As waters passed away you remember.
då kann du gløyma all di møda, liksom ei elv som framum rann.
17 And age rises above the noon, You fly—you are as the morning.
Klårar’ enn dagen stend ditt liv, og myrkret vert til morgongråe;
18 And you have trusted because there is hope, And searched—in confidence you lie down,
då er du trygg, då hev du von, du ottelaus til kvile gjeng.
19 And you have rested, And none is causing trembling, And many have begged [at] your face;
Du ligg, og ingen upp deg skræmer, og mange vil deg gjerne tekkjast.
20 And the eyes of the wicked are consumed, And refuge has perished from them, And their hope [is] a breathing out of soul!”
Men augo veiknar på dei vonde; dei hev’kje nokor tilflugt meir, men ventar på å anda ut.»

< Job 11 >