< Isaiah 42 >

1 Behold, My servant, I take hold on Him, My Chosen One—My soul has accepted, I have put My Spirit on Him, He brings forth judgment to nations.
Sjå min tenar som eg styd, min utvalde som eg elskar! Honom gjev eg anden min, rett han førar ut til folki.
2 He does not cry, nor lift up, Nor cause His voice to be heard in the street.
Ikkje mun han ropa, skrika, ei på gata bruka mælet.
3 A bruised reed He does not break, And faded flax He does not quench, He brings forth judgment to truth.
Brostne røyrstrå ei han bryt, sløkkjer ei den veik som gløder, trufast ber han retten ut.
4 He does not become weak nor bruised, Until He sets judgment in the earth, And islands wait with hope for His law.
Ei han veiknar, ei han brotnar fyrr han rett på jord fær setja, øyer ventar på hans lov.
5 Thus said God, YHWH, Creating the heavens, and stretching them out, Spreading out the earth and its productions, Giving breath to the people on it, And spirit to those walking in it.
Soleis talar Herren Gud, som hev himmeln skapt og utspent, jordi lagt med vokstrar på, gjeve folk på henne ande, andedrag åt deim der ferdast:
6 I, YHWH, called you in righteousness, And I lay hold on your hand, and keep you, And I give you for a covenant of a people, And a light of nations.
Eg, Herren, hev deg i rettferd kalla, eg tok deg i handi, eg varar deg og gjer deg til folkepakt og til ljos for heidningar,
7 To open the eyes of the blind, To bring forth the bound one from prison, Those sitting in darkness from the house of restraint.
til å opna blinde augo, føra fangar ut or fengsel deim som sit i myrker, or fangehus.
8 I [am] YHWH, this [is] My Name, And I do not give My glory to another, Nor My praise to carved images.
Eg er Herren, det er mitt namn, ingen annan fær mi æra, ikkje bilæti min pris.
9 The former things, behold, have come, And I am declaring new things, Before they spring up I cause you to hear.
Sjå, dei fyrste ting er komne, og eg meldar nye ting; endå fyrr dei upp hev runne, eg forkynner dykker deim.
10 Sing a new song to YHWH, His praise from the end of the earth, You who are going down to the sea, and its fullness, Islands, and their inhabitants.
Syng ny song for Herren, lova han til heimsens endar! Sjøfolk og du havsens myrja, øyland og dei folk der bur!
11 The wilderness and its cities lift up [their voice], Kedar inhabits the villages, The inhabitants of Sela sing, They cry from the top of mountains.
Heidi syng med sine byar, hytteby der Kedar bur. Dei som bur på berget, jublar, ropar ned frå høgste nut.
12 They ascribe to YHWH glory, And they declare His praise in the islands.
Dei skal gjeva Herren æra og hans pris til øyland bera.
13 YHWH goes forth as a mighty one. He stirs up zeal as a man of war, He cries, indeed, He shrieks, He shows Himself mighty against His enemies.
Ut gjeng Herren som ei kjempa, eggjar harmen som ein stridsmann, herrop lyfter han og skrik, ter si magt mot sine motmenn.
14 I have kept silent from of old, I keep silent, I refrain Myself, I cry out as a travailing woman, I desolate and swallow up together.
Stilt eg heve tagt so lenge, mållaus hev eg halde meg. No eg styn som viv i barnsnaud, etter anden syp og pæsar.
15 I make desolate mountains and hills, And I dry up all their herbs, And I have made rivers become islands, And I dry up ponds.
Berg og haug eg legg i øyde, svider av alt grønt på deim, elvar gjer eg um til øyer, sjøar let eg turkast upp.
16 And I have caused the blind to go, In a way they have not known, I cause them to tread in paths they have not known, I make a dark place become light before them, And unleveled places become a plain, These [are] the things I have done to them, And I have not forsaken them.
Blinde ukjend veg eg fører, so dei fer ukjende stigar, myrkt gjer eg til ljost for deim, bakkeland til flate sletta. Dette er det eg vil gjera og slett ikkje lata vera.
17 Removed backward—utterly ashamed, Are those trusting in a carved image, Those saying to a molten image, “You [are] our gods.”
Vika lyt storleg skjemmast dei som lit på bilæt-gud, og til støypte bilæt segjer: «De er våre gudar.»
18 You deaf, hear; and you blind, look to see.
Dauve, høyr! Blinde, upp med augo! Sjå!
19 Who [is] blind but My servant? And deaf as My messenger I send? Who [is] blind as he who is at peace, Indeed, blind, as the servant of YHWH?
Kven er blind, um ei min tenar, dauv som sendebodet mitt? Kven er blind som venen min? Kven er blind som Herrens tenar?
20 Seeing many things, and you do not observe, Opening ears, and he does not hear.
Mangt du såg, men gøymer ikkje, han fekk øyra upp, men høyrer ei.
21 YHWH has delight for the sake of His righteousness, He magnifies law, and makes honorable.
For si rettferd skuld vil Herren gjera lovi stor og herleg.
22 And this [is] a people seized and spoiled, Snared in holes—all of them, And they were hidden in houses of restraint, They have been for a prey, And there is no deliverer, A spoil, and none is saying, “Restore.”
Men det er eit plundra folk, herja folk, alle bundne sit i hol og i fangehusi løynde. Herfang er dei, og hev ingen frelsar, ran, og ingen segjer: «Gjev det att!»
23 Who among you gives ear [to] this? Attends, and hears afterward?
Kven av dykk gjev gaum på dette, lyder på og høyrer sidan?
24 Who has given Jacob for a spoil, And Israel to the spoilers? Is it not YHWH—He against whom we sinned? Indeed, they have not been willing to walk in His ways, Nor have they listened to His law.
Kven gav Jakob burt til ran og til ransmenn Israel utan Herren som me synda mot, som hans vegar dei ei fara vilde og ei høyra på hans lov?
25 And He pours fury on him, His anger, and the strength of battle, And it sets him on fire all around, And he has not known, And it burns against him, and he does not lay it to heart!
So rende han yver deim sin heite harm og ein veldug krig. Det ikring deim loga, men dei skyna inkje, brende deim, men dei la ikkje det på hjarta.

< Isaiah 42 >