< Deuteronomy 32 >
1 “Give ear, O heavens, and I speak; And you hear, O earth, sayings of my mouth!
«Høyr himmel, på meg, med eg talar, lyd du jord, på ordi frå min munn!
2 My doctrine drops as rain; My sayings flow as dew; As storms on the tender grass, And as showers on the herb,
Som regnet rislar mitt kvæde, som doggi dryp mine ord, som skurer på grønan grode, som el på urter og gras;
3 For I proclaim the Name of YHWH; Ascribe greatness to our God!
For Herrens namn vil eg prisa; høgt love de Herren, vår Gud!
4 The Rock—His work [is] perfect, For all His ways [are] just; God of steadfastness, and without iniquity; Righteous and upright [is] He.
Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
5 It has done corruptly to Him; Their blemish is not of His sons, A generation perverse and crooked!
Men borni hans dei var’kje hans born; dei synda imot ham stygt, seg sjølve til skam og vanæra, ei rang og svikefull ætt.
6 Do you act thus to YHWH, O people foolish and not wise? Is He not your Father—He who bought you? He made you, and establishes you.
Er det soleis de løner Herren, du dårlege, fåvise folk! Er’kje han din far og din fostrar? Han laga deg og gav deg liv.
7 Remember days of old—Understand the years of many generations—Ask your father, and he tells you; Your elderly, and they say to you:
Hugs etter ævordoms dagar, gransk åri, ætt etter ætt! Spør far din, han gjev deg fråsegn, dine gamle, av deim fær du grein.
8 In the Most High causing nations to inherit, In His separating sons of Adam—He sets up the borders of the peoples By the number of the sons of God [[or sons of Israel]].
Då den Høgste skifte ut heimen, og gav folki eiga og arv, då manneborni vart skilde og spreidde til kvar sin stad, då laga han landskili etter talet på Israels lyd;
9 For YHWH’s portion [is] His people, Jacob [is] the line of His inheritance.
For Herrens folk er hans odel, Jakob er hans eiga og arv.
10 He finds him in a land—a desert, And in a void—a howling wilderness, He turns him around—He causes him to understand—He keeps him as the apple of His eye.
Han fann han på aude viddi, med det ylte i villande heid; han verna han, og han vakta han vart, som ein augnestein.
11 As an eagle wakes up its nest, Flutters over its young ones, Spreads its wings [and] takes them, Carries them on its pinions—
Som ørnen vekkjer sitt elde, og yver ungarne sviv, so breidd’ han ut flogfjørern’ sine, og bar han uppå sin veng.
12 YHWH alone leads him, And there is no strange god with him.
Det var Herren eine som førd’ han; ingen framand gud fylgde med.
13 He makes him ride on high places of earth, And he eats increase of the fields, And He makes him suck honey from a rock, And oil out of the flint of a rock;
Då for du fram yver høgdern’, fekk eta av landsens avl; utor berget tappa du honning, og olje or hardaste stein;
14 Butter of the herd, and milk of the flock, With fat of lambs, and rams of sons of Bashan, And male goats, with fat of kidneys of wheat; And of the blood of the grape you drink wine!
søtrjomen og sauemjølki saup du; lambe- og verefeitt, kjøt av uksar i Basan alne åt du og ungbukkekjøt, attåt feitaste kveitemergen, og druveblod drakk du, vin.
15 And Yeshurun waxes fat, and kicks: You have been fat, you have been thick, You have been covered. And he leaves God who made him, And dishonors the Rock of his salvation.
Jesjurun vart feit, og slo bakut, feit vart han, foreten og stinn; han skaut ifrå seg sin skapar, mismætte sitt frelsande fjell.
16 They make Him zealous with strangers, They make Him angry with abominations.
Dei arga han med avgudar, med ufryskje harma dei han.
17 They sacrifice to the demons, not God, To gods they have not known, New ones—they came from the vicinity; Your fathers have not feared them!
Dei blota til vonde vette, til gudar dei vankjende fyrr, nye og nyst uppkomne, som federne ikkje visst’ um.
18 You forget the Rock that begot you, And neglect God who forms you.
Du ansa ikkje fjellet, ditt upphav, du gløymde din skapar og Gud.
19 And YHWH sees and despises—For the provocation of His sons and His daughters.
Og Herren såg det, og støytte deim burt ifrå seg, sine born;
20 And He says: I hide My face from them, I see what their latter end [is]; For they [are] a contrary generation, Sons in whom is no steadfastness.
og i sin harm sagde han dette: «Eg skal løyna mitt andlit for deim; eg undrast korleis det vil ganga, undrast kva ende dei fær; for dei er ei ætt av uvyrdor, born som ein aldri kann tru.
21 They have made Me jealous by [what is] not God, They made Me angry by their vanities; And I make them jealous by [what is] not a people, I make them angry by a foolish nation.
Dei arga meg upp med u-gudar, eggja meg med sine skrymt; eg skal eggja deim med eit u-folk, ei uvitug heidningeborg.
22 For a fire has been kindled in My anger, And it burns to the lowest [part] of Sheol, And consumes earth and its increase, And sets on fire [the] foundations of mountains. (Sheol )
For ein eld er kveikt av min ande, og logar til djupt under jord; han øyder grunnen og grøda og fatar i fastaste fjell. (Sheol )
23 I heap calamities on them, I consume My arrows on them.
Eg skal sanka i hop ulukkor og sleppa nedyver deim; kvar ei pil eg hev i mi eiga skal eg skjota av imot deim.
24 Exhausted by famine, And consumed by heat and bitter destruction—I also send the teeth of beasts on them, With poison of fearful things of the dust.
Når svolt og svidande sotter hev soge mergen or deim, sender eg mot deim udyrtonni og eitr av krjupande orm.
25 The sword destroys from outside, And out of the inner-chambers—terror, Both youth and virgin, Suckling with man of grey hair.
Ute herjar den kalde odden, og inne rædsla og støkk, tyner sveinar og tynar møyar, sylvherde og sugarborn.
26 I have said: I blow them away, I cause their remembrance to cease from man;
Eg hadde vilja blåse deim burt, so ingen mintest deim meir,
27 If I do not fear the anger of an enemy, Lest their adversaries know—Lest they say, Our hand is high, And YHWH has not worked all this.
ottast eg ikkje min eigen harm, når uvenern’ tydde det rangt, når valdsmennern’ sagde: «Stor er vår magt, dette er ikkje Herrens verk.»»
28 For they [are] a nation lost to counsels, And there is no understanding in them.
For dei er eit folk forutan visdom; dei vantar båd’ klokskap og vit.
29 If only they were wise, They would deal wisely [with] this, They would attend to their latter end!
Var det vit i deim, vara dei seg; for då visste dei kvar det bar av.
30 How does one pursue a thousand, And two cause a myriad to flee, If not that their Rock has sold them, And YHWH has shut them up?
Koss kunde ein mann elta tusund, og tvo slå ti tusund på flog, hadd’ ikkje hjelpi gjenge frå deim og Herren gjeve deim upp?
31 For their rock [is] not as our Rock (And our enemies [are] judges!)
For deira vern er’kje som vår vern; det vitnar fienden sjølv.
32 For their vine [is] of the vine of Sodom, And of the fields of Gomorrah; Their grapes [are] grapes of gall—They have bitter clusters;
I Sodoma voks deira vintre, skaut upp av Gomorras grunn; druvorn’ dei ber, det er trollber, og beisk er kvar einaste krans;
33 The poison of dragons [is] their wine And the fierce venom of cobras.
Vinen av deim er orme-eiter og øgjeleg drakefraud.
34 Is it not laid up with Me? Sealed among My treasures?
«Ligg’kje dette gøymt i mi stova, forsegla i mine skrin?
35 Vengeance and retribution [are] Mine, At the due time—their foot slides; For near is a day of their calamity, And things prepared for them have hastened.
Eg råder for hemn og for attgjeld når foten deira skrid ut. Alt lid det mot undergangsdagen, og forloga deira kjem fort.»
36 For YHWH judges His people, And gives comfort over His servants. For He sees the going away of power, And none is restrained and left.
Sine tenarar tykkjer Gud synd um, og tek deira sak i si hand, når han ser det er ende på magti og ute med gamall og ung.
37 And He has said, Where [are] their gods—The rock in which they trusted?
Han spør: «Kvar tru er deira gudar, den hjelpi dei trygde seg til,
38 Who eat the fat of their sacrifices, [And] drink the wine of their drink-offering? Let them arise and help you, Let it be a hiding place for you!
som slauk deira slagtofferfeita, og saup deira drykkoffervin? - Bed dei reinsa seg og dykk berga, bed deim vera vervegg for dykk!
39 See, now, that I [am] He, And there is no god besides Me; I put to death and I keep alive; I have struck and I heal; And there is not a deliverer from My hand,
Ser de no at eg er sjølv eine: Det er ingen Gud utan eg! Eg drep, og eg vekkjer til live, eg helseslær og eg gjer heil; og ingen i vide verdi kann fria dykk or mitt vald.
40 For I lift up My hand to the heavens, And have said, I live for all time!
Sjå, eg lyfter handi mot himmelen: So visst eg hev ævelegt liv:
41 If I have sharpened the brightness of My sword, And My hand lays hold on judgment, I return vengeance to My adversaries, And to those hating Me—I repay!
Hev eg slipa det ljonande sverdet, og stend med domen i hand, tek eg hemn yver deim som meg hatar, valdsmannen fær det han er verd.
42 I make My arrows drunk with blood, And My sword devours flesh, From the blood of the pierced and captive, From the head of the leaders of the enemy.
Med kjøt vert sverdet mitt metta, mine piler drukne av blod - blodet av falne og fangar, av fiendehovdingen sjølv.»
43 Sing, O nations, [with] His people, For He avenges the blood of His servants, And He turns back vengeance on His adversaries, And has pardoned His land [and] His people.”
Love hans tenarar, lydar! Hemna vil han deira blod; mot valdsmannen vender han våpni, og løyser sitt land og sin lyd.»
44 And Moses comes and speaks all the words of this song in the ears of the people, he and Hoshea son of Nun;
Då Moses hadde kvede alle versi i denne songen for folket, han og Hosea Nunsson,
45 and Moses finishes to speak all these words to all Israel,
og hadde tala alle desse ordi til heile Israel,
46 and says to them, “Set your heart to all the words which I am testifying against you today, that you command your sons to observe to do all the words of this law,
so sagde han til deim: «Agta no vel på alle dei ordi eg lysar for dykk i dag, so de kann læra borni dykkar å halda alle bodi i denne lovi og liva etter deim!
47 for it [is] not a vain thing for you, for it [is] your life, and by this thing you prolong days on the ground to where you are passing over the Jordan to possess it.”
For dette er ikkje noko tomt ord, som ikkje gjeld for dykk; livet dykkar ligg i dette ordet, og held de dykk etter det, so skal de få liva lenge i det landet de no fer yver til og skal leggja under dykk.»
48 And YHWH speaks to Moses on this very same day, saying,
Denne same dagen tala Herren til Moses, og sagde:
49 “Go up to this Mount Abarim, Mount Nebo, which [is] in the land of Moab, which [is] on the front of Jericho, and see the land of Canaan which I am giving to the sons of Israel for a possession;
«Stig upp på Abarimfjellet her, på Nebotinden, som ligg i Moablandet, midt for Jeriko, so skal du få skoda Kana’ans-landet, som eg gjev Israels-borni til eigedom,
50 and die on the mountain to where you are going up, and be gathered to your people, as your brother Aaron has died on Mount Hor and is gathered to his people;
og der uppå fjellet skal du døy og fara til federne dine, soleis som Aron, døydde på Horfjellet og for til federne sine,
51 because you trespassed against Me in the midst of the sons of Israel at the waters of Meribath-Kadesh, the wilderness of Zin, because you did not sanctify Me in the midst of the sons of Israel.
for di de ikkje for ærleg fram mot meg millom Israels-sønerne ved Meribakjelda i Kades i Sinøydemarki, og ikkje synte Israels-sønerne allmagti mi.
52 Indeed, you see the land before [you], but you do not go in there to the land which I am giving to the sons of Israel.”
Du skal få sjå landet framfyre deg, men inn skal du ikkje koma i det landet som eg vil gjeva Israels-sønerne.»