< Acts 28 >

1 And having been saved, then they knew that the island is called Malta,
Då me no var berga, fekk me vita at øyi heitte Malta.
2 and the foreigners were showing us no ordinary kindness, for having kindled a fire, they received us all, because of the pressing rain, and because of the cold;
Dei innfødde synte oss uvanleg mannemilda; dei kveikte ein eld og tok seg av oss alle saman, då det tok til å regna og var kaldt.
3 but Paul having gathered together a quantity of sticks, and having laid [them] on the fire, a viper—having come out of the heat—fastened on his hand.
Men då Paulus tok saman ein haug med turrkvist og lagde på elden, kom det for varmen skuld ein orm ut og beit seg fast i handi hans.
4 And when the foreigners saw the beast hanging from his hand, they said to one another, “Certainly this man is a murderer, whom, having been saved out of the sea, the justice did not permit to live”;
Då dei innfødde såg dyret hanga ved handi hans, sagde dei til kvarandre: «Dette menneskjet er i all vissa ein mordar, som den hemnande rettferd ikkje gjev lov til å liva, endå han er berga frå havet.»
5 he then, indeed, having shaken off the beast into the fire, suffered no evil,
Han riste dyret av seg inn i elden og hadde ikkje noko mein av det.
6 and they were expecting him to be about to be inflamed, or to suddenly fall down dead, and they, expecting [it] a long time, and seeing nothing uncommon happening to him, changing [their] minds, said he was a god.
Men dei venta at han skulde trutna upp eller brått siga daud ned. Men då dei hadde venta ei lang stund og såg at det ikkje hende honom noko ilt, slo dei um og sagde at han var ein gud.
7 And in the neighborhood of that place were lands of the principal man of the island, by name Publius, who, having received us, courteously lodged [us for] three days;
Men ikkje langt frå den staden hadde den fyrste mannen på øyi ein gard; mannen heitte Publius, og han tok imot oss og synte oss venleg gjestmildskap i tri dagar.
8 and it came to pass, the father of Publius was lying, oppressed with fevers and dysentery, to whom Paul, having entered and having prayed, having laid [his] hands on him, healed him;
Og det råka so til, at far åt Publius låg hardt sjuk av feber og blodgang. Paulus gjekk inn til honom og bad og lagde henderne på honom og lækte honom.
9 this, therefore, being done, also the others in the island having sicknesses were coming and were healed;
Og då dette hadde hendt seg, kom og dei andre på øyi som hadde sjukdomar, og dei vart lækte.
10 who also honored us with many honors, and we setting sail—they were loading [us] with the things that were necessary.
Dei gjorde og stor æra på oss, og då me for derifrå, førde dei um bord slikt som me kunde trenga til.
11 And after three months, we set sail in a ship (that had wintered in the island) of Alexandria, with the sign Dioscuri,
Då tri månader var lidne, for me derifrå på eit skip frå Aleksandria, som hadde lege vinteren yver ved øyi og hadde Tvillingarne til merke.
12 and having landed at Syracuse, we remained three days,
Og me kom inn til Syrakus og vart verande der i tri dagar.
13 there having gone around, we came to Rhegium, and after one day, a south wind having sprung up, the second [day] we came to Puteoli,
Derifrå siglde me ikring og kom til Regium; og då det vart sunnanvind dagen etter, kom me på tvo dagar til Puteoli.
14 where, having found brothers, we were called on to remain with them seven days, and thus we came to Rome;
Der fann me brør og vart bedne um å drygja sju dagar hjå deim. Og so kom me til Rom.
15 and there, the brothers having heard the things concerning us, came forth to meet us, as far as [the] Forum of Appius, and Three Taverns—whom Paul having seen, having given thanks to God, took courage.
Og då brørne der fekk høyra um oss, gjekk dei ut imot oss til Forum Appii og Tres Tabernæ; då Paulus såg deim, takka han Gud og fekk mod.
16 And when we came to Rome, the centurion delivered up the prisoners to the captain of the barracks, but Paul was permitted to remain by himself, with the soldier guarding him.
Då me so var komne til Rom, gav hovudsmannen fangarne yver til hovdingen for livvakti. Men Paulus fekk lov til å bu for seg sjølv saman med den hermannen som vakta honom.
17 And it came to pass after three days, Paul called together those who are the principal men of the Jews, and they having come together, he said to them: “Men, brothers, I—having done nothing contrary to the people, or to the customs of the fathers—a prisoner from Jerusalem, was delivered up into the hands of the Romans;
Og då tri dagar var gjengne, hende det seg at Paulus kalla saman dei fyrste menner av jødarne der i byen, og då dei var komne saman, sagde han til deim: «Brør! Eg, som ingen ting hev gjort imot vårt folk eller våre fedre-seder, eg er frå Jerusalem yvergjeven som fange i henderne på romarane.
18 who having examined me, were willing to release [me], because of their being no cause of death in me,
Då dei hadde forhøyrt meg, vilde dei lata meg laus, av di det ikkje var nokor daudssak imot meg.
19 and the Jews having spoken against [it], I was constrained to appeal to Caesar—not as having anything to accuse my nation of;
Men då jødarne sette seg imot det, vart eg nøydd til å skjota saki inn for keisaren, men ikkje som um eg hadde noko klaga mitt folk for.
20 for this cause, therefore, I called for you to see and to speak with [you], for because of the hope of Israel I am bound with this chain.”
For den sak skuld hev eg då kalla dykk hit, so eg kunde få sjå dykk og tala med dykk; for det er for Israels von skuld eg ligg i denne lekkja.»
21 And they said to him, “We neither received letters concerning you from Judea, nor did anyone who came of the brothers declare or speak any evil concerning you,
Dei sagde til honom: «Me hev ikkje fenge noko brev um deg frå Judæa, og ikkje hev nokon av brørne heller kome hit og fortalt eller sagt noko vondt um deg.
22 and we think it good from you to hear what you think, for indeed, concerning this sect it is known to us that it is spoken against everywhere”;
Men me finn det rett at du let oss høyra dine tankar; for um denne serflokken er det oss kunnigt at han vert motsagd alle stader.»
23 and having appointed him a day, more of them came to him, to the lodging, to whom he was setting [it] forth, testifying fully the Kingdom of God, persuading them also of the things concerning Jesus, both from the Law of Moses, and the Prophets, from morning until evening,
Då dei hadde fastsett ein dag for honom, kom det ein større flokk til honom der han budde; og han lagde då ut for deim og vitna um Guds rike og søkte å yvertyda deim um Jesus ut av Mose lov og profetarne, frå tidleg um morgonen til seint på kvelden.
24 and some, indeed, were believing the things spoken, and some were not believing.
Og nokre vart yvertydde ved det han sagde, men andre var vantruande.
25 And not being agreed with one another, they were going away, Paul having spoken one word, “The Holy Spirit spoke well through Isaiah the prophet to our fathers,
Dei gjekk frå kvarandre i usemja då Paulus hadde sagt det eine ordet: «Retteleg tala den Heilage Ande til dykkar feder ved profeten Jesaja,
26 saying, Go on to this people and say, With hearing you will hear, and you will not understand, and seeing you will see, and you will not perceive,
då han sagde: «Gakk til dette folket og seg: «De skal høyra og høyra og ikkje skyna, og sjå og sjå og ikkje skilja,
27 for the heart of this people was made obtuse, and with the ears they barely heard, and they closed their eyes, lest they may see with the eyes, and may understand with the heart, and should turn, and I may heal them.
for hjarta i dette folket hev vorte hardt, og dei er tunghøyrde på øyro, og dei let att augo sine, so dei ikkje skal sjå med augo og høyra med øyro og skyna med hjarta og venda um, so eg kunde få lækja deim.»»
28 Be it known, therefore, to you, that the salvation of God was sent to the nations, these also will hear it”;
So vere det då kunnigt for dykk, at denne Guds frelsa er send til heidningarne; hjå deim skal ho og finna øyra.»
29 [[and he having said these things, the Jews went away, having much debate among themselves; ]]
Og då han hadde sagt dette, gjekk jødarne burt og hadde eit kvast ordskifte seg imillom.
30 and Paul remained an entire two years in his own hired [house], and was receiving all those coming in to him,
Han vart då verande heile tvo år i det herbyrget som han hadde leigt seg, og tok imot alle som kom til honom,
31 preaching the Kingdom of God, and teaching the things concerning the Lord Jesus Christ with all boldness—unforbidden.
og han forkynte Guds rike og lærde um Herren Jesus med alt frimod og utan hinder.

< Acts 28 >