< 2 Kings 23 >
1 And the king sends, and they gather all [the] elderly of Judah and Jerusalem to him,
Då sende kongen bod og stemnde saman til seg alle dei øvste i Juda og Jerusalem.
2 and the king goes up to the house of YHWH, and every man of Judah, and all the inhabitants of Jerusalem, with him, and the priests, and the prophets, and all the people, from small to great, and he reads in their ears all the words of the Scroll of the Covenant that is found in the house of YHWH.
Og kongen gjekk upp til Herrens hus, og alle Juda-mennerne og alt Jerusalems folk fylgde honom, og prestarne, og profetarne og heile folket, unge og gamle. Han las upp for deim alt det som stod i paktboki som dei hadde funne i Herrens hus.
3 And the king stands by the pillar, and makes the covenant before YHWH, to walk after YHWH, and to keep His commands, and His testimonies, and His statutes, with all the heart, and with all the soul, to establish the words of this covenant that are written on this scroll, and all the people stand in the covenant.
Kongen steig fram på tramen og gjorde den pakti for Herrens åsyn, at dei skulde fylgja Herren og halda hans bod og fyresegner og lover av alt sitt hjarta og all sin hug, og setja i verk dei paktordi som var skrivne i denne boki. Heile folket gjekk med på pakti.
4 And the king commands Hilkiah the high priest, and the priests of the second order, and the keepers of the threshold, to bring out from the temple of YHWH all the vessels that are made for Ba‘al, and for the Asherah, and for all the host of the heavens, and he burns them at the outside of Jerusalem, in the fields of Kidron, and has carried their ashes to Beth-El.
Sidan baud kongen øvstepresten Hilkia og dei næst-øvste prestarne og dørstokkvakti å få ut or Herrens tempel alle dei gognerne som var laga åt Ba’al og Astarte og heile himmelheren; og dei vart uppbrende utanfor Jerusalem på Kidrons-vollarne, og oska vart bori til Betel.
5 And he has caused to cease the idolatrous priests whom the kings of Judah have appointed (and they make incense in high places, in cities of Judah and outskirts of Jerusalem), and those making incense to Ba‘al, to the sun, and to the moon, and to the twelve signs, and to all the host of the heavens.
Avgudsprestarne som Juda-kongarne hadde sett inn, fekk avskil, dei som hadde brent røykjelse på haugarne i Juda-byarne og ikring Jerusalem, og dei som hadde brent røykjelse for Ba’al, for soli og månen og stjernorne i dyreringen og for heile himmelheren.
6 And he brings out the Asherah from the house of YHWH to the outside of Jerusalem, to the Brook of Kidron, and burns it at the Brook of Kidron, and beats it small to dust, and casts its dust on the grave of the sons of the people.
Astarte-bilætet fekk han ut or Herrens hus, til Kidronsdalen utanfor Jerusalem, og brende det der i Kidronsdalen, mol det til dust, og dusti kasta han på den ålmenne gravstaden.
7 And he breaks down the houses of the whoremongers that [are] in the house of YHWH, where the women are weaving houses for the Asherah.
Han reiv ned utukt-husi i Herrens hus, der som kvende vov tjeld til Astarte.
8 And he brings in all the priests out of the cities of Judah, and defiles the high places where the priests have made incense, from Geba to Beer-Sheba, and has broken down the high places of the gates that [are] at the opening of the Gate of Joshua, head of the city, that [is] on a man’s left hand at the gate of the city;
Han flutte alle prestarne inn frå byarne i Juda; og frå Geba til Be’erseba vanhelga han offerhaugarne der prestarne hadde brent røykjelse. Han reiv ned offerhaugarne ved portarne, den som var utanfor porten åt byhovdingen Josva, og den som var på vinstre sida når ein gjekk inn byporten.
9 only, the priests of the high places do not come up to the altar of YHWH in Jerusalem, but they have eaten unleavened things in the midst of their brothers.
Men hauga-prestarne fekk ikkje stiga upp til Herrens altar i Jerusalem; dei fekk berre vera med når brørne deira åt søtebrød.
10 And he has defiled Topheth that [is] in the Valley of the Son of Hinnom, so that no man causes his son and his daughter to pass over through fire to Molech.
Han vanhelga Tofet i Hinnomssons-dalen, so ingen skulde vigja son eller dotter i elden, til Molok.
11 And he causes to cease the horses that the kings of Judah have given to the sun from the entering in of the house of YHWH, by the chamber of Nathan-Melech the eunuch, that [is] in the outskirts; and he has burned the chariots of the sun with fire.
Han fekk burt dei hestarne som Juda-kongarne hadde sett upp til æra for soli ved inngangen til Herrens hus, ved kammerset til hirdmannen Netan-Melek i Parvarim; og solvognerne brende han upp.
12 And the altars that [are] on the top of the upper chamber of Ahaz, that the kings of Judah made, and the altars that Manasseh made in the two courts of the house of YHWH, the king has broken down, and removes from there, and has cast their dust into the Brook of Kidron.
Altari på taket ved høgeloftet til Ahaz, dei som Juda-kongarne hadde sett upp, og altari som Manasse hadde bygt upp i båe tuni kring Herrens hus, reiv kongen ned, og han smuldra deim og førde deim burt og kasta dusti i Kidronsdalen.
13 And the high places that [are] on the front of Jerusalem, that [are] on the right of the Mount of Corruption, that Solomon king of Israel had built to Ashtoreth, abomination of the Zidonians, and Chemosh, abomination of Moab, and to Milcom, abomination of the sons of Ammon, the king has defiled.
Og kongen vanhelga offerhaugarne aust for Jerusalem på sørsida av Tyningsbjerget, og som Salomo, Israels konge, hadde bygt åt Astarte, styggedomen frå Sidon, og åt Kamos, Moabs styggedom, og åt Milkom, den avstyggjelege guden åt ammonitarne.
14 And he has broken the standing-pillars in pieces, and cuts down the Asherim, and fills their place with bones of men;
Han braut og sund minnesteinarne og hogg ned Astarte-bilæti, og fyllte tufti deira med mannebein.
15 and also the altar that [is] in Beth-El, the high place that Jeroboam son of Nebat made, by which he made Israel sin, both that altar and the high place he has broken down, and burns the high place—he has beat it small to dust, and has burned the Asherah.
Sameleis altaret i Betel, offerhaugen Jerobeam Nebatsson hadde bygt upp, der som han forførde Israel til å synda - ogso det altaret og den haugen reiv han ned; og han brende upp haugen og mol honom til dust, og han brende upp Astarte-bilætet.
16 And Josiah turns, and sees the graves that [are] there on the mountain, and sends and takes the bones out of the graves, and burns [them] on the altar, and defiles it, according to the word of YHWH that the man of God proclaimed, who proclaimed these things.
Då Josia såg seg um og gådde graverne der på fjellet, sende han folk som tok beini ut or graverne, og brende deim upp på altaret, og vanhelga det soleis, etter Herrens ord, som han gudsmannen hadde ropa ut, som ropa at dette skulde henda.
17 And he says, “What [is] this sign that I see?” And the men of the city say to him, “The grave of the man of God who has come from Judah, and proclaims these things that you have done concerning the altar of Beth-El.”
«Kva er det for ein gravstein eg ser her?» spurde han. Bymennene svara honom: «Det er gravi åt den gudsmannen som kom frå Juda og ropa ut yver altaret i Betel at det skulde henda som du no hev sett i verk.»
18 And he says, “Leave him alone, let no man touch his bones”; and they let his bones escape with the bones of the prophet who came out of Samaria.
Då sagde han: «Lat honom kvila i fred! Ingen skal røra beini hans.» Soleis berga dei hans bein, og sameleis beini til profeten som kom frå Samaria.
19 And also all the houses of the high places that [are] in the cities of Samaria, that the kings of Israel made to provoke to anger, Josiah has turned aside, and does to them according to all the deeds that he did in Beth-El.
Dessutan rudde Josia burt alle hauga-husi i Samaria-byarne, som Israels-kongarne hadde bygt til harm for Herren; og han for med deim i alle måtar sameleis som i Betel.
20 And he slays all the priests of the high places who [are] there by the altars, and burns the bones of man on them, and turns back to Jerusalem.
Og han drap ned alle hauga-prestarne der ved altari, og brende mannebein på deim. So snudde han heim att til Jerusalem.
21 And the king commands the whole of the people, saying, “Make a Passover to your God YHWH, as it is written on this scroll of the covenant.”
Kongen gav heile folket det bodet: «Haldt påske for Herren, dykkar Gud, etter fyreskrifterne i denne paktboki!»
22 Surely there has not been made like this Passover from the days of the ones judging who judged Israel, even all the days of the kings of Israel, and of the kings of Judah;
Sovori påskehelg hadde dei ikkje halde frå den tid då domarane styrde Israel, og ut gjenom heile kongetidi i Israel og Juda.
23 but in the eighteenth year of King Josiah, this Passover has been made to YHWH in Jerusalem.
Fyrst i attande styringsåret åt kong Josia heldt dei sovori påskehelg for Herren i Jerusalem.
24 And also, those having familiar spirits, and the wizards, and the teraphim, and the idols, and all the abominations that were seen in the land of Judah, and in Jerusalem, Josiah has put away, in order to establish the words of the Law that are written on the scroll that Hilkiah the priest has found in the house of YHWH.
Josia øydde og ut alle som mana draugar og spåvette, og husgudarne og steingudarne og all styggedomen som hadde synt seg i Judalandet og i Jerusalem. Soleis sette han i verk lov-ordi som var skrivne i den boki presten Hilkia fann i Herrens hus.
25 And like him there has not been before him a king who turned back to YHWH with all his heart, and with all his soul, and with all his might, according to all the Law of Moses, and after him there has none risen like him.
Maken til konge hadde ikkje vore fyre honom; det var ingen som soleis hadde vendt seg til Herren av alt sitt hjarta og all sin hug og all sin styrke etter heile Moselovi; og maken hans kom aldri meir.
26 Only, YHWH has not turned back from the fierceness of His great anger with which His anger burned against Judah, because of all the provocations with which Manasseh provoked him,
Like vel gav ikkje Herren upp den store brennande harmen som hadde loga upp mot Juda for alle dei harmelege synder Manasse hadde harma honom med.
27 and YHWH says, “I also turn Judah aside from my presence, as I turned Israel aside, and I have rejected this city that I have chosen—Jerusalem, and the house of which I said, My Name is there.”
Herren sagde: «Ogso Juda støyter eg burt frå meg, liksom eg støyte Israel burt. Ja, eg vandar denne byen som eg valde ut, Jerusalem og huset som eg sagde um: «Mitt namn skal vera der.»»
28 And the rest of the matters of Josiah and all that he did, are they not written on the scroll of the Chronicles of the Kings of Judah?
Det som elles er å fortelja um Josia og alt det han gjorde, det er uppskrive i krønikeboki åt Juda-kongarne.
29 In his days Pharaoh Necho king of Egypt has come up against the king of Asshur, by the Euphrates River, and King Josiah goes out to meet him, and [Pharaoh Necho] puts him to death in Megiddo when he sees him.
I hans tid drog egyptarkongen Farao Neko upp til elvi Frat mot assyrarkongen. Kong Josia drog imot honom, men han drap honom ved Megiddo, so snart han fekk sjå honom.
30 And his servants cause him to ride dying from Megiddo, and bring him to Jerusalem, and bury him in his own grave, and the people of the land take Jehoahaz son of Josiah, and anoint him, and cause him to reign instead of his father.
Folket hans køyrde liket frå Megiddo til Jerusalem og gravlagde honom i hans eigi grav. Og folket i landet tok Joahaz Josiason og salva honom til konge i staden for faren.
31 Jehoahaz [is] a son of twenty-three years in his reigning, and he has reigned three months in Jerusalem, and the name of his mother [is] Hamutal daughter of Jeremiah of Libnah,
Tri og tjuge år gamall var Joahaz då han vart konge, og tri månader rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Hamutal Jeremiadotter, frå Libna.
32 and he does evil in the eyes of YHWH, according to all that his fathers did,
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans.
33 and Pharaoh Necho binds him in Riblah, in the land of Hamath, from reigning in Jerusalem, and he puts a fine on the land—one hundred talents of silver, and a talent of gold.
Farao Neko fengsla honom i Ribla i Hamatlandet, og gjorde soleis ende på styringi hans i Jerusalem. Han lagde skatt på landet: tvo hundrad og femti våger sylv og tvo og ein halv våg gull.
34 And Pharaoh Necho causes Eliakim son of Josiah to reign instead of his father Josiah, and turns his name to Jehoiakim, and he has taken Jehoahaz away, and he comes to Egypt, and dies there.
Farao Neko gjorde Eljakim Josiason til konge i staden for Josia, far hans, og brigda namnet hans til Jojakim. Men Joahaz tok han med seg til Egyptarland, og der døydde han.
35 And Jehoiakim has given the silver and the gold to Pharaoh; only he valued the land to give the silver by the command of Pharaoh; from each, according to his valuation, he exacted the silver and the gold, from the people of the land, to give to Pharaoh Necho.
Jojakim reidde ut sylvet og gullet til Farao. Men han laut leggja skatt på landet for å reida ut dei pengarne Farao kravde. Etter so som kvar var likna, dreiv han inn sylvet og gullet av landsfolket og reidde det ut til Farao Neko.
36 Jehoiakim [is] a son of twenty-five years in his reigning, and he has reigned eleven years in Jerusalem, and the name of his mother [is] Zebudah daughter of Pedaiah of Rumah,
Fem og tjuge år gamall var Jojakim då han vart konge, og han elleve år rådde han i Jerusalem. Mor hans heitte Zebida Pedajadotter, frå Ruma.
37 and he does evil in the eyes of YHWH, according to all that his fathers did.
Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, plent som federne hans.