< Song of Solomon 4 >

1 Behold, thou art beautiful, my beloved, behold, thou art beautiful: thy dovelike eyes [look forth] from behind thy vail; thy hair is like a flock of goats, that come quietly down from Mount Gil'ad.
«Å, kor du er fager, min hugnad, kor du er fager! Dine augo er duvor, glytter fram attum slør. Ditt hår er ein geiteflokk likt, ned Gilead renn.
2 Thy teeth are like a flock of well-selected sheep, which are come up from the washing, all of which bear twins, and there is not one among them that is deprived of her young.
Dine tenner som nyklypte sauer, nett komne frå laug. Tvillingar alle dei hev, og utan lamb er ingen.
3 Like a thread of scarlet are thy lips, and thy mouth is comely: like the half of a pomegranate is the upper part of thy cheek behind thy vail.
Dine lippor ei purpursnor er, og so ljuv er din munn. Som eit granateple-brot er din tinning glytter fram attum slør.
4 Thy neck is like the tower of David built on terraces, a thousand shields hang-thereon, all the quivers of the mighty men.
Som Davids-tårnet din hals, for stridsfolk bygt; tusund skjoldar på det heng, alle skjoldar åt kjemporne.
5 Thy two breasts are like two fawns, the twins of the roe, that feed among the lilies.
Eit killingpar barmen, tvillingar til ei gasella som beiter millom liljor.
6 Until the day became cool, and the shadows flee away, will I get me to the mountain of myrrh, and to the hill of frankincense.
Til dess dagen vert sval, og skuggarne flyr, til Myrra-berg skrid eg min veg og til røykjelse-haugen.
7 Thou art altogether beautiful, my beloved, and there is no blemish on thee.—
Alt ved deg er fagert, min hugnad, du lytelaus er.»
8 Come with me from Lebanon, O bride, with me from Lebanon: look about from the top of Amanah, from the top of Senir and Chermon, from the lions' dens, from the leopards' mountains.
«Med meg frå Libanon, brur, med meg frå Libanon kom! Stig fram frå Amanas tind, frå Senir og Hermons topp, frå løveheimar og panterfjell.
9 Thou hast ravished my heart, O my sister, [my] bride; thou hast ravished my heart with one of thy eyes, with one chain of thy neck.
Du hev trylt meg, mi syster, mi brur, du trylt meg med eit einaste augnekast, med ei einaste lekk i din halsring.
10 How beautiful are thy caresses, O my sister, [my] bride! how much more pleasant are thy caresses than wine! and the smell of thy fragrant oils more than all spices.
Kor fager er din elskhug, mi syster, mi brur, kor tjuvleg din elskhug framum vin, kor dei angar dine salvar framum balsam all.
11 Of sweet honey drop thy lips, O bride: honey and milk are under thy tongue; and the scent of thy garments is like the scent of Lebanon.
Av honning dryp dine lippor, mi brur, tunga di gøymer honning og mjølk, dine klæde hev ein dåm som frå Libanon sjølv.
12 A locked-up garden is my sister, [my] bride; a locked-up spring, a sealed fountain.
Ein avstengd hage er mi syster, mi brur, ei avstengd olla, ei attsigla kjelda,
13 Thy sprouts are an orchard of pomegranates, with precious fruits, copher and spikenard;
som ein granattre-park skyt du upp med gildaste frukt, med cyper og nardeblom,
14 Spikenard and saffron; calamus and cinnamon, with all the trees of frankincense; myrrh and aloes, with all the chief of spices;
med narde, safran, kalmus, kanel og dåmurt av alle slag, myrra og aloe og dei beste av alle slag kryddor,
15 A garden-spring, a well of living waters, and flowing down from Lebanon.—
som ei hagekjelda, ein brunn med rennande vatn, med tilsig frå Libanon.»
16 Awake, O north wind; and come thou, O south; blow over my garden, that its spices may flow out. Let my friend come into his garden, and eat its precious fruits.—
«Vakna, nordanvind, kom, du sunnanvind, gjenom hagen min blås, so angen fær strøyma, og venen til hagen sin kjem og et si kostelege frukt!»

< Song of Solomon 4 >