< Ezra 8 >

1 And these [are] the heads of their families, the leaders that went up with me in the reign of Arthasastha the king of Babylon.
Dette er dei ættarhovdingar som i Artahsasta si styringstid for med meg heim frå Babel, og soleis ser ættartavlorne deira ut:
2 Of the sons of Phinees; Gerson: of the sons of Ithamar; Daniel: of the sons of David; Attus.
Av Pinhas-sønerne Gersom; av Itamars-sønerne Daniel; av Davids-sønerne Hattus;
3 Of the sons of Sachania, and the sons of Phoros; Zacharias: and with him a company [of] a hundred and fifty.
av Sekanja-sønerne av Paros-sønerne Zakarja, og med honom hundrad og femti karfolk som var uppskrivne i ættartavla;
4 Of the sons of Phaath-Moab; Eliana the son of Saraia, and with him two hundred that were males.
av Pahat-Moabs-sønerne Eljoenai Zerahjason og tvo hundrad karfolk med honom;
5 And of the sons of Zathoes; Sechenias the son of Aziel, and with him three hundred males.
av Sekanja-sønerne Jahasiels son og tri hundrad mann med honom;
6 And of the sons of Adin; Obeth the son of Jonathan, and with him fifty males.
av Adins-sønerne Ebed Jonatansson og femti mann med honom;
7 And of the sons of Elam; Isaeas the son of Athelia, and with him seventy males.
av Elams-sønerne Jesaja Ataljason og sytti mann med honom;
8 And of the sons of Saphatia; Zabadias the son of Michael, and with him eighty males.
av Sefatja-sønerne Zebadja Mikaelsson og åtteti mann med honom;
9 And of the sons of Joab; Abadia the son of Jeiel, and with him two hundred and eighteen males.
av Joabs-sønerne Obadja Jehielsson og tvo hundrad og attan mann med honom;
10 And of the sons of Baani; Selimuth the son of Josephia, and with him a hundred and sixty males.
av Selomits-sønerne Josifjas son og hundrad og seksti mann med honom;
11 And of the sons of Babi; Zacharias the son of Babi, and with him twenty-eight males.
av Bebai-sønerne Zakarja Bebaison og åtte og tjuge mann med honom;
12 And of the sons of Asgad; Joanan the son of Accatan, and with him a hundred and ten males.
av Azgads-sønerne Johanan Hakkatansson og hundrad og ti mann med honom;
13 And of the sons of Adonicam [were the] last, and these [were] their names, Eliphalat, Jeel, and Samaea, and with them sixty males.
av Adonikams-sønerne, dei som kom seinst og heitte Elifelet, Je’uel og Semaja, og seksti mann med deim;
14 And of the sons of Baguae, Uthai, and Zabud, and with him seventy males.
av Bigvai-sønerne Utai og Zabbud og sytti mann med deim.
15 And I gathered them to the river that comes to Evi, and we encamped there three days: and I reviewed the people and the priests, and found none of the sons of Levi there.
Eg samla deim attmed den elvi som renn til Ahava; der låg me i læger i tri dagar. Då eg so såg meir på folket og på prestarne, fann eg ingen av Levi-sønerne der.
16 And I sent men of understanding to Eleazar, to Ariel, to Semeias, and to Alonam, and to Jarib, and to Elnatham, and to Nathan, and to Zacharias, and to Mesollam, and to Joarim, and to Elnathan.
Eg sende då bod etter ættarhovdingarne Eliezer og Ariel, Semaja og Elnatan og Jarib og Elnatan og Natan og Zakarja og Mesullam lærarane Jojarib og Elnatan.
17 And I forwarded them to the rulers with the money of the place, and I put words in their mouth to speak to their brethren the Athinim with the money of the place, that they should bring us singers for the house of our God.
Desse sagde eg fyre at dei skulde fara av stad til Iddo, hovudmannen i Kasifja-bygdi, og eg sagde kva ord dei skulde tala til Iddo og bror hans, tempelsveinarne i Kasifja-bygdi, so dei skulde senda oss tenarar til gudshuset vårt.
18 And they came to us, as the good hand of our God was upon us, even a man of understanding of the sons of Mooli, the son of Levi, the son of Israel, and at the commencement came his sons and his brethren, eighteen.
Og Gud heldt si gode hand yver oss, so dei sende oss ein vitug mann som heitte Serebja, av sønerne åt Mahli, son åt Levi, son åt Israel; han sjølv med søner og brør var attan i talet.
19 And Asebia, and Isaia of the sons of Merari, his brethren and his sons, twenty.
Sameleis sende dei Hasabja i lag med Jesaja av Merari-sønerne; med brørne hans og sønerne deira var det tjuge mann.
20 And of the Nathinim; whom David and the princes had appointed for the service of the Levites [there were] two hundred and twenty Nathinim; all were gathered by [their] names.
Dertil tvo hundrad og tjuge tempelsveinar, alle nemde på namn, av dei tempelsveinarne som David og hovdingarne hans hadde sett til tenarar åt levitarne.
21 And I proclaimed there a fast, at the river Aue, that [we] should humble ourselves before our God, to seek of him a straight way for us, and for our children, and for all our property.
Der ved Ahava-elvi lyste eg til ei fasta, av di med skulde audmykja oss for vår Gud og beda honom um god ferdalukka for oss sjølve og borni våre og all vår eigedom.
22 For I was ashamed to ask of the king a guard and horsemen to save us from the enemy in the way: for we had spoken to the king, saying, The hand of our God [is] upon all that seek him, for good; but his power and his wrath [are] upon all that forsake him.
Eg skjemdest å beda kongen um herhjelp og ridarar til å verja oss mot uvener på vegen; for me hadde sagt til kongen: «Vår Gud held si hand yver alle deim som heldt seg til honom, og let det ganga vel for deim; men hans magt og vreide fell yver deim som gjeng frå honom.»
23 So we fasted, and asked of our God concerning this; and he listened to us.
Me fasta då og bad Gud um hjelp, og han høyrde bøni.
24 And I gave charge to twelve of the chiefs of the priests, to Saraia, to Asabia, and ten of their brethren with them.
Sidan valde eg ut tolv av prestehovdingarne og Serebja og Hasabja og ti av brørne deira.
25 And I weighed to them the silver, and the gold, and the vessels of the first fruits of the house of our God, which the king, and his councillors, and his princes, and all Israel that were found, had dedicated.
Åt desse vog eg upp sylvet og gullet og kjeraldi, det som kongen og rådsmennerne og hovdingarne hans, og alle Israels-mennerne som heldt seg der i landet, hadde gjeve til ei reida åt gudshuset vårt.
26 I even weighed into their hands six hundred and fifty talents of silver, and a hundred silver vessels, and a hundred talents of gold;
Eg vog upp åt deim sekstan hundrad våger sylv, sylvkoppar som vog i alt tvo hundrad og femti våger, og dertil tvo hundrad og femti våger med gull,
27 and twenty golden bowls, [weighing] about a thousand drachmas, and superior vessels of fine shining brass, [precious] as gold.
og umfram dette tjuge gullskålar, til fem tusund dalar, og tvo kjerald av gullblank kopar, dyr som gull.
28 And I said to them, You [are] holy to the Lord; and the vessels [are] holy; and the silver and the gold are free will offerings to the Lord God of our fathers.
Og eg sagde med deim: «De er vigde til Herren, og kjeraldi er vigde; sylvet og gullet er ei friviljug reida til Herren, Gud åt federne dykkar.
29 Be watchful and keep them, until you weigh [them] before the chief priests and the Levites, and the chiefs of families in Jerusalem, at the chambers of the house of the Lord.
Agta no vel på det og gjæt det, til dess de kann vega det ut att i Jerusalem til dei fremste av prestarne og levitarne og ættarhovdingarne hjå Israel, i kovarne i Herrens hus.»
30 So the priests and the Levites took the weight of the silver, and the gold, and the vessels, to bring to Jerusalem into the house of our God.
Dermed tok prestarne og levitarne imot sylvet og gullet og koppar og kjerald som soleis var vege, og skulde føra det fram til Jerusalem til huset åt vår Gud.
31 And we departed from the river of Aue on the twelfth day of the first month, to come to Jerusalem: and the hand of our God was upon us, and delivered us from the hand of the enemy and adversary in the way.
So for me burt frå Ahava-elvi tolvte dagen i den fyrste månaden, og tok vegen til Jerusalem. Vår Guds hand var yver oss, og han berga oss frå uvener og lurarar på vegen.
32 And we came to Jerusalem, and abode there three days.
Me kom til Jerusalem og fekk kvila ut der tri dagar.
33 And it came to pass on the fourth day that we weighed the silver, and the gold, and the vessels, in the house of our God, into the hand of Merimoth the son of Uria the priest; and with him [was] Eleazar the son of Phinees, and with them Jozabad the son of Jesus, and Noadia the son of Banaia, the Levites.
Den fjorde dagen vart sylvet og gullet og koppar og kjerald vege upp gudshuset vårt og gjeve i henderne åt presten Meremot Uriason. Saman med honom var Eleazar Pinhasson og levitarne Jozabad Jesuason og Noadja Binnuison med og tok imot.
34 All things [were reckoned] by number and weight, and the whole weight was written [down].
Det vart alt utgjeve etter tal og vegt, og vegti på alt vart uppskrivi.
35 At that time the children of the banishment that came from the captivity offered whole burnt offerings to the God of Israel, twelve calves for all Israel, ninety-six rams, seventy-seven lambs, twelve goats for a sin-offering; all whole burnt offerings to the Lord.
Dei hertekne som var komne heim att or utlægdi, ofra no brennoffer til Israels Gud. Dei ofra tolv uksar for heile Israel og seks og nitti verar, sju og sytti lamb og tolv syndoffer-bukkar, alt til brennoffer åt Herren.
36 And they gave the king's mandate to the king's lieutenants, and the governors beyond the river: and they honored the people and the house of God.
So gav dei frå seg kongsbodet til dei kongelege satraparne og til jarlarne i landi på hi sida elvi. Desse kom då og med hjelp både til lyden og til Guds hus.

< Ezra 8 >