< Amos 6 >
1 Woe to them [that are] at ease in Zion, and trust in the mountain of Samaria, [which are] named chief of the nations, to whom the house of Israel came!
Ai dykk som sit trygge på Sion, utan sut på Samarias berg, dei fremste i det gjævaste folk, som fær vitjing av Israels hus!
2 Pass ye unto Calneh, and see; and from thence go ye to Hamath the great: then go down to Gath of the Philistines: [be they] better than these kingdoms? or their border greater than your border?
Drag burt til Kalne og sjå, og endå lenger, til Stor-Hamat fram, og stig ned til Gat i Filistarland! Er dei betre enn desse riki? Er deira land større enn dykkar?
3 Ye that put far away the evil day, and cause the seat of violence to come near;
De som vond-dagen set på dør og valdsmannen sessar på stol.
4 That lie upon beds of ivory, and stretch themselves upon their couches, and eat the lambs out of the flock, and the calves out of the midst of the stall;
På filsbeins-sæte dei ligg, og late på pallen dei heng. Av fenaden lambi dei et, og gjødkalv-bingen gjev steik.
5 That chant to the sound of the viol, [and] invent to themselves instruments of musick, like David;
Dei sullar til harpe-slått liksom David dei lagar seg spel.
6 That drink wine in bowls, and anoint themselves with the chief ointments: but they are not grieved for the affliction of Joseph.
Av bollar drikk dei vin, og med dyraste olje seg salvar, dei sturar ikkje for Josefs skade.
7 Therefore now shall they go captive with the first that go captive, and the banquet of them that stretched themselves shall be removed.
Difor skal desse vera fremst i den landlyste flokken, og letings-sullen vert slutt.
8 The Lord GOD hath sworn by himself, saith the LORD the God of hosts, I abhor the excellency of Jacob, and hate his palaces: therefore will I deliver up the city with all that is therein.
Herren, Herren hev svore ved seg sjølv, segjer Herren, allhers Gud: Jakobs høgferd mislikar eg, eg hatar hans slott, og by og bol gjev eg upp.
9 And it shall come to pass, if there remain ten men in one house, that they shall die.
Og um det so berre var tie mann att i eitt einaste hus, dei skal døy.
10 And a man’s uncle shall take him up, and he that burneth him, to bring out the bones out of the house, and shall say unto him that [is] by the sides of the house, [Is there] yet [any] with thee? and he shall say, No. Then shall he say, Hold thy tongue: for we may not make mention of the name of the LORD.
Og frenden og brennaren kjem til å bera beini or huset. Spør han so den som er inst inni huset: «Er det nokon att hjå deg?» Han svarar: «Nei, » so segjer han: «Hyss!» For ikkje må nemnast Herrens namn.
11 For, behold, the LORD commandeth, and he will smite the great house with breaches, and the little house with clefts.
For sjå, Herren byd: det store huset skal skakast i knas, og det vesle til dess at det brest.
12 Shall horses run upon the rock? will [one] plow [there] with oxen? for ye have turned judgment into gall, and the fruit of righteousness into hemlock:
Tru hestarne spring i brattberg ikring, tru uksen på sjøen dreg plogen, sidan de til forgift brigdar retten og vender rettferd til malurt?
13 Ye which rejoice in a thing of nought, which say, Have we not taken to us horns by our own strength?
I heimløyser hev dei si frygd, dei kved: «Var me ikkje hæve, at me hev vunne oss velde?»
14 But, behold, I will raise up against you a nation, O house of Israel, saith the LORD the God of hosts; and they shall afflict you from the entering in of Hemath unto the river of the wilderness.
For sjå, eg reiser imot dykk, Israels hus, eit folk, segjer Herren, allhers Gud. Og det skal dykk slå, frå Hamats grensa til øydemarks å.