< 1 Chronicles 24 >

1 Now [these are] the divisions of the sons of Aaron. The sons of Aaron; Nadab, and Abihu, Eleazar, and Ithamar.
Og Arons-sønerne var skipa i desse skifti: Sønerne åt Aron var Nadab og Abihu, Eleazar og Itamar.
2 But Nadab and Abihu died before their father, and had no children: therefore Eleazar and Ithamar executed the priest’s office.
Men Nadab og Abihu døydde fyre faren, og dei hadde ingi søner, og berre Eleazar og Itamar vart prestar.
3 And David distributed them, both Zadok of the sons of Eleazar, and Ahimelech of the sons of Ithamar, according to their offices in their service.
Og David i lag med Sadok av sønerne åt Eleazar og Ahimelek av sønerne åt Itamar, skifte deim etter deira embætte i tenesta deira.
4 And there were more chief men found of the sons of Eleazar than of the sons of Ithamar; and [thus] were they divided. Among the sons of Eleazar [there were] sixteen chief men of the house of [their] fathers, and eight among the sons of Ithamar according to the house of their fathers.
Dei kom då etter med at det var fleire hovdingar av Eleazars-sønerne enn Itamars-sønerne, og difor skipa dei det so at Eleazars-sønerne fekk sekstan hovdingar for sine ættgreiner, og Itamars-sønerne åtte for sine ættgreiner.
5 Thus were they divided by lot, one sort with another; for the governors of the sanctuary, and governors [of the house] of God, were of the sons of Eleazar, and of the sons of Ithamar.
Og dei skifte deim med strådraging, båe hovudgreinerne; for heilagdoms-fyrstarne og gudsfyrstarne tok dei både av Eleazars-sønerne og Itamars-sønerne.
6 And Shemaiah the son of Nethaneel the scribe, [one] of the Levites, wrote them before the king, and the princes, and Zadok the priest, and Ahimelech the son of Abiathar, and [before] the chief of the fathers of the priests and Levites: one principal household being taken for Eleazar, and [one] taken for Ithamar.
Og Semaja Netanelsson, skrivaren av Levi-ætti, skreiv deim upp medan kongen og hovdingarne og presten Sadok og Ahimelek Abjatarsson og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne såg på; dei tok ut ei ættgrein for Eleazar og so til skiftes for Itamar.
7 Now the first lot came forth to Jehoiarib, the second to Jedaiah,
Fyrste luten fall på Jojarib, den andre på Jedaja,
8 The third to Harim, the fourth to Seorim,
den tridje på Harim, den fjorde på Seorim,
9 The fifth to Malchijah, the sixth to Mijamin,
den femte på Malkia, den sette på Mijamin,
10 The seventh to Hakkoz, the eighth to Abijah,
den sjuande på Hakkos, den åttande på Abia,
11 The ninth to Jeshua, the tenth to Shecaniah,
den niande på Jesua, den tiande på Sekanja,
12 The eleventh to Eliashib, the twelfth to Jakim,
den ellevte på Eljasib, den tolvte på Jakim,
13 The thirteenth to Huppah, the fourteenth to Jeshebeab,
den trettande på Huppa, den fjortande på Jesebab,
14 The fifteenth to Bilgah, the sixteenth to Immer,
den femtande på Bilga, den sekstande på Immer,
15 The seventeenth to Hezir, the eighteenth to Aphses,
den syttande på Hezir, den attande på Happisses,
16 The nineteenth to Pethahiah, the twentieth to Jehezekel,
den nittande på Petahja, den tjugande på Ezekiel,
17 The one and twentieth to Jachin, the two and twentieth to Gamul,
den ein og tjugande på Jakin, den tvo og tjugande på Gamul,
18 The three and twentieth to Delaiah, the four and twentieth to Maaziah.
den tri og tjugande på Delaja og den fire og tjugande på Ma’azja.
19 These [were] the orderings of them in their service to come into the house of the LORD, according to their manner, under Aaron their father, as the LORD God of Israel had commanded him.
Dette vart den skipnaden som dei skulde gjera tenesta si etter, når dei gjekk inn i Herrens hus, so som det var fyresagt deim gjenom Aron, far deira, etter det som Herren, Israels Gud, hadde sagt honom fyre.
20 And the rest of the sons of Levi [were these: ] Of the sons of Amram; Shubael: of the sons of Shubael; Jehdeiah.
Av dei andre Levi-sønerne høyrde Subael til Amrams-sønerne, og Jehdeja var av Subaels-sønerne.
21 Concerning Rehabiah: of the sons of Rehabiah, the first [was] Isshiah.
Av Rehabja-sønerne var Jissia hovdingen;
22 Of the Izharites; Shelomoth: of the sons of Shelomoth; Jahath.
av jisharitarne var det Selomot, og Jahat av Selomots-sønerne.
23 And the sons [of Hebron; ] Jeriah [the first], Amariah the second, Jahaziel the third, Jekameam the fourth.
Og benajitar var Jeria, Amarja, den andre, Jahaziel, den tridje, og Jekamam, den fjorde.
24 [Of] the sons of Uzziel; Michah: of the sons of Michah; Shamir.
Son hans Uzziel var Mika; av sønerne hans Mika var Samur.
25 The brother of Michah [was] Isshiah: of the sons of Isshiah; Zechariah.
Jissia var bror åt Mika; av Jissia-sønerne var Zakarja.
26 The sons of Merari [were] Mahli and Mushi: the sons of Jaaziah; Beno.
Merari-sønerne var Mahli og Musi, søner åt Ja’azia hans son.
27 The sons of Merari by Jaaziah; Beno, and Shoham, and Zaccur, and Ibri.
Søner hans Merari gjenom Ja’azia, son hans, var både Soham, Zakkur og Ibri.
28 Of Mahli [came] Eleazar, who had no sons.
Son åt Mahli var Eleazar; men han hadde ingi søner.
29 Concerning Kish: the son of Kish [was] Jerahmeel.
Av sønerne åt Kis var høyrde Jerahme’el,
30 The sons also of Mushi; Mahli, and Eder, and Jerimoth. These [were] the sons of the Levites after the house of their fathers.
og sønerne åt Musi var Mahli og Eder og Jerimot. Dette var levitsøner etter ættgreinerne deira.
31 These likewise cast lots over against their brethren the sons of Aaron in the presence of David the king, and Zadok, and Ahimelech, and the chief of the fathers of the priests and Levites, even the principal fathers over against their younger brethren.
Dei og dro strå liksom frendarne deira, Arons-sønerne, medan kong David og Sadok og Ahimelek og ættarhovdingarne for prestarne og levitarne var til stades, hovdingen for ætti likso vel som dei yngste frendarne deira.

< 1 Chronicles 24 >