< Psalms 9 >
1 I will praise you, O LORD, with my whole heart; I will show forth all your marvellous works.
Til songmeisteren, etter Mut-labben; ein salme av David. Eg vil lova Herren av alt mitt hjarta, eg vil fortelja um alle dine under.
2 I will be glad and rejoice in you: I will sing praise to your name, O you most High.
Eg vil gleda og fagna meg i deg, eg vil lovsyngja ditt namn, du Høgste!
3 When mine enemies are turned back, they shall fall and perish at your presence.
av di mine fiendar vik attende, dei snåvar og gjeng til grunnar for ditt andlit.
4 For you have maintained my right and my cause; you sat in the throne judging right.
For du hev ført fram min rett og mi sak, du hev sett deg på domstolen som rettferdig domar.
5 You have rebuked the heathen, you have destroyed the wicked, you have put out their name for ever and ever.
Du hev aga heidningarne, øydt ut dei ugudlege, stroke ut deira namn æveleg og alltid.
6 O you enemy, destructions are come to a perpetual end: and you have destroyed cities; their memorial is perished with them.
Fienden er all lagd i øyde til æveleg tid, byarne hev du støytt ned til grunns, deira minne, det hev døytt ut.
7 But the LORD shall endure for ever: he has prepared his throne for judgment.
Men Herren sit som konge til æveleg tid, han hev sett upp sin stol til doms,
8 And he shall judge the world in righteousness, he shall minister judgment to the people in uprightness.
og han dømer jordriket med rettferd, segjer dom yver folkeslag med rettvisa.
9 The LORD also will be a refuge for the oppressed, a refuge in times of trouble.
Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
10 And they that know your name will put their trust in you: for you, LORD, have not forsaken them that seek you.
Og dei som kjenner ditt namn, set si lit til deg; for du forlet ikkje deim som søkjer deg, Herre!
11 Sing praises to the LORD, which dwells in Zion: declare among the people his doings.
Syng lovsong til Herren som bur på Sion! forkynn millom folki hans store gjerningar!
12 When he makes inquisition for blood, he remembers them: he forgets not the cry of the humble.
For han som hemner blod, kjem deim i hug, han gløymer ikkje ropet frå dei arme.
13 Have mercy upon me, O LORD; consider my trouble which I suffer of them that hate me, you that lift me up from the gates of death:
Ver meg nådig, Herre! Sjå kva eg må lida av deim som meg hatar, du som lyfter meg upp frå daudens portar,
14 That I may show forth all your praise in the gates of the daughter of Zion: I will rejoice in your salvation.
so eg kann forkynna all din pris, i portarne åt Sions dotter fagna meg i di frelsa.
15 The heathen are sunk down in the pit that they made: in the net which they hid is their own foot taken.
Heidningarne er sokne i den grav som dei grov; deira fot er fanga i det garnet dei løynde.
16 The LORD is known by the judgment which he executes: the wicked is snared in the work of his own hands. (Higgaion, Selah)
Herren hev gjort seg kjend, han hev halde dom; han fangar den ugudlege i det verk hans eigne hender gjorde. (Higgajon, Sela)
17 The wicked shall be turned into hell, and all the nations that forget God. (Sheol )
Dei ugudlege skal fara burt til helheimen, alle heidningar som gløymer Gud. (Sheol )
18 For the needy shall not always be forgotten: the expectation of the poor shall not perish for ever.
For den fatige vert ikkje gløymd for alltid, dei arme folks von ikkje spillt i all æva.
19 Arise, O LORD; let not man prevail: let the heathen be judged in your sight.
Statt upp, Herre, lat ikkje menneskje få magt, lat heidningarne verta dømde for di åsyn!
20 Put them in fear, O LORD: that the nations may know themselves to be but men. (Selah)
Set rædsla i deim, Herre! Lat heidningarne kjenna at dei er menneskje! (Sela)