< Psalms 56 >
1 Be merciful unto me, O God: for man would swallow me up; he fighting daily oppresses me.
Til songmeisteren, etter «Den mållause duva langt burte»; av David, ein miktam, då filistarane tok honom i Gat. Ver meg nådig, Gud, for menneskje vil sluka meg; heile dagen trengjer dei meg med strid.
2 Mine enemies would daily swallow me up: for they be many that fight against me, O you most High.
Dei vil sluka meg dei som lurar på meg, heile dagen; for mange er dei som i stormod strider imot meg.
3 What time I am afraid, I will trust in you.
Den dagen då eg ottast, set eg mi lit til deg.
4 In God I will praise his word, in God I have put my trust; I will not fear what flesh can do unto me.
Ved Gud skal eg lova hans ord, til Gud set eg lit, eg ottast ikkje, kva skulde kjøt kunna gjera meg?
5 Every day they shift my words: all their thoughts are against me for evil.
Heile dagen rengjer dei mine ord; alle deira tankar er imot meg til det som vondt er.
6 They gather themselves together, they hide themselves, they mark my steps, when they wait for my soul.
Dei slær seg saman, dei lurer, dei vaktar på mine stig, då dei trår etter livet mitt.
7 Shall they escape by iniquity? in your anger cast down the people, O God.
Skulde dei med sin vondskap koma seg undan? Gud, støyt folkeslag ned i vreide!
8 You tell my wanderings: put you my tears into your bottle: are they not in your book?
Du hev talt kor ofte eg hev fare på flugt, mine tåror er gøymde i di flaska; stend dei ikkje i di bok?
9 When I cry unto you, then shall mine enemies turn back: this I know; for God is for me.
Då skal mine fiendar venda attende, den dagen eg ropar; det veit eg, at Gud er med meg.
10 In God will I praise his word: in the LORD will I praise his word.
Ved Gud skal eg lova ordet; ved Herren skal eg lova ordet.
11 In God have I put my trust: I will not be afraid what man can do unto me.
Til Gud set eg lit, eg ottast ikkje; kva kann menneskje gjera meg?
12 Your vows are upon me, O God: I will render praises unto you.
Gud, eg hev lovnader på meg til deg; eg vil løysa deim ut med takkoffer til deg.
13 For you have delivered my soul from death: will not you deliver my feet from falling, that I may walk before God in the light of the living?
For du hev berga mi sjæl frå dauden, ja mine føter frå fall, so eg kann ferdast for Gud i ljoset åt dei livande.