< Psalms 37 >
1 Fret not yourself because of evildoers, neither be you envious against the workers of iniquity.
Av David. Vreidskast ikkje yver illgjerningsmennerne, harmast ikkje yver deim som gjer urett!
2 For they shall soon be cut down like the grass, and wither as the green herb.
For liksom gras vert dei brått avskorne, og som grøne urter visnar dei burt.
3 Trust in the LORD, and do good; so shall you dwell in the land, and verily you shall be fed.
Lit på Herren og gjer det gode, bu i landet og legg vinn på truskap!
4 Delight yourself also in the LORD: and he shall give you the desires of your heart.
Og hugnast i Herren, so skal han gjeva deg det som ditt hjarta ynskjer.
5 Commit your way unto the LORD; trust also in him; and he shall bring it to pass.
Gjev Herren din veg i vald, og lit på honom! Han skal gjera det;
6 And he shall bring forth your righteousness as the light, and your judgment as the noonday.
og han skal lata di rettferd ganga fram som ljoset, og din rett som middagsklåren.
7 Rest in the LORD, and wait patiently for him: fret not yourself because of him who prospers in his way, because of the man who brings wicked devices to pass.
Ver still for Herren og stunda på honom! Vreidast ikkje yver den som hev lukka på sin veg, den mannen som legg upp meinråd!
8 Cease from anger, and forsake wrath: fret not yourself in any way to do evil.
Haldt deg frå vreide, lat harm fara, vreidast ikkje, det er berre til å gjera ilt!
9 For evildoers shall be cut off: but those that wait upon the LORD, they shall inherit the earth.
For illgjerningsmenner skal verta utrudde, men dei som ventar på Herren, dei skal erva landet.
10 For yet a little while, and the wicked shall not be: yea, you shall diligently consider his place, and it shall not be.
Og um ei liti stund er den ugudlege ikkje til, og legg du merke til hans stad, so er han der ikkje.
11 But the meek shall inherit the earth; and shall delight themselves in the abundance of peace.
Men dei spaklyndte skal erva landet og hugnast ved mykjen fred.
12 The wicked plots against the just, and gnashes upon him with his teeth.
Den ugudlege tenkjer upp vondt imot den rettferdige og skjer tenner imot honom.
13 The LORD shall laugh at him: for he sees that his day is coming.
Herren lær åt honom; for han ser at hans dag kjem.
14 The wicked have drawn out the sword, and have bent their bow, to cast down the poor and needy, and to slay such as be of upright conversation.
Dei ugudlege dreg sverdet og spenner sin boge til å fella den arme og fatige og myrda deim som fer ærleg fram.
15 Their sword shall enter into their own heart, and their bows shall be broken.
Deira sverd skal ganga inn i deira eige hjarta, og deira bogar verta brotne sund.
16 A little that a righteous man has is better than the riches of many wicked.
Betre er det vesle den rettferdige hev, enn mykje gods hjå mange ugudlege.
17 For the arms of the wicked shall be broken: but the LORD upholds the righteous.
For armarne vert brotne på dei ugudlege, men Herren styd dei rettferdige.
18 The LORD knows the days of the upright: and their inheritance shall be for ever.
Herren kjenner dei dagar dei ulastande skal liva, og deira arv skal vara til æveleg tid.
19 They shall not be ashamed in the evil time: and in the days of famine they shall be satisfied.
Dei skal ikkje verta til skammar i den vonde tid, og i hungers dagar skal dei verta mette.
20 But the wicked shall perish, and the enemies of the LORD shall be as the fat of lambs: they shall consume; into smoke shall they consume away.
For dei ugudlege skal ganga til grunnar, og Herrens fiendar som blomeskrud på engjar; dei kverv som røyk, kverv burt.
21 The wicked borrows, and pays not again: but the righteous shows mercy, and gives.
Den ugudlege låner og gjev ikkje att, men den rettferdige gjer miskunn og gjev.
22 For such as be blessed of him shall inherit the earth; and they that be cursed of him shall be cut off.
For dei han velsignar, skal erva landet; men dei han forbannar, skal verta utrudde.
23 The steps of a good man are ordered by the LORD: and he delights in his way.
Herren gjer ein manns steg faste, og han hev hugnad i hans veg.
24 Though he fall, he shall not be utterly cast down: for the LORD upholds him with his hand.
Når han fell, vert han ikkje støypt til marki; for Herren styd hans hand.
25 I have been young, and now am old; yet have I not seen the righteous forsaken, nor his seed begging bread.
Eg hev vore ung og vorte gamall, men aldri hev eg set den rettferdige forlaten eller hans born beda um brød.
26 He is ever merciful, and lends; and his seed is blessed.
Heile dagen gjer han miskunn og låner ut, og hans born vert velsigna.
27 Depart from evil, and do good; and dwell for evermore.
Vik frå det vonde og gjer det gode, so vert du æveleg buande i landet.
28 For the LORD loves judgment, and forsakes not his saints; they are preserved for ever: but the seed of the wicked shall be cut off.
For Herren elskar rett og forlet ikkje sine trugne; til æveleg tid vert dei haldne uppe; men avkjøme av ugudlege vert utrudt.
29 The righteous shall inherit the land, and dwell therein for ever.
Dei rettferdige skal erva landet og bu i det til æveleg tid.
30 The mouth of the righteous speaks wisdom, and his tongue talks of judgment.
Rettferdig manns munn andar visdom, og hans tunga taler det som rett er.
31 The law of his God is in his heart; none of his steps shall slide.
Hans Guds lov er i hans hjarta, hans stig er ikkje ustøde.
32 The wicked watches the righteous, and seeks to slay him.
Dei ugudlege lurer på den rettferdige og søkjer å drepa honom.
33 The LORD will not leave him in his hand, nor condemn him when he is judged.
Herren yvergjev honom ikkje i hans hand og fordømer honom ikkje, når han vert dømd.
34 Wait on the LORD, and keep his way, and he shall exalt you to inherit the land: when the wicked are cut off, you shall see it.
Venta på Herren og haldt deg på hans veg! so skal han upphøgja deg til å erva landet; du skal sjå på at dei ugudlege vert utrudde.
35 I have seen the wicked in great power, and spreading himself like a green bay tree.
Eg såg ein ugudleg ovrikjen mann, og han breidde seg ut som eit heimevakse tre med sitt grøne lauv.
36 Yet he passed away, and, lo, he was not: yea, I sought him, but he could not be found.
Men han gjekk burt, og sjå, han var ikkje meir, og eg leita etter honom, men han vart ikkje funnen.
37 Mark the perfect man, and behold the upright: for the end of that man is peace.
Merk deg den ulastande mann, og sjå på den rett-tenkte, at freds mann hev ei framtid.
38 But the transgressors shall be destroyed together: the end of the wicked shall be cut off.
Men dei fråfalne vert alle saman utøydde, framtidi vert avskori for dei ugudlege.
39 But the salvation of the righteous is of the LORD: he is their strength in the time of trouble.
Og frelsa for dei rettferdige kjem frå Herren, deira sterke vern i trengsels tid.
40 And the LORD shall help them, and deliver them: he shall deliver them from the wicked, and save them, because they trust in him.
Og Herren hjelper deim og friar deim ut, han friar deim frå dei ugudlege og frelser deim, for dei flyr til honom.