< Proverbs 31 >

1 The words of king Lemuel, the prophecy that his mother taught him.
Ord av kong Lemuel, profetord som mor hans prenta inn i honom:
2 What, my son? and what, the son of my womb? and what, the son of my vows?
Kva skal eg segja, son min, ja kva, du mitt livs son, ja kva, du min lovnads-son?
3 Give not your strength unto women, nor your ways to that which destroys kings.
Gjev ikkje kvende di kraft, og far ikkje vegar som tynar kongar!
4 It is not for kings, O Lemuel, it is not for kings to drink wine; nor for princes strong drink:
Ei sømer det seg, Lemuel, for kongar, ei kongar sømer det seg å drikka vin, og ei for hovdingar å spyrja etter rusdrykk.
5 Lest they drink, and forget the law, and pervert the judgment of any of the afflicted.
For drikk han, vil han gløyma kva som lov er, og venda retten fyre alle arminger.
6 Give strong drink unto him that is ready to perish, and wine unto those that be of heavy hearts.
Lat han få rusdrykk som er åt å gå til grunns, og han få vin som gjeng med sorg i sjæli.
7 Let him drink, and forget his poverty, and remember his misery no more.
At han kann drikka og si armod gløyma, og ikkje lenger minnast møda si.
8 Open your mouth for the dumb in the cause of all such as are appointed to destruction.
Lat upp din munn for mållaus mann, for alle deira sak som gjeng mot undergang!
9 Open your mouth, judge righteously, and plead the cause of the poor and needy.
Lat upp din munn og rettvist døm, lat armingen og fatigmannen få sin rett!
10 Who can find a virtuous woman? for her price is far above rubies.
Ei dugande kona, kven finn vel ei slik? Høgre stend ho i pris enn perlor.
11 The heart of her husband does safely trust in her, so that he shall have no need of spoil.
Mannsens hjarta lit på henne, og vinning vantar ikkje.
12 She will do him good and not evil all the days of her life.
Ho gjer honom godt og inkje vondt alle sine livedagar.
13 She seeks wool, and flax, and works willingly with her hands.
Ho syter for ull og lin, og henderne strævar med hugnad.
14 She is like the merchants' ships; she brings her food from far.
Ho er som kaupmanna-skip, langt burtantil fær ho si føda.
15 She rises also while it is yet night, and gives food to her household, and a portion to her maidens.
Og uppe er ho i otta, og gjev sin huslyd mat og etlar åt ternone ut.
16 She considers a field, and buys it: with the fruit of her hands she plants a vineyard.
Ho stilar på ein åker og fær han, for det ho med henderne tener ho plantar ein vingard.
17 She girds her loins with strength, and strengthens her arms.
Kraft ho bind seg til belte um livet og gjer sine armar sterke.
18 She perceives that her merchandise is good: her candle goes not out by night.
Ho merkar at hushaldet hennar gjeng godt, då sloknar’kje lampa hennar um natti.
19 She lays her hands to the spindle, and her hands hold the distaff.
Ho retter henderne ut etter rokken, og fingrarne tek til teinen.
20 She stretches out her hand to the poor; yea, she reachs forth her hands to the needy.
Ho opnar handi for armingen, retter ho ut til fatigmannen.
21 She is not afraid of the snow for her household: for all her household are clothed with scarlet.
Ei ræddast ho snø for huset sitt, for alt hennar hus er klædt i skarlaks-ty.
22 She makes herself coverings of tapestry; her clothing is silk and purple.
Ho gjer seg tæpe og klær seg i finaste lin og purpur.
23 Her husband is known in the gates, when he sits among the elders of the land.
Hennar mann er kjend i portarne, der han sit til tings med dei fremste i landet.
24 She makes fine linen, and sells it; and delivers girdles unto the merchant.
Linskjortor gjer ho og sel, og belte gjev ho til kramkaren.
25 Strength and honour are her clothing; and she shall rejoice in time to come.
Kraft og vyrdnad er klædnaden hennar, og ho lær åt dagen som kjem.
26 She opens her mouth with wisdom; and in her tongue is the law of kindness.
Ho let upp munnen med visdom, mild upplæring ho gjev med si tunga.
27 She looks well to the ways of her household, and eats not the bread of idleness.
Koss det gjeng i huset agtar ho på, og ei et ho brød i letingskap.
28 Her children arise up, and call her blessed; her husband also, and he praises her.
Fram stig hennar søner og prisar ho sæl, og mannen syng henne lov:
29 Many daughters have done virtuously, but you excel them all.
«Mange kvende stod høgt i dugleik, men du gjeng yver deim alle.»
30 Favour is deceitful, and beauty is vain: but a woman that fears the LORD, she shall be praised.
Vænleik er fals og fagerskap fåfengd; ei kona som ottast Herren, skal prisast.
31 Give her of the fruit of her hands; and let her own works praise her in the gates.
Lat ho få det ho vann med henderne sine, og pris i portarne av sine verk.

< Proverbs 31 >