< Job 3 >

1 After this opened Job his mouth, and cursed his day.
Då let Job upp munnen og banna fødedagen sin.
2 And Job spoke, and said,
Job tok til ords og sagde:
3 Let the day perish wherein I was born, and the night in which it was said, There is a male child conceived.
«Burt med den dag då eg vart fødd, den natt som sa: «Ein svein er avla!»
4 Let that day be darkness; let not God regard it from above, neither let the light shine upon it.
Må denne dag til myrker verta - burtgløymd av Gud i høge himmel - og inkje ljos på honom skina!
5 Let darkness and the shadow of death stain it; let a cloud dwell upon it; let the blackness of the day terrify it.
Lat svarte myrkret honom eiga og skyer seg kring honom samla! Dagmyrkjingar skal honom skræma
6 As for that night, let darkness seize upon it; let it not be joined unto the days of the year, let it not come into the number of the months.
og myrkret gløypa denne natt! Burt med den natt frå årsens dagar, ho kome ei i månads tal!
7 Lo, let that night be solitary, let no joyful voice come therein.
Ja, aud og tom skal natti verta og ingen fagnad i ho klinga;
8 Let them curse it that curse the day, who are ready to raise up their mourning.
Dagbannarar skal henne banna, dei som kann mana upp Livjatan,
9 Let the stars of the twilight thereof be dark; let it look for light, but have none; neither let it see the dawning of the day:
Og morgonstjernor skal’kje skina; fåfengt ho venta skal på ljoset - augbrunerne av morgonroden -
10 Because it shut not up the doors of my mother's womb, nor hid sorrow from mine eyes.
av di ho ei livsdøri stengde på mor mi, so eg slapp for kval.
11 Why died I not from the womb? why did I not give up the spirit when I came out of the belly?
Kvi døydd’ eg ei i moders liv? Ell’ slokna då eg rett var fødd?
12 Why did the knees prevent me? or why the breasts that I should suck?
Kvi fanst det kne som mot meg tok; og brjost eg kunde suga ved?
13 For now should I have lain still and been quiet, I should have slept: then had I been at rest,
So låg eg still og kvilde no, eg sov og hadde ro og fred
14 With kings and counsellors of the earth, which build desolate places for themselves;
hjå kongar og hjå fyrstar, som til gravstad pyramider bygde,
15 Or with princes that had gold, who filled their houses with silver:
hjå hovdingar som åtte gull og fyllte sine hus med sylv;
16 Or as an hidden untimely birth I had not been; as infants which never saw light.
ell’ ufødd var eg ikkje til, lik born som aldri ljoset såg.
17 There the wicked cease from troubling; and there the weary be at rest.
Der rasar ei dei vonde meir; der kviler dei som trøytte er;
18 There the prisoners rest together; they hear not the voice of the oppressor.
og fangarne er trygge der; dei høyrer ingen drivar meir.
19 The small and great are there; and the servant is free from his master.
Der stor og liten like er, og trælen fri for herren sin.
20 Wherefore is light given to him that is in misery, and life unto the bitter in soul;
Kvi gjev han ljos til den som lid, og liv til deim som gremmer seg,
21 Which long for death, but it comes not; and dig for it more than for hid treasures;
som fåfengt stundar etter dauden, og søkjer han som løynde skatt,
22 Which rejoice exceedingly, and are glad, when they can find the grave?
som gled seg, ja, som jublar høgt, og fegnast når dei finn ei grav -
23 Why is light given to a man whose way is hid, and whom God has hedged in?
til mannen som ei finn sin veg, som Gud set fast og stengjer inne?
24 For my sighing comes before I eat, and my roarings are poured out like the waters.
Min sukk hev vorte daglegt brød, og klaga mi som vatnet strøymar.
25 For the thing which I greatly feared has come upon me, and that which I was afraid of has come unto me.
Meg råkar det eg ottast fyre; det som eg ræddast, hender meg.
26 I was not in safety, neither had I rest, neither was I quiet; yet trouble came.
Snaudt fær eg fred, snaudt fær eg ro, snaudt lindring - so kjem uro att.»

< Job 3 >