< Jeremiah 33 >

1 Moreover the word of the LORD came unto Jeremiah the second time, while he was yet shut up in the court of the prison, saying,
Og Herrens ord kom til Jeremia andre gongen medan han endå sat innestengd i vaktgarden; han sagde:
2 Thus says the LORD the maker thereof, the LORD that formed it, to establish it; the LORD is his name;
So segjer Herren som gjer det, Herren som emnar det til og fullfører det - Herren er namnet hans -:
3 Call unto me, and I will answer you, and show you great and mighty things, which you know not.
Ropa til meg, so skal eg svara deg og kunngjera for deg store og uskynande ting, som du ikkje hev vit på.
4 For thus says the LORD, the God of Israel, concerning the houses of this city, and concerning the houses of the kings of Judah, which are thrown down by the mounts, and by the sword;
For so segjer Herren, Israels Gud, um husi i denne byen og um husi åt Juda-kongen, som er nedrivne til motråd mot umlægringsvollarne og sverdet:
5 They come to fight with the Chaldeans, but it is to fill them with the dead bodies of men, whom I have slain in mine anger and in my fury, and for all whose wickedness I have hid my face from this city.
Dei er komne og vil strida mot kaldæarane, men det vert til å fylla husi med liki av dei menner som eg hev slege i min vreide og harm, og som med sin store vondskap hev valda at eg hev løynt mi åsyn for denne byen.
6 Behold, I will bring it health and cure, and I will cure them, and will reveal unto them the abundance of peace and truth.
Sjå, eg vil koma med helsebot og lækjedom og lækja deim, og eg vil syna deim ei ovnøgd med fred og trygd.
7 And I will cause the captivity of Judah and the captivity of Israel to return, and will build them, as at the first.
Og eg vil gjera ende på Judas utlægd, og Israels utlægd, og eg vil byggja deim som i fyrstningi.
8 And I will cleanse them from all their iniquity, whereby they have sinned against me; and I will pardon all their iniquities, whereby they have sinned, and whereby they have transgressed against me.
Og eg vil reinsa deim for all misgjerningi deira, som dei hev synda mot meg med, og eg vil tilgjeva alle misgjerningarne deira, som dei hev synda mot meg med, og som dei hev forbrote seg mot meg med.
9 And it shall be to me a name of joy, a praise and an honour before all the nations of the earth, which shall hear all the good that I do unto them: and they shall fear and tremble for all the goodness and for all the prosperity that I procure unto it.
Og byen skal vera meg til eit fagnad-namn, til pris og til pryda hjå alle folk på jordi som frettar alt det gode som eg gjer deim, og dei skal skjelva og titra for alt det gode og all den freden som eg der lagar til.
10 Thus says the LORD; Again there shall be heard in this place, which all of you say shall be desolate without man and without beast, even in the cities of Judah, and in the streets of Jerusalem, that are desolate, without man, and without inhabitant, and without beast,
So segjer Herren: På denne staden som de kallar «ein øydestad, utan folk og fe», i Juda-byarne og på Jerusalems-gatorne, som ligg i øyde utan folk og utan ibuarar og utan fe, her skal ein få høyra
11 The voice of joy, and the voice of gladness, the voice of the bridegroom, and the voice of the bride, the voice of them that shall say, Praise the LORD of hosts: for the LORD is good; for his mercy endures for ever: and of them that shall bring the sacrifice of praise into the house of the LORD. For I will cause to return the captivity of the land, as at the first, says the LORD.
fagnadljod og gledeljod, røyst av brudgom og røyst av brur og røysti av deim som segjer: «Prisa Herren, allhers drott, for Herren er god, for æveleg varar hans miskunn, » slike som ber fram takkoffer i Herrens hus. For eg endar utlægdi for landsens lyd, so han vert som i fyrstningi, segjer Herren.
12 Thus says the LORD of hosts; Again in this place, which is desolate without man and without beast, and in all the cities thereof, shall be an habitation of shepherds causing their flocks to lie down.
So segjer Herren, allhers drott: Enn skal på denne staden, som no er aud, utan folk og fe, og i alle byarne her ikring vera hagelende for hyrdingar som der let sauerne roa seg.
13 In the cities of the mountains, in the cities of the vale, and in the cities of the south, and in the land of Benjamin, and in the places about Jerusalem, and in the cities of Judah, shall the flocks pass again under the hands of him that tells them, says the LORD.
I fjellbyarne, i flatlandsbyarne og i Sudlands-byarne og i Benjaminslandet og i umkverven kring Jerusalem og i Juda-byarne, skal sauerne enn renna framum den som tel deim, segjer Herren.
14 Behold, the days come, says the LORD, that I will perform that good thing which I have promised unto the house of Israel and to the house of Judah.
Sjå, det skal koma dagar, segjer Herren, då eg vil gjera sannrøynt det gode ordet som eg hev tala um Israels hus og um Judas hus.
15 In those days, and at that time, will I cause the Branch of righteousness to grow up unto David; and he shall execute judgment and righteousness in the land.
I dei dagarne og i den tidi vil eg lata ein rettferdig renning renna upp for David, og han skal gjera rett og rettferd i landet.
16 In those days shall Judah be saved, and Jerusalem shall dwell safely: and this is the name wherewith she shall be called, The LORD our righteousness.
I dei dagarne skal Juda verta frelst og Jerusalem bu trygt, og dei skal kalla det soleis: «Herren er vår rettferd.»
17 For thus says the LORD; David shall never lack a man to sit upon the throne of the house of Israel;
For so segjer Herren: David skal ikkje vanta ein ettermann som kann sitja på kongsstolen åt Israels hus.
18 Neither shall the priests the Levites lack a man before me to offer burnt offerings, and to kindle food offerings, and to do sacrifice continually.
Og levitprestarne skal aldri vanta ein ettermann framfor mi åsyn som kann ofra brennoffer og grjonoffer og bera fram slagtoffer alle dagar.
19 And the word of the LORD came unto Jeremiah, saying,
Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde:
20 Thus says the LORD; If all of you can break my covenant of the day, and my covenant of the night, and that there should not be day and night in their season;
So segjer Herren: Kann de brjota mi pakt med dagen og mi pakt med natti, so det ikkje vert dag og natt i si rette tid,
21 Then may also my covenant be broken with David my servant, that he should not have a son to reign upon his throne; and with the Levites the priests, my ministers.
då skal og mi pakt med min tenar David verta broti, so han ikkje skal hava ein son til konge på sin stol, og med levitprestarne som tener meg.
22 As the host of heaven cannot be numbered, neither the sand of the sea measured: so will I multiply the seed of David my servant, and the Levites that minister unto me.
Liksom himmelheren ikkje let seg telja, og sanden i havet ikkje let seg mæla, soleis vil eg gjera min tenar Davids ætt til ei ovmengd, og likeins levitarne som tener meg.
23 Moreover the word of the LORD came to Jeremiah, saying,
Og Herrens ord kom til Jeremia; han sagde:
24 Consider you not what this people have spoken, saying, The two families which the LORD has chosen, he has even cast them off? thus they have despised my people, that they should be no more a nation before them.
Hev du ikkje gjeve gaum etter kva dette folket hev tala og sagt: «Båe ættgreinerne som Herren hadde utvalt, hev han støytt frå seg?» Soleis vanvyrder dei folket mitt, som det ikkje lenger var eit folk i deira augo.
25 Thus says the LORD; If my covenant be not with day and night, and if I have not appointed the ordinances of heaven and earth;
So segjer Herren: Hev eg ikkje gjort mi pakt med dag og natt, ikkje gjeve lover for himmel og jord,
26 Then will I cast away the seed of Jacob and David my servant, so that I will not take any of his seed to be rulers over the seed of Abraham, Isaac, and Jacob: for I will cause their captivity to return, and have mercy on them.
då vil eg støyta frå meg ætti åt Jakob og åt min tenar David, so eg ikkje av ætti hans tek styresmenner yver ætti åt Abraham og Isak og Jakob. For eg vil enda utlægdi deira og miskunna deim.

< Jeremiah 33 >