< Psalms 68 >

1 Let God arise, let his enemies be scattered: let them also that hate him flee before him.
Til songmeisteren; av David; ein salme, ein song. Gud reiser seg, hans fiendar vert spreidde, og dei som hatar honom, flyr for hans åsyn.
2 As smoke is driven away, so drive them away: as wax melteth before the fire, so let the wicked perish at the presence of God.
Liksom røyk driv burt, so driv du deim burt; liksom voks brånar for eld, so gjeng dei ugudlege til grunnar for Guds åsyn.
3 But let the righteous be glad; let them rejoice before God: yea, let them exceedingly rejoice.
Og dei rettferdige gled seg, dei fagnar seg for Guds åsyn, dei frygdar seg med gleda.
4 Sing unto God, sing praises to his name: extol him that rideth upon the heavens by his name Yah, and rejoice before him.
Syng for Gud, syng lov for hans namn! Bygg veg for han som fer fram i øydemarker, Jah er namnet hans, og fegnast for hans åsyn!
5 A father of the fatherless, and a judge of the widows, is God in his holy habitation.
Far for farlause og domar for enkjor er Gud i sin heilage bustad.
6 God setteth the solitary in families: he bringeth out those which are bound with chains: but the rebellious dwell in a dry land.
Gud gjev dei einslege hus og heim, han fører fangar ut til lukka; berre dei motstridige bur i turrlende.
7 O God, when thou wentest forth before thy people, when thou didst march through the wilderness; (Selah)
Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki (Sela)
8 The earth shook, the heavens also dropped at the presence of God: even Sinai itself was moved at the presence of God, the God of Israel.
då skalv jordi, ja, himmelen draup for Guds åsyn, Sinai der burte skalv for Guds, Israels Guds, åsyn.
9 Thou, O God, didst send a plentiful rain, whereby thou didst confirm thine inheritance, when it was weary.
Rikelegt regn let du falla, Gud, du styrkte arven din då han var utmødd.
10 Thy congregation hath dwelt therein: thou, O God, hast prepared of thy goodness for the poor.
Ditt folk sette seg ned i landet; Gud, du var god og reidde det til for armingen.
11 The Lord gave the word: great was the company of those that published it.
Herren gjev sigersong; ein stor skare av kvinnor kjem med gledebod.
12 Kings of armies did flee apace: and she that tarried at home divided the spoil.
Kongar yver herar flyr, dei flyr, og ho som sit heime, deiler herfang.
13 Though ye have lien among the pots, yet shall ye be as the wings of a dove covered with silver, and her feathers with yellow gold.
Når de ligg millom felæger, er det som sylvlagde duvevengjer, og vengfjører med grøn gullglima.
14 When the Almighty scattered kings in it, it was white as snow in Salmon.
Når den Allmegtige spreider kongar der, er det som det snøar på Salmon.
15 The hill of God is as the hill of Bashan; an high hill as the hill of Bashan.
Eit Guds fjell er Basans fjell, eit fjell med mange kollar er Basans fjell.
16 Why leap ye, ye high hills? this is the hill which God desireth to dwell in; yea, Yhwh will dwell in it for ever.
Kvifor ser de skakt, de fjell med mange kollar, til det fjellet der Gud tekkjest å bu? Herren skal og bu der for alltid.
17 The chariots of God are twenty thousand, even thousands of angels: the Lord is among them, as in Sinai, in the holy place.
Guds vogner er tvo gonger ti tusund, tusund på tusund, Herren er imillom deim, Sinai er i heilagdomen.
18 Thou hast ascended on high, thou hast led captivity captive: thou hast received gifts for men; yea, for the rebellious also, that Yah God might dwell among them.
Du for upp i det høge, førde fangar burt, tok gåvor millom menneskje, ogso av dei tråssuge, at du kunde bu der, Herre Gud.
19 Blessed be the Lord, who daily loadeth us with benefits, even the God of our salvation. (Selah)
Lova vere Herren dag etter dag! Legg dei byrd på oss, er Gud vår frelsa. (Sela)
20 He that is our God is the God of salvation; and unto Yhwh the Lord belong the issues from death.
Gud er for oss ein Gud til frelsa, og hjå Herren, Herren er det utvegar frå dauden.
21 But God shall wound the head of his enemies, and the hairy scalp of such an one as goeth on still in his trespasses.
Ja, Gud krasar hovudet på sine fiendar, den hærde hovudkruna på honom som ferdast i si syndeskuld.
22 The Lord said, I will bring again from Bashan, I will bring my people again from the depths of the sea:
Herren segjer: «Frå Basan tek eg deim att, eg vil taka deim att frå havsens djup,
23 That thy foot may be dipped in the blood of thine enemies, and the tongue of thy dogs in the same.
so foten din må trakka i blod, tunga åt hundarne dine få sin lut av fiendarne.»
24 They have seen thy goings, O God; even the goings of my God, my King, in the sanctuary.
Dei ser di sigersferd, Gud, sigersferdi der min Gud, min konge, fer inn i heilagdomen.
25 The singers went before, the players on instruments followed after; among them were the damsels playing with timbrels.
Fyre gjeng songarar, etterpå harpespelarar midt imillom møyar som slær på trummor.
26 Bless ye God in the congregations, even the Lord, from the fountain of Israel.
Lova Gud i samlingarne, lova Herren, de som er av Israels kjelda!
27 There is little Benjamin with their ruler, the princes of Judah and their council, the princes of Zebulun, and the princes of Naphtali.
Der er Benjamin, den yngste, som er herre yver deim, hovdingarne av Juda - deira hop, hovdingarne av Sebulon, hovdingarne av Naftali.
28 Thy God hath commanded thy strength: strengthen, O God, that which thou hast wrought for us.
Din Gud hev bode at du skal vera sterk; Gud, styrk det som du hev gjort for oss!
29 Because of thy temple at Jerusalem shall kings bring presents unto thee.
For ditt tempel skuld yver Jerusalem vil kongar føra gåvor til deg.
30 Rebuke the company of spearmen, the multitude of the bulls, with the calves of the people, till every one submit himself with pieces of silver: scatter thou the people that delight in war.
Skjell på dyret i sevet, på stuteflokken og folkekalvarne, so dei kastar seg ned for deg med sylvstykke! Han spreider folk som er huga på strid.
31 Princes shall come out of Egypt; Ethiopia shall soon stretch out her hands unto God.
Velduge menner skal koma frå Egyptarland, Ætiopia skal skunda seg og retta henderne ut til Gud.
32 Sing unto God, ye kingdoms of the earth; O sing praises unto the Lord; (Selah)
De rike på jordi, syng for Gud, syng lov for Herren! (Sela)
33 To him that rideth upon the heavens of heavens, which were of old; lo, he doth send out his voice, and that a mighty voice.
Han som fer fram i dei eldegamle himle-himlar! Sjå, han let si røyst høyra, ei veldug røyst.
34 Ascribe ye strength unto God: his excellency is over Israel, and his strength is in the clouds.
Gjev Gud magt! Yver Israel er hans høgd, og hans magt i dei høge skyer.
35 O God, thou art terrible out of thy holy places: the God of Israel is he that giveth strength and power unto his people. Blessed be God.
Skræmeleg er du, Gud, frå dine heilagdomar; Israels Gud, han gjev folket magt og styrke. Lova vere Gud!

< Psalms 68 >