< Psalms 45 >

1 MY heart is inditing a good matter: I speak of the things which I have made touching the king: my tongue is the pen of a ready writer.
Til songmeisteren, etter «Liljor»; av Korahs born; ein salme til lærdom, ein song um kjærleik. Mitt hjarta fløder yver med yndelege ord; eg kved den song eg hev gjort til ein konge; mi tunga er ein snarhendt skrivars penn.
2 Thou art fairer than the children of men: grace is poured into thy lips: therefore God hath blessed thee for ever.
Du er den fagraste av menneskjeborni, ynde strøymer yver dine lippor; difor hev Gud velsigna deg til æveleg tid.
3 Gird thy sword upon thy thigh, O most mighty, with thy glory and thy majesty.
Gyrd ditt sverd til di lend, du velduge, di høgd og din herlegdom!
4 And in thy majesty ride prosperously because of truth and meekness and righteousness; and thy right hand shall teach thee terrible things.
Og far i din herlegdom fram med siger for sanning og spaklyndt rettferd! Og di høgre hand skal læra deg agelege storverk.
5 Thine arrows are sharp in the heart of the king’s enemies; whereby the people fall under thee.
Din piler er kveste - so folk fell under deg - dei gjeng inn i hjarta på kongens fiendar.
6 Thy throne, O God, is for ever and ever: the sceptre of thy kingdom is a right sceptre.
Din kongsstol, Gud, stend æveleg og alltid, ein kongsstav med rettvisa er kongsstaven i ditt rike.
7 Thou lovest righteousness, and hatest wickedness: therefore God, thy God, hath anointed thee with the oil of gladness above thy fellows.
Du elskar rettferd og hatar gudløysa, difor hev Gud, din Gud, salva deg med fagnads olje framfor dine medbrør.
8 All thy garments smell of myrrh, and aloes, and cassia, out of the ivory palaces, whereby they have made thee glad.
Av myrra og aloe og kassia angar alle dine klæde; frå filsbeinshallar fagnar deg strengleik.
9 Kings’ daughters were among thy honourable women: upon thy right hand did stand the queen in gold of Ophir.
Kongsdøtter er millom dine utvalde; dronningi stend ved di høgre hand i gull frå Ofir.
10 Hearken, O daughter, and consider, and incline thine ear; forget also thine own people, and thy father’s house;
Høyr, dotter, og sjå og bøyg øyra til, og gløym ditt folk og ditt farshus,
11 So shall the king greatly desire thy beauty: for he is thy Lord; and worship thou him.
og lat kongen hava hugnad i din fagerleik! for han er din herre, og du skal hylla honom.
12 And the daughter of Tyre shall be there with a gift; even the rich among the people shall intreat thy favour.
Og Tyrus’ dotter skal søkja ditt ynde med gåvor - dei rikaste av folket.
13 The king’s daughter is all glorious within: her clothing is of wrought gold.
Ovleg prud er kongsdotteri der inne; hennar klædnad er gjenomvoven med gull.
14 She shall be brought unto the king in raiment of needlework: the virgins her companions that follow her shall be brought unto thee.
I utsauma bunad vert ho leidd til kongen; møyar, hennar vener, fylgjer etter henne; dei vert førde inn til deg.
15 With gladness and rejoicing shall they be brought: they shall enter into the king’s palace.
Dei vert leidde fram med gleda og fagnad, dei gjeng inn i kongshalli.
16 Instead of thy fathers shall be thy children, whom thou mayest make princes in all the earth.
I staden for dine feder skal dine søner koma; du skal setja deim til hovdingar utyver heile jordi.
17 I will make thy name to be remembered in all generations: therefore shall the people praise thee for ever and ever.
Eg vil setja ditt namn eit minne millom alle ætter; difor skal folki lova deg æveleg og alltid.

< Psalms 45 >