< Jonah 1 >
1 NOW the word of the Lord came unto Jonah the son of Amittai, saying,
Herrens ord kom til Jona, son åt Amittai; han sagde:
2 Arise, go to Nineveh, that great city, and cry against it; for their wickedness is come up before me.
«Statt upp og gakk til den store byen Nineve, og ropa ut yver honom at vondskapen hans er stigen upp for mi åsyn!»
3 But Jonah rose up to flee unto Tarshish from the presence of the Lord, and went down to Joppa; and he found a ship going to Tarshish: so he paid the fare thereof, and went down into it, to go with them unto Tarshish from the presence of the Lord.
Men Jona stod upp og vilde fly til Tarsis, burt frå Herrens åsyn; og han for ned til Joppe, og fann eit skip som skulde ganga til Tarsis, og han betala ferdapengarne og gjekk um bord og vilde fara med til Tarsis, burt frå Herrens åsyn.
4 But the Lord sent out a great wind into the sea, and there was a mighty tempest in the sea, so that the ship was like to be broken.
Men Herren sende ein sterk vind ut yver havet, og reiste slik ein storm på havet at skipet so nær hadde gjenge under.
5 Then the mariners were afraid, and cried every man unto his god, and cast forth the wares that were in the ship into the sea, to lighten it of them. But Jonah was gone down into the sides of the ship; and he lay, and was fast asleep.
Då vart skipsfolki rædde og ropa kvar til sin gud; og til å letta skipet kasta dei på sjøen alt tarvende som fanst um bord. Men Jona hadde gjenge ned i skipsromet; der låg han og sov fast.
6 So the shipmaster came to him, and said unto him, What meanest thou, O sleeper? arise, call upon thy God, if so be that God will think upon us, that we perish not.
Då gjekk skiperen til honom og sagde: «Korleis kann du sova so fast? Statt upp og ropa til guden din! Kann henda vil den guden tenkja på oss, so me ikkje gjeng under.»
7 And they said every one to his fellow, Come, and let us cast lots, that we may know for whose cause this evil is upon us. So they cast lots, and the lot fell upon Jonah.
Og dei sagde til kvarandre: «Kom, lat oss kasta lut, so me fær vita kven som er skuld i at denne ulukka er komi yver oss!» So kasta dei lut, og luten fall på Jona.
8 Then said they unto him, Tell us, we pray thee, for whose cause this evil is upon us; What is thine occupation? and whence comest thou? what is thy country? and of what people art thou?
Då sagde dei til honom: «Seg kven som er skuld i at denne naudi er komi yver oss! Kva er di ærend, kvar kjem du ifrå? Kva land er du frå, og kva folk er du av?»
9 And he said unto them, I am an Hebrew; and I fear the Lord, the God of heaven, which hath made the sea and the dry land.
Han svara deim: «Hebræar er eg, Herren, himmelens Gud, ottast eg, han som hev skapt havet og det turre land.»
10 Then were the men exceedingly afraid, and said unto him, Why hast thou done this? For the men knew that he fled from the presence of the Lord, because he had told them.
Då vart mennerne ovleg rædde, og dei sagde til honom: «Kor kunde du gjera dette?» For dei skyna av det han fortalde deim at han flydde frå Herrens åsyn.
11 Then said they unto him, What shall we do unto thee, that the sea may be calm unto us? for the sea wrought, and was tempestuous.
Og dei sagde til han: «Kva skal me gjera med deg, so havet kann leggja seg for oss?» For det vart meir og meir upprørt.
12 And he said unto them, Take me up, and cast me forth into the sea; so shall the sea be calm unto you: for I know that for my sake this great tempest is upon you.
Han svara: «Tak meg og kasta meg i havet! so skal det stilna for dykk. For eg veit det er for mi skuld denne store stormen er komen yver dykk.»
13 Nevertheless the men rowed hard to bring it to the land; but they could not: for the sea wrought, and was tempestuous against them.
Mennerne freista no å ro tilbake til lands, men dei magta det ikkje; for sjøen bar meir og meir imot.
14 Wherefore they cried unto the Lord, and said, We beseech thee, O Lord, we beseech thee, let us not perish for this man’s life, and lay not upon us innocent blood: for thou, O Lord, hast done as it pleased thee.
Då ropa dei til Herren og sagde: «Å Herre, lat oss ikkje ganga under, for di denne mannen skal døy, og lat ikkje skuldlaust blod koma yver oss! for du, Herre, hev gjort som du vilde.»
15 So they took up Jonah, and cast him forth into the sea: and the sea ceased from her raging.
Og dei tok Jona og kasta honom i havet, og straks heldt havet upp å rasa.
16 Then the men feared the Lord exceedingly, and offered a sacrifice unto the Lord, and made vows.
Då fekk mennerne fekk stor age for Herren, og dei ofra slagtoffer til honom og gjorde lovnader.
17 Now the Lord had prepared a great fish to swallow up Jonah. And Jonah was in the belly of the fish three days and three nights.
Men Herren sende ein stor fisk, som gløypte Jona; og Jona var i buken åt fisken i tri dagar og tri næter.